Bestille frikort
Eit frikort er eit skattekort som viser at arbeidsgivar ikkje skal trekkje skatt dersom du tener 60 000 kroner eller mindre.
- Frå og med det året du fyller 13 år får du tildelt frikort automatisk dersom du tente mindre enn 55 000 kroner året før.
- Du må vere elektronisk brukar for å kunne:
- fordele frikortbeløpet mellom arbeidsgivarar
- sjekke om du har frikort
- få beskjed frå oss om frikortet
- Du må logge inn med eigne PIN-kodar.
- Foreldre kan ikkje bestille frikort på vegner av barna sine.
Når frikortet er tildelt, er det tilgjengeleg også for arbeidsgivar.
Når frikortet er tildelt, er det tilgjengeleg også for arbeidsgivar.
Frå og med det året du fyller 13 år får du frikort automatisk viss du tente mindre enn 60 000 kroner i fjor. Vi sender deg ein SMS eller e-post når første arbeidsgivar har henta frikortet. Du får også beskjed viss fleire arbeidsgivarar prøver å hente frikortet. Hugs at du då må fordele frikortbeløpet mellom desse arbeidsgivarane. For at vi skal kunne sende deg meldingar, må du vere registrert som elektronisk brukar.

Dersom du lurer på om du har fått frikort kan du logge deg inn for å sjekke om du har fått frikort.
Viss du ikkje har fått frikort og ventar å tene mindre enn 60 000 kroner, må du bestille frikort.
Vi gir deg beskjed når det nye frikortet er klart til bruk.
- Dersom du har fleire arbeidsgivarar, må du fordele frikortet mellom desse.
- Er du under 13 år, gjeld andre reglar.
Viss du tener meir enn 60 000 kroner
Viss du kjem til å tene meir enn 60 000 kroner, må du bestille skattekort. Dersom du allereie har brukt frikort og tent noko utan å bli trekt i skatt, vil det allereie opptente beløpet bli teke med i grunnlaget for utrekning av nytt skattekort. Den samla skatten du betaler, vil vere den same uansett om du først har hatt frikort eller ikkje.
Er du ikkje elektronisk brukar
Då må du først skaffe deg elektronisk ID. Dette er ikkje noko du kan bestille over telefon.
ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester. Du kan bruke innloggingsløysinga til dømes til å levere skattemeldinga eller endre skattekortet.
Når du bruker ID-porten kan du velje om du vil logge deg inn med MinID, BankID (frå 18 år), Buypass eller Commfides.
Problem med innlogging eller registrering?
Få hjelp hos Difi - Direktoratet for forvaltning og IKT.
Ungdom, arbeid og skatt
Lær meir om kvifor du betaler skatt og sjå informasjon om arbeid, arbeidsforhold og arbeidsavtaler.
skattekort eller frikort når du tener eigne pengar som ikkje blir rekna som "skattefrie småjobbar".