Arbeidsgivar med arbeidstakarar i kjeldeskatt på lønn-ordninga
Kjeldeskatt på lønn er ei frivillig skatteordning for utanlandske arbeidstakarar med korte arbeidsopphald i Noreg. Dei fleste utanlandske arbeidstakarar som er nye i Noreg, blir automatisk med i ordninga når dei søkjer om skattekort.
Du får informasjon om at arbeidstakaren er med i kjeldeskatt på lønn-ordninga når du hentar skattekort på arbeidstakaren. Skattekortet er merka med tilleggsopplysninga "Kildeskatt på lønn". Det er viktig å sjekke om skattekortet til arbeidstakaren har denne tilleggsinformasjonen før du rapporterer lønn og skattetrekk.
Dette må du gjere
Når du har ein arbeidstakar i kjeldeskatt på lønn-ordninga, skal du
- fastsetje skattegrunnlaget til arbeidstakaren og berekne skatten
- trekkje skatt etter ein fast prosent alle månadene i året
- rapportere både lønn og skattetrekk i a-meldinga
Du skal berekne kjeldeskatt av all lønn og alle godtgjersler som er skattepliktige for arbeidstakaren.
Sjå korleis du rapporterer kjeldeskatt på lønn i rettleiinga til a-meldinga
Det er du som er ansvarleg for at fastsetjinga og skattetrekket er rett.
Du må rette opp feil
Om du har rapportert feil, må du rette a-meldinga.
Om du ikkje oppfyller forpliktingane dine, kan du bli ansvarleg for skattetrekket.
Slik bereknar du kjeldeskatt
Kjeldeskatt på lønn-ordninga er annleis enn den vanlege skatteordninga på nokre punkt:
- Du skal trekkje kjeldeskatt av alle pendlarutgifter du dekkjer.
- Det er ingen trekkfrie månader eller halv skatt før jul.
- Du skal ikkje redusere trekkgrunnlaget med pensjonsinnskot eller fagforeiningskontingent.
Her får du ei oversikt over kva du skal berekne kjeldeskatt av, og kva som ikkje er skattepliktig for arbeidstakarar i kjeldeskatt på lønn-ordninga.
Du skal berekne kjeldeskatt av
- all lønn og alle godtgjersler for arbeid utført i Noreg (inkludert feriepengar)
- honorar, godtgjersler og liknande ytingar til utanlandske styreleiarar eller utanlandske styremedlemmer i norske selskap
- alle pendlarutgifter du dekkjer for arbeidstakaren
- utgiftsgodtgjersler, refusjonar og naturalytingar som er skattepliktige fordelar for arbeidstakaren
- alle private utgifter du dekkjer for arbeidstakaren
Du skal ikkje berekne kjeldeskatt av
- lønn og godtgjersler for arbeid utført i utlandet
- kostnader du dekkjer som er i direkte samanheng med arbeidet (med mindre dei gir overskot)
Skattesatsar og arbeidsgivaravgift
Du finn informasjon om kva sats du skal bruke i skattekortet til arbeidstakaren. Skattesatsen kan også påverke om du skal berekne arbeidsgivaravgift av lønn og andre godtgjersler.
Skattesats 2025 | Arbeidsgivaravgift |
25 % for arbeidstakarar som er medlem i norsk folketrygd |
Arbeidsgivaren skal betale arbeidsgivaravgift etter dei ordinære reglane. |
17,3 % for arbeidstakarar som ikkje er medlem i norsk folketrygd |
Arbeidsgivaren skal ikkje betale arbeidsgivaravgift. |
22,4 % for arbeidstakarar som berre skal betale helsedelen i norsk folketrygd |
For arbeidstakarar utsende til Noreg frå USA eller Canada skal arbeidsgivaren betale arbeidsgivaravgift etter særskild sats. For andre arbeidstakarar skal arbeidsgivaren betale arbeidsgivaravgift etter dei ordinære reglane. |
Spesielt for deg som
Har de inngått avtale om nettolønn, skal du betale skatten for arbeidstakaren. Det betyr at du skal rekne om nettolønn til bruttolønn ved å bruke skattesatsen i skattekortet og leggje inn tabellnummer "0000" i feltet for oppgrossingstabell når du rapporterer i a-meldinga.
Arbeidstakaren kan velje seg ut av kjeldeskatt på lønn-ordninga og betale ordinær skatt. Hen må sjølv melde seg ut.
Viss du som arbeidsgivar søkjer om skattekort for arbeidstakeren elektronisk via RF-1355, kan du ikkje velje hen ut av ordninga. Arbeidstakaren kan då først velje seg ut når hen har time hos Skatteetaten for ID-kontroll.