Frikort – bestille og fordele mellom arbeidsgivarar

Viss du tener 100 000 kroner (70 000 i 2024) eller mindre i løpet av året, skal du ikkje betale skatt.

Dette er frikort

Om du er 13 år eller eldre, får du automatisk frikort. Du får ikkje frikortet sendt til deg, det må arbeidsgivaren din hente. 

Har du frikort no? Om du trur du kjem til å tene meir enn 100 000 kroner i løpet av året, er det viktig at du bestiller skattekort, så slepp du å betale 50 prosent skatt.

Om du har frikort og meir enn éin arbeidsgivar må du hugse å fordele frikortbeløpet.

Vel kva du vil gjere

  • Kortet er berre tilgjengeleg elektronisk. 
  • Du må logge deg inn med elektronisk ID.
  • Foreldre kan ikkje bestille frikort på vegner av barna sine.
  • Frikortordningen gjeld berre for deg som har opphald i Noreg heile året.

Veit du at du ikkje vil tene meir enn frikortbeløpet der du jobbar no, kan du fordele til dømes 40 000 til den arbeidsgivaren. Då vil 60 000 automatisk bli fordelte til neste arbeidsgivar som hentar frikortet ditt. Du kan når som helst logge deg inn og fordele på nytt om du ser at ting endrar seg.

Når du fordeler frikortbeløpet på fleire arbeidsgivarar, bør du følgje med og sjekke at du ikkje får meir i løn enn beløpet du har fordelt på kvar av dei. Om du overstig beløpet hos ein arbeidsgivar, må dei trekkje 50 prosent skatt av løna di, sjølv om du totalt ikkje har tent meir enn 100 000 kroner det året.

  • Logg inn i frikortet ditt.
  • Finn namnet på arbeidsgivaren du skal jobbe hos i lista. Om du ikkje ser arbeidsgivaren i lista, må du be dei om å hente frikortet.
  • Skriv inn beløpet du planlegg å tene i ruta som høyrer til rett Har du ikkje har fordelt 100 000 kroner til saman på ein eller fleire arbeidsgivarar, kan du sjå i oppsummeringa kor mykje du har igjen. Dette beløpet blir automatisk fordelt til neste arbeidsgivar som hentar frikortet ditt.
  • Trykk på send inn.

Hugs at du ikkje kan fordele eit lågare beløp enn det du allereie har tent hos kvar arbeidsgivar.

Du kan fordele frikortbeløpet fleire gonger i løpet av året, til dømes om du får ein ny jobb eller du jobbar meir på éin stad enn du hadde planlagt.

Om du ser at du kjem til å tene meir enn 100 000 kroner til saman i løpet av året, må du bestille eit skattekort. Har du først hatt frikort og har tent noko utan å trekkje skatt, blir det beløpet du allereie har tent tatt med i grunnlaget for berekninga av skattekortet. Den totale skatten du betaler blir den same, anten du først har hatt frikort eller ikkje.

Logg inn. Hugs at du må først bestille frikortet før du kan dele det.

Del frikortet på fleire arbeidsgivarar

Du kan også:

Spesielt for deg som er:

Barn under 13 år kan tene inntil 10 000 kroner skattefritt i løpet av eit inntektsår.

Arbeidsgivar må søkje om førehandssamtykke frå Arbeidstilsynet, og det er føresette som må bestille frikort eller skattekort.