Fordele inntekt, kostnader og formue

Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan velje korleis dei vil fordele enkelte inntekts- og frådragspostar i skattemeldinga mellom seg.

I hovudsaka er det kapitalinntekter og kapitalkostnader, til dømes renter, som ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan fordele fritt mellom seg i tillegg til formuen og gjelda. Andre sambuarar som er ikkje-meldepliktige, blir fastsatt kvar for seg når det gjeld inntekter og formue og kan ikkje fordele inntekter og frådrag som nemnt her.

Fordelinga verkar normalt ikkje inn på den samla skatten for paret, men ho verkar inn på kven av dei som skal skattleggjast for formuen og inntekta eller få frådrag for kostnaden.

I tilfelle der den eine har låg inntekt, kan det vere fordelaktig for ektefellane m.m. sett under eitt å fordele og overføre inntekt og frådrag slik at ingen av dei får ei lågare nettoinntekt enn personfrådraget for inntektsåret.

For dei som tek imot alderspensjon eller AFP og ein av ektefellane m.m. har låg pensjon/inntekt, kan fordelinga av inntekter, frådrag og formue mellom dei verke inn på den samla skatten. Les meir om Skattereglar for pensjonistar.

Ektefellar m.m. som ønskjer å fordele bankinnskot, renteinntekter, gjeld og gjeldsrenter, må hugse å korrigere i begge skattemeldingane.

Døme på fordeling av gjeldsrente
Kari og Per er gifte og har kjøpt ein bustad saman. Kari er hovudlåntakar på bustadlånet i banken, og gjeldsrentene på kr 80 000 er førte opp i skattemeldinga hennar. Ektefellane ønskjer at frådraget for rentene blir fordelt med 70 prosent på Per og 30 prosent på Kari. For å fordele gjeldsrenta på begge, må Kari gå inn i skattemeldinga og rette til kr 24 000. Per må føre opp gjeldsrentebeløpet på kr 56 000 som skal fordelast på han i skattemeldinga si.

Inntekter og utgifter som ikkje kan fordelast

Inntekter og kostnader knytte til arbeid, pensjon og næringsverksemd kan ikkje fordelast fritt, men skal førast i skattemeldinga til den ektefellen / meldepliktige sambuaren som har utført arbeidet, har rett til pensjonen eller har utøvd næringsverksemda.

Oversikta under viser kva for inntekter og utgifter i skattemeldinga som kan vere aktuelle for fordeling. Denne viser òg kva for inntekter og utgifter som ikkje kan fordelast.

Barn si lønnsinntekt, barn som er 12 år eller yngre

Livrente utanfor arbeidsforhold til barn 16 år eller yngre
Føderåd utanfor jord- og skogbruk

Barnepensjon
Partseigar/bustadsameigar sin del av inntekter i bustadselskap/bustadsameige
Nettoinntekt ved utleige m.m. av fast eigedom utanom næring
Skattepliktig utleigeinntekt frå fritidseigedom du sjølv har brukt
Skattepliktig gevinst ved sal o.l. av bustad, tomt og annan fast eigedom
Inntekt frå fast eigedom i utlandet
Renteinntekt av bankinnskot o.l. (også barn sine innskot)
Andre renteinntekter
Renter som skal skattleggjast ekstra på lån til selskap (RF-1070)
Skattepliktig utbytte på aksjar o.l. (RF-1088)
Skattepliktig avkastning av partar i aksjefond (også barn sine aksjefond)
Anna skattepliktig utbytte 
Skattepliktig gevinst ved sal av aksjar o.l. (RF-1088)
Skattepliktig gevinst ved sal av partar i verdipapirfond
Gevinst, tap, utbytte og formue på aksjar og andre finansielle produkt (RF-1159)

Inntekter frå utlandet
Fri fordeling gjeld ikkje kapitalforsikring med og utan garantert avkastning i utanlandsk selskap/finansinstitusjon

