Skjema RF-1177

Landbruk

Har du bokføringsplikt og driv jordbruk, gartneri, skogbruk, pelsdyrnæring eller reindrift, skal du levere RF-1177 som vedlegg til skattemeldinga eller selskapsmeldinga.

Logg inn og fyll ut RF-1177:

Fyll ut og lever saman med skattemeldinga

Næringsdrivande og aksjeselskap må logge inn og levere skattemeldinga og alle skjema elektronisk.

Næringsdrivande kan bruke papirskjemaet til å førebu seg og som støtte ved utfylling.

 

Skjemaet "RF-1179 Varelager i Landbruk " er ikkje lengre i bruk.

Hjelp til utfylling

Skjema på papir

Tidlegare års skjema og rettleiing

Du kan bruke dei eldre utgåvene som støtte dersom du treng å endre noko i skattemeldingar du har sendt inn tidlegare.

Skattemeldinga for lønnsmottakarar/pensjonistar og skattemeldinga for enkeltpersonføretak med vedleggsskjema for 2017 og 2018 kan du framleis endre og levere på nytt dersom du oppdagar feil eller har motteke nye eller forseinka oppgåver.