Viktig informasjon

I år får dei fleste privatpersonar ei heilt ny skattemelding. Viss dette gjeld deg, skal du ikkje fylle ut dette skjemaet, men logge inn og fylle ut opplysningane direkte i skattemeldinga. Er du usikker på kva skattemelding du har fått, kan du lese meir om dei ulike formata av skattemeldinga.

Skjema RF-1159

Gevinst, tap, utbytte og formue på aksjar og andre finansielle produkt

Har du handla med eller eig finansielle produkt (t.d. aksjar, obligasjonar, valuta, derivat med meir) som ikkje er fylte ut på førehand i skattemeldinga, skal du føre desse i skjema RF-1159. Dersom tala er fylte ut på førehand og dei stemmer, er det ikkje nødvendig å gjere noko.

Logg inn og fyll ut RF-1159:

Fyll ut og lever saman med skattemeldinga

Dette skjemaet er ein del av skattemeldinga. Det inneber at du loggar inn og fyller ut skjemaet elektronisk. Om du er lønnstakar eller pensjonist og leverer på papir, kan du bruke dette skjemaet. Leverer du på papir får du ikkje skatteoppgjeret før tidlegast i august.

 

Hugs skjermingsfrådraget

Skjermingsfrådrag er eit frådrag som reduserer dei skattepliktige aksjeinntektene dine, slik at du betaler mindre skatt. Skjermingsfrådraget viser kor stort utbytte eller kor stor gevinst ein kan ta imot skattefritt.

Dette gjeld deg som skal levere skattemeldinga i gamalt formatDei som har motteke den nye skattemeldinga skal ikkje levere skjema RF-1159, men logge inn og oppgje alle opplysningar direkte i skattemeldinga under tema "Finans".

  • Logg inn og vel "levere skattemeldinga". Postane for finansprodukt finn du under "Renter, innskot, verdipapir, andre kapitalinntekter m.m." og/eller "Renter, gjeld, andre kapitalkostnader og frådrag".
  • Vel "legg til i lista ovanfor".
  • Vel post. I nedtrekksmenyen finn du dei aktuelle postane. Mange av desse leiar deg direkte til RF-1159, t.d "Andre finansprodukt" (postnummer 3.1.13, 3.3.13 og 4.1.10). Fleire av dei andre postane i nedtrekksmenyen har RF-1159 i parentes bak postnamnet.

  • Eller du kan velje RF-1159 ved fana "vedlegg" etter at du har logga deg inn på skattemeldinga.

Når du har åpna RF-1159, gjer du dette:

  • Du fyller ut produkta du har handla med, ved å bruke nedtrekksmenyen.
  • Legg inn formue, gevinst/tap og/eller avkastning/rente. Du treng berre å fylle ut 1 linje for kvart produkt.
  • Når alle postane er fylte ut, får du opp ei oversikt over alt du har lagt inn. Er alt ok, klikkar du på knappen "kontroller".
  • Informasjonen du har lagt inn i skjemaet, blir automatisk summert og overført til rett post i skattemeldinga.

 

Du kan bruke dei eldre utgåvene som støtte dersom du treng å endre noko i skattemeldingar du har sendt inn tidlegare.

Skattemeldinga for lønnsmottakarar/pensjonistar og skattemeldinga for enkeltpersonføretak med vedleggsskjema for 2017 og 2018 kan du framleis endre og levere på nytt dersom du oppdagar feil eller har motteke nye eller forseinka oppgåver.