Barn og ungdom med eiga inntekt eller formue

Her finn du informasjon om skattekort, skattemelding og når du skal betale skatt.

Gjeld det meg?

Dette gjeld for

  • barn over 13 år med eiga arbeidsinntekt
  • barn og ungdom som har fått erstatnings- eller forsikringsutbetaling
  • barn og ungdom med barnepensjon
  • foreldre og verjer

Dette må du gjere

  • Dersom du er over 13 år og har ei arbeidsinntekt, betaler du skatt sjølv. Du må ha eit skattekort eller frikort, og du får skattemelding. Du må sjekke at tala stemmer både i skattekortet og i skattemeldinga.

  • Om du har renteinntekter, barnepensjon og formue, vil det vere med i skattekorta og skattemeldingane til foreldra dine fram til det inntektsåret du fyller 17 år. Då er det foreldra dine som må sjekke at tala stemmer.

  • Frå og med det inntektsåret du fyller 17 år er du sjølv ansvarleg for skatten på både inntekt og formue. Det betyr at du må sjekke opplysningane i skattekortet og i skattemeldinga.

Kven blir skattlagde for kva og kvifor?

Dersom barnet er under 17 år og bur saman med foreldra, skal barnet sine renteinntekter, barnepensjon og formue stå i skattekorta og skattemeldingane til foreldra. Barnet sin formue og andre inntekter skal derfor ikkje stå i barnet sitt skattekort og skattemelding.

Dersom barnet er over 13 år og har eiga arbeidsinntekt, skal inntekta stå i barnet sitt skattekort og skattemelding.

Foreldra blir skattlagde for kvar sin halvpart av barnet sine inntekter og formue. Dette gjeld anten de er ektefellar eller sambuarar. De kan endre fordelinga i skattekortet og i skattemeldinga.

Den forelderen som barnet er registrert busett saman med i Folkeregisteret per 31. desember i inntektsåret blir skattlagd for barnet sine inntekter og formue.

Dersom barnet bur hos deg og du er gift med ein annan enn forelderen til barnet, blir du og ektefellen din skattlagde for ein halvpart kvar. De kan sjølve endre fordelinga slik at forelderen til barnet blir skattlagd for heile inntekta og formuen til barnet, dersom de ønskjer det. Dette gjer de i skattekortet og i skattemeldinga.

Frå og med det inntektsåret du fyller 17 år er du sjølv ansvarleg for skatten din. Det betyr at du må sjekke at opplysningane i skattekortet ditt og i skattemeldinga di stemmer.

Spesielt for deg som har

Det er eigne skattereglar for barn og ungdom som på grunn av personskade eller tap av forsørgjar har fått utbetaling frå erstatning eller forsikring.

Barnepensjon er skattepliktig, men det blir ikkje trekt skatt med mindre du ber om det. Kven som skal betale skatt av barnepensjonen, kjem an på om

Når du er 16 år eller yngre, er det den attlevande forelderen eller verja som betaler skatt på barnepensjonen.

I det inntektsåret du fyller 17 år, må du sjølv betale skatt på barnepensjonen og oppdatere skattekortet ditt.

Det er forelder eller verje som må leggje inn barnepensjonen for barn under 17 år i skattekortet sitt og be om frivillig skattetrekk.

Frå og med det inntektsåret du fyller 17 år, er det du sjølv som betaler skatt på barnepensjonen.

Det er den attlevande forelderen eller verja som får utbetalinga av barnepensjonen fram til du fyller 18 år. Dette er uavhengig av om du har eiga inntekt. Då må du sjølv sjekke at barnepensjonen er tatt med i skattekortet. Om beløpet for barnepensjon manglar, må du leggje det til.

Barnepensjonen blir utbetalt til deg etter at du har fylt 18 år. Då må du hugse å sjekke at barnepensjonen er tatt med i skattekortet. Dersom beløpet for barnepensjon manglar, må du leggje det til.

Frivillig skattetrekk hos Nav

Du må vere myndig for å be om frivillig skattetrekk hos Nav. Derfor er det attlevande forelder eller verja som må be Nav om frivillig skattetrekk fram til du fyller 18 år.

Barnepensjonen blir utbetalt til deg etter at du har fylt 18 år. Då må du hugse å sjekke at barnepensjonen er tatt med i skattekortet. Om beløpet for barnepensjon manglar, må du leggje det til.

Når du fyller 18 år i inntektsåret er du sjølv ansvarleg for å sjekke at skattekortet og skattemeldinga er rette.

Slik betaler du skatt av barnepensjon

Du kan krysse av i Nav sitt søknadsskjema for barnepensjon om at du ønskjer skattetrekk på barnepensjonen. Dersom du har søkt utan å krysse av for skattetrekk, bør du

  1. leggje inn barnepensjon i skattekortet og hake av for «Eg har bedt utbetalar om å trekkje skatt av barnepensjon». Då ser du kor mykje du bør be Nav om å trekkje i frivillig skattetrekk.

  2. be Nav om å leggje inn eit frivillig skattetrekk i barnepensjonen.

Får du barnepensjon frå andre utbetalarar enn Nav, bør du kontakte dei for å avtale frivillig skattetrekk.

Utbetalaren din hentar ikkje skattekortet ditt automatisk sjølv om du legg inn barnepensjon. Dersom du ikkje har bedt utbetalaren om eit frivillig skattetrekk, kan du få restskatt fordi utbetalaren ikkje kan trekkje skatt av barnepensjonen utan avtale.