Om trekk i lønn hos tilsett
Som arbeidsgivar kan du få beskjed om å trekkje ein tilsett i lønn, også feriepengar, for å dekkje eit ubetalt krav som den tilsette har. Dette blir også kalla utleggstrekk.
Gjeld dette deg?
Dette gjeld deg som har arbeidsgivaransvar. Det kan også gjelde deg som er oppdragsgivar.
Når skal du gjennomføre utleggstrekk
Du får informasjon om du skal trekkje ein tilsett i lønn og feriepengar, også kalla utleggstrekk.
Du vil få informasjon om korleis du gjennomfører og betaler inn utleggstrekket i kvart enkelt tilfelle.
Det er viktig at du som arbeidsgivar gjennomfører og betaler utleggstrekket slik du får beskjed om, så ikkje verksemda di blir ansvarleg for trekkbeløpet.
Som arbeidsgivar pliktar du å gjennomføre utleggstrekket, uavhengig av samtykke frå den tilsette.
Gradvis overgang til nye ordningar frå 2026
Moderniseringa av statleg innkrevjing og ny innkrevjingslov frå 2026 inneber ein gradvis overgang frå gamle til nye ordningar i perioden 2020–2029.
Det betyr at du som arbeidsgivar kan ha enkelte tilsette med trekk etter gammal ordning og andre tilsette med trekk etter ny ordning samtidig. Du må derfor kunne handtere begge ordningane parallelt i denne perioden.
Trekk etter gammal ordning
Utleggstrekk som er etablert etter regelverket og ordningane som gjaldt i 2025, skal gå ut trekkperioden eller til du får melding om å stoppe trekket.
Så lenge den tilsette ikkje er omfatta av den nye ordninga med eitt, samordna trekk, skal alle trekk for denne tilsette behandlast som i 2025, altså etter gammal ordning. Det gjeld også oppstart av nye trekk som ligg på vent på framtidig dato.
Utleggstrekk etter gammal ordning inneber at innbetalinga skjer på ulike måtar for ulike kravtypar.
Krav om skatt og arbeidsgivaravgift – eigne tilsette
Dei vanlegaste skattekrava er restskatt og forskottsskatt.
Utleggstrekk for desse krava mot lønnsmottakarar skal betalast inn første arbeidsdag etter lønnsutbetaling og rapporterast i a-meldinga.
Betalingsinformasjon for skattar og avgifter
Meir om utleggstrekk i a-meldinga
Krav om skatt og arbeidsgivaravgift – sjølvstendige næringsdrivande som jobbar for verksemda
Dei vanlegaste skattekrava er restskatt og forskottsskatt.
Utleggstrekk for desse krava mot sjølvstendig næringsdrivande skal rapporterast i oppgjerslister.
Betalingsinformasjonen vil stå i oppgjerslista som arbeidsgivaren får tilsendt.
Hent oppgjersliste for utleggstrekk (skatt)
Andre avgiftskrav – som mva., særavgifter og toll
Utleggstrekk for å dekkje avgiftskrav som meirverdiavgift (mva), særavgifter, toll og så vidare skal ikkje rapporterast i a-meldinga.
Du vil få informasjon frå oss om KID- og kontonummeret du skal bruke.
KID- og kontonummer for å betale skattar og avgifter
Du finn betalingsinformasjonen i brevet du har fått om trekket.
Du skal alltid bruke det KID-nummeret som står på fakturaen. Skriv heile KID-nummeret. Dersom det er ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, må du taste inn denne også.
Dersom du ikkje kan betale med KID, må du oppgi fødselsnummer, organisasjonsnummer eller saksnummer når du betaler til oss.
Vi krev inn på vegner av mellom andre:
Arbeidstilsynet
Barne- og familiedepartementet
Barne,- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Brønnøysundregistera
Datatilsynet
Digitaliseringsdirektoratet
Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for medisinske produkt
Direktoratet for mineralforvaltning
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Diskrimineringsnemnda
Enova
Finanstilsynet
Fiskeridirektoratet
Forbrukartilsynet
Forsvarsbygg
Forsvarsdepartementet
Helsedirektoratet
Helseklage
Husbanken
Justervesenet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kartverket
Kontoret for valdsoffererstatning
Kulturdirektoratet
Kunnskapsdepartementet
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Luftfartstilsynet
Lånekassen
Medietilsynet
Meisterbrevnemnda
Miljødirektoratet
Norec
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Norsk filminstitutt
Norsk pasientskadeerstatning
Nærings- og fiskeridepartementet
Oslo Børs og Finansdepartementet
Pasientreiser HF
Politiet
Regjeringsadvokaten
Sjøfartsdirektoratet
Statens sivilrettsforvaltning
Statens vegvesen
Statistisk sentralbyrå
Sysselmeisteren på Svalbard
Advokattilsynet
Tolletaten
Utdanningsdirektoratet
Utanriksdepartementet
Du finn betalingsinformasjonen i brevet du har fått om trekket.
