Saksbehandlingstider
Vi behandlar førespurnaden eller søknaden din så raskt som mogleg. Skatteetaten får mange førespurnader, og i periodar vil det kunne vere lengre svartid.
Her finn du forventa svartid påførespurnaden eller søknaden din.
Skatt
Privatpersonar og sjølvstendig næringsdrivande
Automatisk godkjenning: straks
Manuell godkjenning: inntil 5 dagar
Aksjeselskap og andre typar selskap
Manuell godkjenning: inntil 3 dagar
Når saka di er behandla, vil du få eit varsel på e-post.
Søknader om skattekort for utanlandske arbeidstakarar tar ofte lengre tid. Dette er mellom anna avhengig av ID-kontroll.
Skattemeldinga blir send ut på ulike dagar i løpet av mars. Vi sender deg ein e-post eller sms når du kan sjekke skattemeldinga di. Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april.
Etter at skattemeldinga di er levert, må Skatteetaten behandle ho. Når skattemeldinga di er ferdig behandla, lagar vi eit skatteoppgjer. Det varierer kor lang tid dette tar. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får igjen (skatt til gode) eller kor mykje du må betale (restskatt).
Dei fleste får skatteoppgjeret i juni. Nokon får det tidlegare, medan andre får det mellom august og november. Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, men du får beskjed.
Saksbehandlingstida varierer, men saker skal normalt vere behandla innan 3 månader.
Skatteoppgjeret blir send i posten.
Saksbehandlingstida kan variere, men saker vil normalt vere behandla innan 3 månader.
Viss vi ikkje har all den informasjonen vi treng, må vi etterspørje informasjon og dokumentasjon. Dette gjer saksbehandlingstida lengre.
Du blir varsla på e-post når oppgjeret ditt er klart. Det blir sendt varsel til e-postadressa som er registrert under kontaktinformasjonen for selskapet i Altinn.
Saksbehandlingstida for førehandsfastsetjing for utanlandske arbeidstakarar varierer mykje for tida, og informasjon om saksbehandlingstid er derfor utilgjengeleg.
Nokre skattemeldingar tar lengre tid å behandle. Du finn døme på årsaker til lengre behandlingstid på Sjå skatteoppgjeret ditt.
Når skattemeldinga di er ferdig behandla og skatteoppgjeret ditt er klart, får du beskjed. Viss du er ein elektronisk brukar, vil du finne skatteoppgjeret i Min skatt. Er du papirbrukar, får du skatteoppgjeret sendt i posten.
Dersom du oppdagar feil eller manglar i skattemeldinga etter at skatteoppgjeret vart klart, kan du sjølv endre tre år tilbake i tid. Er det lengre tilbake i tid så må du klage på vedtaket.
Refundert beløp blir utbetalt til kontonummeret du har registrert hos Skatteetaten.
Du kan sjekke kva kontonummer som er registrert ved å logge inn.
Ekteskap
Automatisk saksbehandling: Straks
Manuell saksbehandling: 4 - 5 veker
Viss saka dykkar blir godkjend automatisk, blir prøvingsattesten til dykk i Altinn med ein gong.
Viss saka må behandlast manuelt, tar det noko lengre tid. Viss vi manglar opplysningar, får de eit brev om dette.
Viss utanlandsk dokumentasjon er send til oss for at vi skal kontrollere om han er ekte, kan saksbehandlingstida vere lengre. Sjå autentisitetskontroll og retur av originale utanlandske dokument.
Når saka di er ferdig behandla, sender vi ekteskapsattesten til Statsforvaltaren eller UD for påføring av apostille eller legalisering. Du får brev frå oss når vi har gjort dette.
Vigsel etter norsk rett (2 veker)
Behandlingstida gjeld frå vi har fått vigselsmeldinga frå vigslaren dykkar. Vi sender ei stadfesting på registrert vigsel til dykk i Altinn.
Viss det manglar noko i vigselsmeldinga, får vigslar og/eller de brev frå oss om dette.
Vigsel etter utanlandsk rett (7 veker)
Viss du sender inn originale dokument for å dokumentere utanlandsk vigsel, vil desse bli kontrollerte før dei blir returnerte til deg. Saksbehandlingstida for vigsel etter utanlandsk rett inkluderer behandlingstida for ekthetskontroll og retur av originale dokument.
Foreldre, barn, namn og fødselsnummer
Vi registrerer farskapet i Folkeregisteret når barnet er fødd og har fått tildelt fødselsnummer.
I nokre tilfelle får du ei stadfesting, men vanlegvis blir farskap stadfesta samtidig med at namnevalet blir registrert. Då får du ikkje tilsendt ei eiga stadfesting på farskap i tillegg.
Viss det er manglar i farskapserklæringa, tar vi kontakt med deg.
Viss du vil sjekke om farskapen er registrert, kan du logge inn på Mi side.
Vi registrerer farskapet i Folkeregisteret når barnet er fødd og har fått tildelt fødselsnummer.
I nokre tilfelle får du ei stadfesting, men vanlegvis blir farskap stadfesta samtidig med at namnevalet blir registrert. Då får du ikkje tilsendt ei eiga stadfesting på farskap i tillegg.
Viss det er manglar i farskapserklæringa, tar vi kontakt med deg.
Viss du vil sjekke om farskapen er registrert, kan du logge inn på Mi side.
Vi sender dykk ei stadfesting viss foreldreansvaret blir endra på bakgrunn av ein avtale om foreldreansvar mellom foreldra.
