Utføre forskotstrekk
I Noreg må alle arbeidstakarar betale skatt samstundes som lønna blir tent opp og utbetalt. Det er di plikt som arbeidsgivar å utføre forskotstrekk før lønna blir utbetalt.
Skattetrekkskontoen er avvikla
Frå 2026 skal du betale forskottstrekk og utleggstrekk direkte til Skatteetaten, seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga.
Hvis du har pengar igjen på skattetrekkskontoen kan du bruke desse til å betale forskotstrekk i 2026. Du kan overføre pengane frå skattetrekkskontoen til Skatteetaten. Sjå kontonummer for å betale inn.
Pliktene du som arbeidsgivar har til å utføre forskotstrekk, kan oppsummerast i 6 punkt:
- Du må hente skattekort for den tilsette elektronisk frå Skatteetaten. Har du fått beskjed frå Skatteetaten om at arbeidstakaren ikkje har skattekort?
- Du må rekne ut utrekningsgrunnlaget.
- Bruk skattekortet på utrekningsgrunnlaget for å finne rett forskotstrekk.
- Sørg for at skattekortopplysningane er oppdaterte før kvar lønnskøyring.
- Ved kvar lønnskøyring må du gjere eit forskottstrekk i bruttolønna til den tilsette. Du må overføre forskottstrekket til Skatteetaten seinest første yrkedag etter lønnskøyringa.
-
Du må dokumentere forskotstrekket for den tilsette.
Du kan søkje om utsett frist for innbetaling av forskottstrekk
Når dei tilsette jobbar i fleire land
I nokre heilt spesielle tilfelle kan det vere vanskeleg å vite kor mykje av lønna som er trekkpliktig til Noreg når lønna blir utbetalt. Då kan arbeidsgivarar søkje om å utsetje forfallsdatoen for forskottstrekket til den 5. i månaden etter.
Føresetnaden for å søkje er at det er ei reell usikkerheit knytt til trekkplikta, og at dette kan dokumenterast.
Arbeidsgivarar som kan søkje om utsett frist
Dette kan vere aktuelt for arbeidsgivarar har tilsette som jobbar i fleire land i løpet av ein månad. Det er også ein føresetnad at det ikkje er klarlagt kor mange dagar den tilsette jobbar i dei ulike landa på tidspunktet for lønnsutbetalinga.
Ordninga er i utgangspunktet ikkje aktuell for arbeidsgivarar
- som betaler lønn på etterskott
- som kan bruke arbeidsplanar, turnus eller rotasjonsordningar for å fastslå trekkplikta til Noreg
- der usikkerheita knytt til forskottstrekket gjeld mindre enn 10 prosent av dei tilsette med innrapportert forskottstrekk til Noreg. Vi ventar at arbeidsgivaren i desse tilfella kan korrigere forskottstrekket i staden for at vi gir eit generelt unntak. Vi vurderer søknader per organisasjonsnummer.
Kva gjer du dersom arbeidstakar ønskjer å trekkje meir skatt enn det skattekortet viser?
Arbeidstakaren treng ikkje nytt skattekort. Arbeidstakar kan kontakte lønskontoret/deg som arbeidsgivar, eventuelt NAV/pensjonsutbetalar, og be om å bli trekt meir i skatt.
Skattebetalingslova (kap. 5 § 5-5, 2. ledd) gjer arbeidsgivaren pliktig å trekkje meir skatt viss arbeidstakaren ber om det.
Nyttige verktøy for deg som skal rekne ut korrekt forskotstrekk og betale inn skatt
- Slik trekkjer du rett skatt – Trinnvis rettleiing for forskotstrekk
- Slik reknar du ut grunnlaget for forskotstrekk
- Tabelltrekk for skattekort
Her finn du ein elektronisk versjon av trekktabellane. Trekktabellane viser kor mykje skatt arbeidsgivar skal trekkje dersom du har eit skattekort som viser ein tabell. - Oversikt over tabelltrinnene for trekktabellar (frå 2025)
- Oversikt over tabelltrinnene for trekktabellar (frå 2020 til 2024)
- Trekktabellar for lønnssystem (i tekstformat)
Arbeidsgivarar kan nytte tabellane ved test av skattetrekk i lønnssystem. - Lag KID-nummer for innbetaling av skatt og arbeidsgivaravgift.
- Kontonummer for innbetaling