Du skal alltid bruke det KID-nummeret som står på fakturaen. Skriv heile KID-nummeret. Dersom det er ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, må du taste inn denne også.
Dersom du ikkje kan betale med KID, må du oppgi fødselsnummer, organisasjonsnummer eller saksnummer når du betaler til oss.
Dersom du som arbeidsgivar ikkje kan trekkje heile eller delar av beløpet, må du kontakte oss.
Det er viktig at du oppgir kva beløp du eventuelt betaler inn og årsaka til at du ikkje betaler heile beløpet.
Dersom den tilsette meiner trekket generelt er for høgt, kan hen søkje om lågare trekk.
Om du trekkjer lønn frå ein tilsett som blir permittert eller sjukmeld over lengre tid, og du stansar lønnsutbetalinga, må du kontakte oss og gi beskjed så fort du kan.
Dersom den tilsette har slutta, må du kontakte oss og gi beskjed med ein gong. Om du ikkje gir oss beskjed om at den tilsette har slutta, vil du få purringar om å trekkje hen i lønn.
Du må også melde frå i a-meldinga om at den tilsette har slutta.
Kontakt oss dersom du har betalt inn for mykje og har spørsmål om dette.
Trekk etter ny ordning
Frå 2026 byrjar alle namsmaktene, blant dei Innkrevjingsmyndigheita i Skatteetaten, å samle krava sine i eitt samordna utleggstrekk per tilsett. Det vil vere ein gradvis overgang til den nye ordninga for utleggstrekk i perioden 2026–2029.
Når ein tilsett får eit samordna trekk, skal alle andre trekk avsluttast. Det samordna trekket vil vere det einaste utleggstrekket den tilsette skal ha.
Du skal rapportere utleggstrekk skatt og samordna utleggstrekk i a-meldinga. A-meldinga vil frå januar 2026 ha eit skilje mellom utleggstrekk skatt etter dagens ordning og dei samordna utleggstrekka. Dei skal rapporterast på to ulike kodar i a-meldinga. Har du eit lønnssystem, skal lønnssystemet vere tilpassa dette.
Namsmaktene sender ut trekkpålegg løpande etter kvart som sakene blir behandla. Trekket har ein startdato og skal starte frå første moglege lønnskøyring etter startdatoen. Du bør passe på at utleggstrekk blir registrert så langt som mogleg fram mot lønnskøyring.
Har de fleire lønnsutbetalingar i månaden, skal prosenttrekk trekkjast på kvar utbetaling. Beløpsstrekk bør fordelast på utbetalingane.
Nokre tilsette får utbetalt lønn fleire gonger i månaden. Dersom det er eit fast beløp per månad, vel du korleis trekket skal fordelast på lønnsutbetalingane den månaden. Dersom det er prosenttrekk, skal denne prosenten trekkjast ved kvar lønnsutbetaling.
Har den tilsette fleire arbeidsgivarar, vil det normalt bli trekt prosenttrekk hos alle arbeidsgivarane. Unntaket er viss ein arbeidsgivar står for ein veldig liten del av samla lønn.
I månader med til dømes feriepengar eller halv skatt, skal du trekkje det som trekkpålegget viser, anten det er beløp eller prosent. Du kan ikkje trekkje meir enn trekkpålegget sjølv om den tilsette ber om det, men den tilsette kan sjølv betale inn direkte til Innkrevjingsmyndigheita.
Når trekket er eit fast beløp, kan det skje at inntekta er for låg til å dekkje trekket, til dømes ved permisjon utan lønn. Du skal då trekkje så mykje som mogleg. Innkrevjingsmyndigheita avstemmer innbetalinga mot a-meldinga og vil sjå kvifor trekkbeløpet er for lågt.
Dersom den tilsette er utan lønn ein månad, til dømes i arbeidsforhold med timelønn, vil namsmaktene fange opp dette i a-meldinga.
Dersom den tilsette meiner trekket generelt er for høgt, kan hen søkje om lågare trekk.
Dersom den tilsette er sjukmeld eller permittert, vil vi fange opp dette i a-meldinga. Du treng ikkje gi beskjed.
Dersom den tilsette har slutta, vil vi fange opp dette i a-meldinga. Det er derfor viktig at du melder frå om at hen har slutta i a-meldinga.
Om du betaler inn for mykje, treng du ikkje gjere noko. Dersom det er gjenståande gjeld i utleggstrekket, vil vi ta beløpet som ei ekstra innbetaling. Er alt nedbetalt, betaler vi ut overskytande direkte til den tilsette.
Informasjon til tilsette med lønstrekk
For å ivareta personvernet til den tilsette, vil du etter nytt regelverk berre få informasjon om
- kven som skal trekkjast (fødsels- eller d-nummer)
- beløp eller prosent du skal trekkje
- når du skal starte trekka
Du vil ikkje lenger kunne informere den tilsette om kva krav som er utgangspunkt for lønnstrekket eller kven som er kreditor.
Den tilsette vil finne informasjon om utleggstrekka sine i breva i Altinn eller ved å logge seg inn på nettsidene til namsmaktene.