Skjema RF-1175

Næringsoppgåve 1

Næringsoppgåve 1 skal leverast som elektronisk vedlegg til skattemeldinga for personleg næringsdrivande. 

Utsett frist

Leveringsfristen for skattemelding for 2019 for næringsdrivande og selskap blir utsett frå 31. mai til 31. august. Det er ikkje mogleg å søke om ytterleg utsetjing. Vi oppmodar likevel til å rapportere pliktige opplysningar så tidleg som mogleg.

Ektefellar til dei som har utsett frist har same frist. Det same gjeld deltakarar i selskap med deltakarfastsetjing.

 

Logg inn og fyll ut RF-1175:

Lever Næringsoppgåve 1

Næringsdrivande og aksjeselskap må logge inn og levere skattemeldinga og alle skjema elektronisk.

Næringsdrivande kan bruke papirskjemaet til å førebu seg og som støtte ved utfylling.

 

Næringsdrivande og aksjeselskap må logge inn og levere skattemeldinga og alle skjema elektronisk.
Næringsdrivande kan bruke papirskjemaet til å førebu seg og som støtte ved utfylling.
Dersom verksemda har årsrekneskapsplikt etter rekneskapslova, skal du levere Næringsoppgåve 2 i staden for Næringsoppgåve 1. Viss verksemda oppfyller vilkåra for forenkla rekneskapsplikt etter rekneskapslova § 3-2b, kan verksemda i staden levere RF-1368 Næringsoppåve 5.

Personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller lågare i året, er fritekne frå å levere næringsoppgåve. Enkeltpersonføretak som har fleire enn 20 tilsette, eller som samla har eigedelar med ein verdi på over 20 millionar kroner, skal levere Næringsoppgåve 2. Enkeltpersonføretak som utarbeider årsrekneskap etter føresegna om avgrensa rekneskapsplikt i rekneskapslova § 3-2b kan levere Næringsoppgåve 5.

Selskap med deltakarfastsetting kan ikkje bruke Næringsoppgåve 1. Alle ikkje-rekneskapspliktige selskap med deltakarfastsetting skal levere RF-1368 Næringsoppgåve 5. Det same gjeld selskap med deltakarfastsetting som utarbeider årsrekneskap etter føresegna om avgrensa rekneskapsplikt i rekneskapslova § 3-2b.

Alle selskap/føretak kan i staden velje å levere RF-1167 Næringsoppgåve 2.

Ingen aktivitet i fjor?

Næringsdrivande som ikkje hadde nokon aktivitet i fjor må likevel levere ei blank Næringsoppgåve 1.

Tal frå i fjor

Det er frivillig å fylle ut fjorårstala i resultat- og balanseoppstillinga. Dette gjeld ikkje dersom fjorårstala er omarbeidde.

Hjelp til utfylling

Skjema på papir

Skjema og rettleiingar frå tidlegare år

Du kan bruke dei eldre utgåvene som støtte dersom du treng å endre noko i skattemeldingar du har sendt inn tidlegare.

Skattemeldinga for lønnsmottakarar/pensjonistar og skattemeldinga for enkeltpersonføretak med vedleggsskjema for 2017 og 2018 kan du framleis endre og levere på nytt dersom du oppdagar feil eller har motteke nye eller forseinka oppgåver. 

I dei tilfella der den næringsdrivande / dagleg leiar har delegert roller vidare eller har registrert ein rekneskapsførar i Einingsregisteret, kan rekneskapsføraren hente og levere skattemeldinga elektronisk på vegner av den avlidne. Det er ein føresetnad at dette blei delegert før den næringsdrivande døydde, og at rekneskapsføraren både har innsendingsrett i Altinn og har fått delegert rolla som gir fullmakt til å signere skattemeldinga i Altinn.

I andre tilfelle kan skattemeldinga leverast på papir. 

Dersom du treng å få tilsendt skattemeldinga for ein personleg næringsdrivande som er død før leveringsfristen, og du ikkje har tilgang til denne i Altinn, kan du sende ein førespurnad der du legg ved skifteattest og ei eventuell fullmakt.

Førespurnaden med den nødvendige dokumentasjonen skal sendast via kontaktskjema eller per post til adressa:

Skatteetaten
Postboks 9200 - Grønland
0134 OSLO

Innlevering av skattemelding for næringsdrivande som er død kan ikkje sendast elektronisk, men må sendast per post til:

Skatteetaten
Postboks 430, Alnabru
0614 Oslo

Det kan i somme tilfelle ta litt tid før ein får tilsendt den etterspurde skattemeldinga. Viss du får bruk for å utsetje leveringsfristen, kan du søkje om det.