Anna inntekt

Gevinst andre finansprodukt

Skattepliktig avkastning eller kundeutbytte

Frådrag for kostnader til pass og stell av barn (foreldrefrådrag)

Gjeldsrenter

Gjeldsrenter – utlandet

Føderådsytingar utanfor jord-/skogbruksvirksemd

Del av kostnader i bustadselskap (burettslag og bustadaksjeselskap) og i bustadsameie

Tap ved sal o.a. av fast eigedom som gir rett til frådrag

Andre frådrag

Tap ved sal av aksjar o.l. (RF-1088)

Tap ved sal av partar i verdipapirfond

Gevinst, tap, utbytte og formue på aksjar og andre finansielle produkt (RF-1159)

Underskot ved utleige av fast eigedom utanfor næring

All formue, medrekna formue til barn som blir fastsatt med foreldre, kan fordelast fritt.

Lønn og tilsvarande ytingar
Pensjonar, livrenter i arbeidsforhold oa.
Uførerenter og livrenter utanfor arbeidsforhold
Skattepliktig utbetaling frå livrente i og utanfor arbeidsforhold
Skattepliktig etterlønn og pensjon
Inntekter frå næringsdrift eller sjukepengar til næringsdrivande
Avkastning frå kapitalforsikringsavtale
Utbetaling frå kapitalforsikring utan garantert avkastning
Kapitalforsikring med og utan garantert avkastning i utanlandsk selskap/finansinstitusjon

Anna inntekt

  • Inntekt frå gevinst- og tapskonto
  • Inntektsføring av negativ saldo
  • Retur av premie (IPS)
  • Framhaldsforsikring

Minstefrådrag i eiga inntekt
Underskot rekneskapslikna bil Faktiske kostnader
Premie til sjuke- og ulykkesforsikring
Minstefrådrag i ektefelletillegg
Minstefrådrag i inntekta til barn
Minstefrådrag i barnepensjon
Merkostnader til kost og losji o.l. ved opphald utanfor heimen
Småutgifter sjømenn

Frådrag for reise mellom heim og fast arbeidsstad. (arbeidsreiser)

Frådrag for reisekostnader ved besøk i heimen (besøksreiser)
Fagforeiningskontingent
Premie til pensjonsordning i arbeidsforhold
Særskilt frådrag for sjøfolk
Særskilt frådrag for fiskarar og fangstmenn
Jordbruksfrådrag (RF-1177)
Jordbruksfrådrag
Del av felles jordbruksfrådrag
Særskilt frådrag for reindriftsverksemd (RF-1177)
Del av felles frådrag for reindrift
Særskilt frådrag for skiferproduksjon
Del av felles frådrag knytt til skiferproduksjon
Premie til eiga tilleggstrygd for næringsdrivande
Underskot anna næring (RF-1167, RF-1175, RF-1242)
Underskott frå jordbruk, gartneri, pelsdyrnæring
Underskot skogbruk 
Underskot primærnæring 
Underskot Fiske og fangst 
Underskot frå skiferproduksjon
Underskot Familiebarnehage i eigen heim
Underskot KS, ANS m.m. som driv familiebarnehage i eigen heim
Frådragsgivande innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS) 

Andre frådrag

  • Inntektsfrådrag frå gevinst- og tapskonto
  • Frådragsføring av positiv saldo
  • Gåver til frivillige organisasjonar og tros- og livssynssamfunn i Noreg
  • Gåver til frivillige organisasjonar og tros- og livssynssamfunn i utlandet
  • Tilskot til vitskapleg forsking og yrkesopplæring
  • Standardfrådrag for utanlandske arbeidstakarar
  • Særskilt inntektsfrådrag for ungdom
  • Tap på livsforsikring - Unit Link
Framførbart underskot frå tidlegare år
Del av underskot frå tidlegare år ved drift av våningshus
Særfrådrag for uførleik
Særfrådrag for lettare nedsett arbeidsevne
Særfrådrag for einsleg forsørgjar