Frikort – bestille og fordele mellom arbeidsgivarar

Viss du tener 70 000 kroner eller mindre i løpet av året, skal du ikkje betale skatt.

Kort om frikort

Viss du er 13 år eller eldre, og tente mindre enn 70 000 kroner i fjor, får du automatisk frikort. Du treng ikkje bestille frikort.

Har du frikort no? Viss du trur du kjem til å tene meir enn 70 000 kroner i år, er det viktig at du bestiller skattekort. Då slepp du å betale 50 prosent skatt.

Viss du har meir enn éin arbeidsgivar, må du hugse å fordele frikortbeløpet.

Vel kva du vil gjere

  • Kortet er berre tilgjengeleg elektronisk. 
  • Du må logge deg inn med elektronisk ID.
  • Foreldre kan ikkje bestille frikort på vegner av barna sine.
  • Frikortordningen gjeld berre for deg som har opphald i Noreg heile året.

  • Logg inn.
  • Finn namnet på verksemda du skal jobbe hos i lista.
    Viss du ikkje ser namnet på verksemda i lista, må du be dei om å søkje om frikortet ditt.
  • Fyll inn kor stort beløp du vil tene på denne jobben.
    Har du fleire jobbar, må du dele opp beløpet slik at det blir maks 70 000 kroner til saman. Det betyr at du må redusere beløpet hos ein arbeidsgivar for å kunne gi meir til ein annan. Viss du allereie har tent noko på ein jobb, kan du ikkje gi eit lågare beløp enn dette til denne arbeidsgivaren.
  • Skriv inn beløpet du har bestemt i ruta som høyrer til rett firma.
  • Trykk på «Send inn».

Du kan gjere dette fleire gonger i løpet av året, til dømes viss du får ein ny jobb eller du jobbar meir på ein stad enn det du har registrert.

Logg inn. Hugs at du må først bestille frikortet før du kan dele det.

Del frikortet på fleire arbeidsgivarar

Du kan også:

Spesielt for deg som er:

Barn under 13 år kan tene inntil 10 000 kroner skattefritt i løpet av eit inntektsår.

Arbeidsgivar må søkje om førehandssamtykke frå Arbeidstilsynet, og det er føresette som må bestille frikort eller skattekort.