Barn som blir fødd i Noreg
Her får du informasjon om korleis barnet ditt blir registrert i Folkeregisteret når barnet er fødd i Noreg. Du kan lese om korleis barnet får fødselsnummer, statsborgarskap og namn, og om foreldreansvar.
Fødsel med jordmor eller lege til stades
Jordmor eller lege sender fødselsmeldinga til Skatteetaten.
Fødsel utan jordmor eller lege til stades
Mor må sjølv melde frå om fødselen innan éin månad etter fødselen.
For å melde inn fødselen, må du bestille time og møte opp på eit skattekontor. Her vil du få eit skjema som du skal fylle ut.
Hugs å ta med gyldig legitimasjon for deg sjølv, og dokumentasjon på relasjonen din til barnet. Slik dokumentasjon kan vere helsekort for gravide.
Viss Skatteetaten ikkje kan registrere fødselen
Viss vi er usikre på relasjonen mellom mora og barnet, vil vi sende saka til Nav for behandling. Vi vil gi deg beskjed viss vi sender saka di til Nav.
Når vi godkjenner fødselsmeldinga, vil barnet bli tildelt eit fødselsnummer. Fødselsnummeret inneheld 11 siffer og blir brukt til å identifisere personar.
Vi sender ikkje stadfesting til foreldre på tildelt fødselsnummer, men de kan sjå kva opplysningar vi har registrert om barnet ved å logge inn.
Farskap
Viss mor er registrert som gift med barnet sin far når barnet blir fødd, treng de ikkje å gjere noko. Mannen vil automatisk bli registrert som far til barnet.
Om mor ikkje er registrert som gift i Folkeregisteret, må de sende oss dokumentasjon på vigselen.
Viss mor og far er registrerte som separerte eller ikkje gifte, må far erklære farskapet.
Viss mor er gift med ein annan mann enn far til barnet, må de ta kontakt med Nav for å endre farskapen.
Medmorskap
Viss barnet er unnfanga ved assistert befruktning, og mor sin sambuar eller ektefelle er ei kvinne, kan de søkje om medmorskap.
Viss barnet ikkje er unnfanga ved assistert befruktning, kan mor sin kvinnelege sambuar eller ektefelle søkje om stebarnsadopsjon.
Viss mor har fått barn ved hjelp av donor åleine
Du treng ikkje å gjere noko hos Skatteetaten. Les meir om kva du må gjere hos Nav.
Når barnet er registrert med foreldre i Folkeregisteret, registrerer vi kva statsborgarskap barnet har og kven som har foreldreansvaret.
Statsborgarskap
Viss mor, far eller medmor er norsk statsborgar når barnet blir fødd, vil barnet automatisk bli registrert som norsk statsborgar.
Dersom mor er registrert i Folkeregisteret med ein annan statsborgarskap enn norsk når barnet blir fødd, vil barnet automatisk bli registrert med den same statsborgarskapen som mor.
Viss mor har ein annan statsborgarskap enn norsk, men far eller medmor er norsk statsborgar, vil barnet bli registrert med både norsk statsborgarskap og mor sin statsborgarskap.
Registrere annan eller flerie statsborgarskap
Viss barnet skal registrerast med ein annan eller fleire statsborgarskap enn foreldra sine, må du dokumentere dette. Du kan finne meir informasjon om statsborgarskap her.
Foreldreansvar
Alle barn fødd frå og med 1. januar 2020 får i utgangspunktet registrert foreldre med felles foreldreansvar. Dette gjeld både barn som har gifte foreldre, foreldre som bur saman og foreldre som ikkje bur saman.
Viss mor ønskjer foredreansvaret åleine
Foreldre som ikkje er gifte eller bur saman, kan innan eitt år etter at farskapen vart fastsett, melde frå til Folkeregisteret om at mor ønskjer foreldreansvaret åleine. Det må gjerast med skjemaet Melding om foreldreansvar til mor åleine (PDF).
Dersom far likevel ønskjer foreldreansvaret, kan han leggje saka fram for retten. Retten vil ta ei avgjerd ut frå ei vurdering av barnets beste. Du kan lesa meir om reglane for dette hos Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Foreldre som flyttar frå kvarandre
Foreldre som flyttar frå kvarandre, vil framleis stå registrerte med felles foreldreansvar. Dei kan endre foreldreansvaret til at ein av foreldra skal ha foreldreansvaret åleine ved å inngå ein avtale om foreldreansvar. Foreldreansvaret kan også endrast etter ei rettsleg avgjerd.
Gifte
Foreldre som er gifte når barnet blir fødd, får automatisk felles foreldreansvar.
Sambuarar
Foreldre som har same adresse i Folkeregisteret når far signerer erklæring om farskap, har automatisk felles foreldreansvar viss barnet er fødd etter 01.01.2006.
Ikkje sambuarar
Når foreldra ikkje bur saman, har mor foreldreansvaret åleine. Det er adressa foreldra har når far signerer erklæring om farskap som tel.
Når barnet har fått eit fødselsnummer, sender Skatteetaten ein førespurnad til den eller dei som har foreldreansvaret om å velje eit namn til barnet.
Viss foreldreansvaret for barnet er felles og melding om namneval er send inn av berre éin forelder, må den andre forelderen godkjenne namnet.
Den andre forelderen kan godkjenne namnevalet ved å logge inn.
Når namnet til barnet er registrert i Folkeregisteret, vil den eller dei med foreldreansvar få ei stadfesting på barnet sitt namn og fødselsnummer.
Du kan sjå kva opplysningar vi har registrert om deg og barn du har foreldreansvar for ved å logge inn.
Viss mor ikkje er busett i Noreg
Viss mor ikkje er registrert som busett i Noreg når barnet blir fødd, vil vi også registrere barnet som ikkje busett i Noreg.
Dersom far eller medmor er registrert som busett i Noreg, og foreldreskapen er registrert i Folkeregisteret, kan vi vurdere å registrere barnet som busett på far eller medmor si adresse.
Når barnet er registrert som fødd i Noreg og mor er busett i utlandet, vil vi registrere foreldreansvaret som «ukjent». Viss du ikkje har fått skjema for å melde inn barnet sitt namn, kan du ta kontakt med oss, så sender vi skjemaet til deg.
Registrere barnet som busett i Noreg
Viss du ønskjer at barnet skal bli registrert som busett i Noreg, må du melde innflytting for barnet og barnet må oppfylle krava for busetjing. Les om flytting her.
Rettskjelder
- Fødselsmelding, foreldreansvar og kven som er foreldre til barnet: Barnelova kapittel 1 og 2
- Om kva vi registrerer i Folkeregisteret: Folkeregisterlova og forskrifta til Folkeregisterlova