Selskap med deltakarfastsetjing (SDF)
Selskap med deltakarfastsetjing (SDF) er ei selskapsform med to eller fleire eigarar, som blir kalla deltakarar. Deltakarane deler ansvar og risiko.
Selskapet (SDF) betaler ikkje skatt sjølv, det er berre deltakarane som skal skattleggjast for sin del av inntektene og formuen til selskapet.
Gjeld det meg?
Dette gjeld for selskap med deltakarfastsetjing og for deltakarar.
Dette er selskap med deltakarfastsetjing (SDF):
I eit ansvarleg selskap (ANS) har kvar av deltakarane eit uavgrensa personleg ansvar for dei samla forpliktingane til selskapet. At ansvaret er uavgrensa betyr at deltakarane er solidarisk ansvarlege for forpliktingane til selskapet. I praksis inneber det at dersom ein kreditor ikkje får dekt kravet sitt av selskapet, kan kreditoren krevje pengane frå kven som helst av deltakarane i selskapet.
I eit ansvarleg selskap med delt ansvar (DA) er kvar enkelt deltakar sitt personlege ansvar avgrensa til eigardelen til den enkelte i selskapet. Det betyr at dersom ein person har 50 prosent eigardel, vil ansvaret vere avgrensa til 50 prosent av forpliktingane til selskapet. Dette til skilnad frå ANS, der deltakarane er solidarisk ansvarlege.
Eit kommandittselskap har minst éin deltakar med uavgrensa ansvar for forpliktingane til selskapet, og minst éin deltakar med avgrensa ansvar for forpliktingane. Parten med uavgrensa ansvar kan vere eit aksjeselskap.
Eit partrederi driv reiarlagsverksemd, og deltakarane har uavgrensa ansvar for forpliktingane til selskapet.
Eit utanlandsk selskap som svarer til eit norsk selskap med deltakarfastsetjing (SDF), som driv verksemd som er skattepliktig i Noreg.
Dette skal selskapet gjere
Selskapsmelding med næringsspesifikasjon
- Selskapsmeldinga skal ha opplysningar om:
- andelane til deltakarane i selskapet
- fordelinga av inntekta og formuen på deltakarane
- utbytte (utdeling) til deltakarane
- kjøp eller byte av andel
- Næringsspesifikasjon
Meirverdiavgift
Dersom selskapet er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, skal selskapet også levere mva-melding.
Spesielt for selskap som
Eit indre selskap er eit selskap, men det opptrer ikkje som eit selskap sett utanfrå. Slike selskap kan opprettast i form av ANS, DA eller kommandittselskap. Sidan indre selskap ikkje driv verksemd som er synleg for andre, skal dei ikkje registrerast i Einingsregisteret og har ikkje eige organisasjonsnummer.
Skal levere selskapsmelding og deltakarmeldingar
Indre selskap har plikt til å levere selskapsmelding og deltakarmeldingar. Selskapa må derfor registrerast hos Skatteetaten, og får tildelt eit internt identifikasjonsnummer (ID-nummer). Dette nummeret kan også nyttast ved elektronisk melding i Altinn.
Slik får du ID-nummer
For å registrere selskapet og tildele ID-nummer treng Skatteetaten denne informasjonen:
- namnet til selskapet
- stiftingsdatoen
- bransje
- føremålet til verksemda
- postadressa til verksemda
- kontorkommunen
- hovudmann – namn og person/organisasjonsnummer
- forretningsførar – namn og person/organisasjonsnummer
- revisor – namn og person/organisasjonsnummer
- dagleg leiar – namn og personnummer
Opplysningane kan sendast til Skatteetaten via Altinn, eller direkte på e-post.
Også endringar av Altinn-roller for indre selskap må meldast inn til Skatteetaten. Desse rollene vil ikkje bli oppdaterte på grunnlag av selskapsmeldinga.
Eit selskap kan endre selskapsform på grunn av arv eller overdraging. Dette kan påverke dei skattemessige forholda.
Døme
Du arvar ei forretning som var driven som eit enkeltpersonføretak, saman med søskena dine. Dersom de då driv vidare saman, oppstår eit SDF.
Omdanninga kan på visse vilkår gjerast skattefritt frå SDF til aksjeselskap med skattemessig kontinuitet.
