Farskap
Dersom de (mann og kvinne) er gifte når barnet blir fødd, blir mannen automatisk rekna som faren til barnet. Dersom de er separerte eller ugifte, må faren erklære farskapen.
Dersom de er separerte eller ugifte, kan faren til barnet erklære farskapen under svangerskapet, i samband med fødselen eller etter fødselen.
Det er Skatteetaten som får og behandlar erklæringar om farskap.
Slik erklærer du farskap
Digitalt
Farskap kan erklærast digitalt ved at begge foreldra identifiserer seg elektronisk på ein sikker måte og signerer ei digital erklæring. Du må oppfylle visse krav for å kunne erklære farskapen digitalt, desse finn du på nettsidene til Nav.
Ved å møte opp fysisk
Far kan erklære farskapen ved å møte opp fysisk
- på skattekontoret, men du må bestille tid på førehand
- på eit Nav-kontor
- hos ein dommar i tingretten
- hos jordmor eller lege under svangerskapet og i samband med fødselen
- hos ein utsend utanrikstenestemann, dersom faren er i utlandet
Hugs å ta med gyldig legitimasjon.
Dersom han som har erklært farskapen ikkje er oppgitt som faren i fødselsmeldinga, må mor godkjenne farskapen.