Foreldreansvar

Foreldreansvar er plikta og retten du har til å ta avgjerder på vegner av barnet ditt i personlege tilhøve. Personar som har felles foreldreansvar, må vere samde i viktige avgjerder om barnet.

Endre foreldreansvar

Elektronisk

Det går raskast å endre foreldreansvaret elektronisk. 

Du må vere registrert som forelder med foreldreansvar for barnet i Folkeregisteret for å kunne endre foreldreansvaret elektronisk. Har du ikkje foreldreansvar, kan du be den som har det om å opprette ei elektronisk endring som du så kan signere.

På papir

Viss du ikkje har høve til å endre foreldreansvar elektronisk, kan du bruke papirskjemaet:

Last ned papirskjemaet Avtale om foreldreansvar (regjeringa.no)

For at vi skal kunne registrere ein avtale om foreldreansvar, må

  • barnet vere busett i Noreg
  • begge foreldra skrive under på den same avtalen
  • begge foreldra vere registrerte som foreldre i Folkeregisteret
  • du sende eller levere inn den originale avtalen (ikkje ein kopi)
  • du leggje ved kopi av gyldig legitimasjon for begge foreldra

 

Last ned papirskjemaet melding om foreldreansvar til mor åleine (PDF)

For at vi skal kunne registrere foreldreansvar må

  • barnet vere fødd og busett i Noreg
  • farskapen vere fastsett for mindre enn eitt år sidan
  • mor eller far ha signert meldinga
  • du sende eller levere inn den originale avtalen (ikkje ein kopi)
  • du leggje ved kopi av gyldig legitimasjon

 

Dette kan du gjere når du har foreldreansvar

Når du har foreldreansvar, kan du ta avgjerder på vegner av barnet ditt. Du kan mellom anna

Når du har foreldreansvar for barnet, kan du også bestille attestar og utskrifter om barnet.

Viss du er forelder, men ikkje har foreldreansvar

Viss du ikkje har foreldreansvar, men er forelder til barnet, kan du bestille attestar eller opplysningar om barnet ved å sende ein grunngitt skriftleg førespurnad til Skatteetaten. Vi har ikkje lov til å fortelje deg kven som har foreldreansvaret for barnet.

Viss du er usikker på om du er registrert med foreldreansvar i Folkeregisteret, kan du sjekke det ved å logge inn på Mi side.

Slik blir foreldreansvar registrert

Alle barn fødd frå og med 1. januar 2020 får i utgangspunktet registrert foreldre med felles foreldreansvar. Dette gjeld både barn som har gifte foreldre, foreldre som bur saman og foreldre som ikkje bur saman.

Viss mor ønskjer foredreansvaret åleine

Foreldre som ikkje er gifte eller bur saman, kan innan eitt år etter at farskapen vart fastsett, melde frå til Folkeregisteret om at mor ønskjer foreldreansvaret åleine. Det må gjerast med skjemaet Melding om foreldreansvar til mor åleine (PDF).

Dersom far likevel ønskjer foreldreansvaret, kan han leggje saka fram for retten. Retten vil ta ei avgjerd ut frå ei vurdering av barnets beste. Du kan lesa meir om reglane for dette hos Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Foreldre som flyttar frå kvarandre

Foreldre som flyttar frå kvarandre, vil framleis stå registrerte med felles foreldreansvar. Dei kan endre foreldreansvaret til at ein av foreldra skal ha foreldreansvaret åleine ved å inngå ein avtale om foreldreansvar. Foreldreansvaret kan også endrast etter ei rettsleg avgjerd.

Gifte

Foreldre som er gifte når barnet blir fødd, får automatisk felles foreldreansvar.

Sambuarar

Foreldre som har same adresse i Folkeregisteret når far signerer erklæring om farskap, har automatisk felles foreldreansvar viss barnet er fødd etter 01.01.2006.

Ikkje sambuarar

Når foreldra ikkje bur saman, har mor foreldreansvaret åleine. Det er adressa foreldra har når far signerer erklæring om farskap som tel.

For barn som er fødde i utlandet, gjeld andre reglar.

Sjå foreldreansvar for barn fødd i utlandet.