Omdanninga kan vere ein krevjande prosess. Regelverket på området er detaljert, og det er fleire vilkår som må vere oppfylte. Det bør vurderast å bruke ein profesjonell rådgivar. Dersom reglane ikkje blir følgde, kan det få store skattemessige konsekvensar.
Dette skal deltakarane gjere
Deltakarane kan til dømes vere ein person eller eit selskap.
Sørgje for skattekort og forskottsskatt
Hugs at deltakarane må sjekke skattekortet.
Hugs at du som deltakar må sørgje for å betale forskottsskatt. Forskottsskatten blir berekna av arbeidsgodtgjersle, næringsinntekt og anna skattepliktig utbetaling.
Levere skattemelding
Som deltakar i selskapet skal du levere den vanlege skattemeldinga innan fastsett frist. Inntekt og formue skal førast på under temaet “Formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetjing”.
Deltakarane skal mellom anna fylle ut:
- del av formuen i selskapet
- del av overskottet eller underskottet i selskapet
- arbeidsgodtgjersle (personinntekt)
- utdeling
- gevinst og tap ved realisasjon (sal) av eigardel
Dersom selskapet har levert selskapsmeldinga før du leverer skattemeldinga di, vil opplysningane om din del av inntekta og formuen komme opp som forslag.
Kontroll av eigen kontaktinformasjon som deltakar
Varsel og meldingar blir sende til dei som er registrerte som deltakarar i SDF. Sjekk at kontaktopplysningane i Altinn stemmer.
Spesielt for deltakarar som
Dersom du får utdelingar frå selskapet, er dette som hovudregel skattepliktig inntekt. Med utdeling meiner vi alt du vederlagsfritt får overført frå selskapet, både kontantar og gjenstandar.
Du får frådrag i utdelinga for skatt på din del av overskottet til selskapet. I tillegg blir det gitt eit såkalla skjermingsfrådrag.
Det er berre personlege deltakarar som blir skattlagde for utdelingar. Selskap som er deltakarar blir skattlagde etter fritaksmetoden.
Innskott blir ikkje rekna som utdeling
Dersom du i samband med stiftinga av eit selskap eller seinare har gjort innskott i selskapet i form av kontantar eller gjenstandar, vil tilbakebetaling av dette ikkje blir rekna som utdeling som skal skattleggjast. Dette vil vere tilbakebetaling av tidlegare innbetalt kapital som ikkje er skattepliktig.
- informasjon om jordbruksfrådrag
- informasjon om reindriftsfrådrag
- informasjon om fiske og fiskarfrådrag
Er du deltakar i eit utanlandsk selskap med deltakarfastsetjing skal du levere skattemelding for næringsdrivande. Norske deltakarar i utanlandske selskap med deltakarfastsetjing har plikt til å gå saman om å levere selskapsmelding på vegner av selskapa.
Er du deltakar i eit selskap som er omfatta av NOKUS-reglane skal du levere skattemelding for næringsdrivande. Norske skattytarar som åleine eller saman med andre blir skattlagde etter reglane for eigarar av norsk-kontrollerte selskap heimehøyrande i lågskatteland (NOKUS), har i felleskap plikt til å levere selskapsmelding.
Fristar
Selskapet
- Selskapsmelding med næringsspesifikasjon:
- frist for levering er 31. mai.
Deltakarar
- Skattemelding:
- deltakarar i selskap blir rekna som næringsdrivande og har frist 31. mai.
- Som næringsdrivande kan du søkje om utsetjing med å levere. Dette må du gjere innan 31. mai. Dersom selskapet har fått utsett frist, vil dette også gjelde for deltakarane utan at dei treng å søkje om det separat.
- Søkjar du om utsetjing som næringsdrivande er ny frist 30. juni. Det er ikkje mogleg å få utsetjing utover dette.
Selskapet
- Dersom selskapsmeldinga med næringsspesifikasjon ikkje blir levert innan fristen risikerer selskapet tvangsmulkt.
Deltakarar:
- Om du ikkje leverer skattemeldinga innan fristen risikerer du tvangsmulkt.
Det er viktig at deltakarane leverer informasjon som samsvarer med det som selskapet har levert.
Det er ikkje nok at selskapet leverer informasjon om til dømes utdeling og arbeidsgodtgjersle i selskapsoppgåva si.
Deltakarane risikerer tilleggsskatt dersom selskapet eller deltakarane ikkje har levert rett informasjon.