Vi sender inga stadfesting viss foreldreansvaret blir endra på grunn av ein dom eller eit vedtak hos UDI.
Viss vi manglar dokumentasjon, tar vi kontakt.
Automatisk saksbehandling: Straks
Manuell saksbehandling: 3 veker
For søknader som blir behandla automatisk, blir namnet til barnet registrert med ein gong. Saker som må vurderast av saksbehandlar tar inntil 3 veker.
Når namn og fødselsnummer til barnet er registrert, får du ei stadfesting i innboksen din i Altinn.
Automatisk saksbehandling: Straks
Manuell saksbehandling: 6 veker
For søknader som blir behandla automatisk, blir namneendringa registrert med ein gong. Saker som må vurderast av saksbehandlar tar inntil 6 veker.
Når det nye namnet ditt er registrert, får du ei stadfesting i innboksen din i Altinn.
Viss du har spørsmål om status eller andre ting i saka, må du kontakte passtyresmakta, til dømes ambassaden, der du leverte søknaden om norsk pass.
Når vi har tildelt fødselsnummer, gir vi beskjed til passtyresmakta. Vi sender inga stadfesting direkte til foreldra.
Flytte
Automatisk saksbehandling: Straks
Manuell saksbehandling: 9 veker
Dersom saka di blir godkjend automatisk, blir den nye adressa di registrert med ein gong etter flyttedato.
Viss vi må behandle saka manuelt, tar det noko lengre tid.
Når den nye adressa di er registrert, får du kvittering i innboksen din i Altinn.
Viss du har lagt fram den dokumentasjonen vi treng, kan vi behandle saka raskt. Du kan lese meir om kva for dokumentasjon vi treng i rettleiaren Melding om flytting til Noreg.
Viss vi ikkje har all informasjonen vi treng, må vi etterspørje informasjon og dokumentasjon. Dette gjer saksbehandlingstida lengre. Du får beskjed frå oss viss vi treng noko frå deg.
Du får svar på søknaden som brev i posten. Viss du har fødselsnummer frå før og har elektronisk ID, får du brevet i Altinn.
Vi gjer merksam på at saksbehandlingstida kan vere lengre i nokre tilfelle.
Viss flyttedatoen er fram i tid blir ikkje meldinga behandla før flyttedatoen er nådd. Behandlingstida blir då rekna frå flyttedatoen.
Vraking, vrakplassar, vrakmelding: 2 veker
Vektårsavgift og døgnavgift: 2 veker
Automatisk godkjenning: straks
Manuell godkjenning: 3 veker
Du får svar på søknaden i innboksen til verksemda di i Altinn. Som oftast tar det berre eit par minutt, men av og til treng vi meir informasjon. Då kan det ta inntil 3 veker før du får svar.
Når du har sendt søknaden, mottar du ei kvittering i Altinn. Søknaden om å bli registrert for særavgifter må vere godkjent før de startar aktiviteten dykkar.
Innbetaling og utbetaling
Automatisk godkjenning: straks
Manuell godkjenning: 2-4 veker
Dersom søknaden din blir automatisk godkjent, vil du få registrert kontoen din med ein gong. Viss vi må behandle saka manuelt, tar det noko lengre tid.
Saksbehandlingstida for bindande førehandsuttalar er 4 veker når vi har alle nødvendige opplysningar og rettsgebyret er betalt.
Dokument
Digitale utskrifter blir sende til innboksen din i Altinn.
Vi sender papirutskrifter og attestar til den folkeregistrerte adressa di. Postgangen kjem i tillegg til behandlingstida.
I dei tilfella du har sendt inn originale dokument, vil desse bli kontrollerte før vi returnerer dei til deg.
Sivilstandsattestar knytt til prøving av ekteskap blir ikkje returnerte.
Vi sender dokumenta til folkeregistrert adresse. Dersom den registrerte adressa er feil, vil dokumenta komme tilbake til oss, og vi vil oppbevare dei til du eventuelt ber oss om å sende dokumenta på nytt. Dersom du ikkje etterspør dokumenta innan eitt år, vil dokumenta bli makulerte.
Vi tilrår at du loggar deg på Mi side og sjekkar at du er registrert med korrekt bustadadresse og eventuelt postadresse dersom denne er ein annan enn bustadadressa.
Hugs at du sjølv kan henta ut skattemelding og skatteoppgjer på Mi side.
Selskap: Inntil 6 veker
Privatpersoner og enkeltpersonføretak: 4 – 6 veker
Du får attesten tilsendt i posten.
Du kan sjølv skriva ut kontoutskrifta for verksemda som ei Excel-fil frå «Krav og betaling» på Mi side.
Søknad om utlevering av eigne eller andre sine folkeregisteropplysningar: Inntil 8 veker
Behandlingstida gjeld frå vi mottar søknaden, og du får svaret i innboksen din i Altinn. Svar til utlandet blir sendt per post, og tida for postgang kjem i tillegg.
Søknad om tilgang til folkeregisteropplysningar via rettigheitspakkar: Inntil 2 veker
Du får svar via Altinn. Les meir om rettigheitspakkar for folkeregisteropplysningar.
Andre typar saker
Vi behandlar mange ulike saker, også typar som ikkje er nemnde i lista ovanfor. Vi får mange førespurnader, og derfor kan det ta tid å få svar frå oss. Du kan ringje oss viss du meiner at det har gått altfor lang tid utan at du har fått svar.