Skattemeldinga for enkeltpersonføretak
Skattemeldinga for enkeltpersonføretak er akkurat den same som skattemeldinga for deg som privatperson, men du må i tillegg leggje inn næringsopplysningar.
Fristen er 31. mai kvart år.
Levere skattemeldinga
Når du har eit enkeltpersonføretak, har du plikt til å levere inn skattemeldinga. Du skal levera éi samla skattemelding som inneheld både opplysningane om deg som privatperson og næringsopplysningane dine.
Du må levere skattemeldinga også når du ikkje har hatt omsetning, eller om du nyleg har starta eller avslutta næringsverksemda.
Du kan levere frå eit rekneskaps- elles årsoppgjerssystem eller frå skatteetaten.no.
Bruker du eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem som støttar innsending av skattemeldinga, skal du starte i systemet ditt. Høyr med leverandøren din om du lurer på noko om dette.
Enkeltpersonføretak med rekneskapsplikt eller revisjonsplikt må levere næringsspesifikasjonen gjennom eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem.
Når du bruker eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem frå ein systemleverandør, inneber det at du har inngått ein oppdragsavtale og databehandlaravtale med systemleverandøren.
Det betyr at du har gitt fullmakt til at opplysningar som Skatteetaten har om deg blir delte med systemet, slik at desse blir førehandsutfylte i skattemeldinga.
Skatteetaten sjekkar automatisk at den som bruker systemet, er tildelt ei rolle som gir vedkommande tilgang til opplysningane dine.
Mange personlege næringsdrivande kan levere skattemeldinga si her på skatteetaten.no.
Kort skildring av korleis du sender inn:
Dette må du gjere
Dette må du gjere når du har opna skattemeldinga:
Vi varslar deg når skattemeldinga di er klar.
Det er fleire ting som er greitt å førebu før du startar:
- Avslutt bokføringa for fjoråret, og ha grunnlaget tilgjengeleg.
- Førebu tilleggsinformasjon. Dersom enkeltpersonføretaket til dømes eig ein bil, må du registrere ein del ekstra informasjon. Då må du ha køyreboka klar.
- Finn fram skattemeldinga og næringsopplysningane for i fjor viss det er aktuelt.
Det første som møter deg når du opnar skattemeldinga di, er ein beskjed om at du må fylle ut næringsopplysningar. Vi hjelper deg i gang med dette med å stille deg nokre spørsmål.
I næringsspesifikasjonen skal du oppgi alle inntekter, kostnader og eigedelar som gjeld enkeltpersonføretaket ditt. Gjeld skal du berre opplyse om viss gjelda er registrert på organisasjonsnummeret. Viss gjelda er knytt til deg som privatperson, skal ho stå i skattemeldinga.
Sjå korleis du fyller ut og leverer skattemeldinga med næringsspesifikasjon:
I skattemeldinga skal du føre alt som gjeld deg personleg.
I næringsspesifikasjonen skal du ta med alt som gjeld næringsverksemda di.
Døme:
Skattemeldinga: lønna di, huset ditt, bilen din
Næringsspesifikasjonen: bedriftskonto, yrkesbil, driftsmiddel med kostpris over 30 000 kroner
Det er viktig at du sjekkar at ingenting er registrert begge stader. Viss noko står begge stader, må du fjerne den eine oppføringa.
Viss du ikkje får opp næringsspesifikasjonen når du opnar skattemeldinga, kan det bety at me ikkje har opplysningar om at du er næringsdrivande.
Du må då leggje næringsspesifikasjon til skattemeldinga di.
Slik gjer du det:
- Skriv næring i søkjefeltet øvst til høgre inne i skattemeldinga di
- Vel Inntekter, kostnader, eigedelar og gjeld i næring
- Vel Gå til næringsspesifikasjon
Du får no høve til å fylle ut næringsspesifikasjonen.
Sjå filmen som viser korleis du legg til næringsspesifikasjonen
Skattemeldinga di er førehandsutfylt, men det betyr ikkje at ho er ferdigutfylt.
Det betyr at du må
- sjekke at opplysningane dine stemmer, til dømes inntekter, gjeld og formue
- endre viss noko manglar eller er feil
Har du krav på frådrag, kan det gjere at grunnlaget vi reknar ut skatten på blir mindre. Dermed kan du betale mindre i skatt. Nokre frådrag er førehandsutfylte, medan andre må du føre opp sjølv.
Hjelp til å få rett skatt:
Frådrag du kan ha krav på som næringsdrivande
Som personleg næringsdrivande kan det også vere lurt å sjekke frådrag for privatpersonar for å sikre at du får alle frådraga du kan ha rett til, til dømes foreldrefrådrag, reisefrådrag og liknande.
Når du har sjekka at både skattemeldinga og næringsspesifikasjonen stemmer, kan du sende inn.
Fristen er 31. mai.
Du kan endre og levere så mange gonger du vil. Viss du får nye opplysningar eller oppdagar feil, kan du også endre etter at fristen er gått ut.
Når vi har behandla skattemeldinga di, vil du få skatteoppgjeret ditt. Vi melder frå til deg når dette er klart.
Hjelp til å få rett skatt
Sjå kva som er skattepliktig inntekt for enkeltpersonføretaket, og korleis du fører det.
Har du krav på frådrag, kan det gjere grunnlaget vi bruker til å rekna ut skatten på mindre. Dermed kan du betale mindre i skatt. Nokre frådrag er førehandsutfylte, medan andre må du føre opp sjølv.
Nokre vanlege frådrag du kan ha krav på:
Spesielt for deg som
Sjølv om du ikkje hadde næringsaktivitet i fjor, må du levere skattemeldinga med næringsspesifikasjon.
Når du opnar næringsspesifikasjonen din, stiller vi deg nokre spørsmål. Det eine spørsmålet er om du har hatt næringsaktivitet. Der svarer du nei, og du vil få ei skattemelding med null i næringsinntekt.
Du må deretter sjekke dei personlege skatteopplysningane dine før du sender inn skattemeldinga.
Sjå filmen som forklarer korleis du leverer skattemeldinga med næringsspesifikasjon når du ikkje har hatt aktivitet
Du må levere skattemeldinga sjølv om du nyleg har avslutta næringsverksemda.
Du kan framleis få ei skattemelding for næringsdrivande to år etter at du har avslutta enkeltpersonføretaket. Då må du levere skattemeldinga for næringsdrivande med næringsspesifikasjon.
Når du opnar næringsspesifikasjonen første gongen, stiller vi deg nokre spørsmål. Eitt av desse er om du har driftsinntekter over 50 000 kroner. Om du svarer nei på dette, får du ein forenkla næringsspesifikasjon som er tilpassa deg.
Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan dele inntekta frå ei felles verksemd mellom seg. De må båe ha jobba i verksemda i inntektsåret.
Om du representerer ein avdød som dreiv næring, må du levere skattemelding for den avdøde/dødsbuet.
Meir om kva du som attlevande må ta stilling til når næringsdrivande døyr
Om du er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetjing, skal du levere éi samla skattemelding som inneheld både opplysningane om deg som privatperson og din andel av inntekta og formuen frå selskapet.
Meir om kva du som deltakar i selskap med deltakarfastsetjing må gjere
Frist og utsetjing
Fristen for å levere skattemeldinga for næringsdrivande er 31. mai. Du kan søkje om utsetjing, men du må gjere det før fristen går ut.
For å få eventuelle skattepengar utbetalte til rett tid, må du sørgje for at kontonummeret vi har registrert, er rett.
Blir det vanskeleg å rekke fristen, kan du søkje om utsetjing.
Viss du ikkje leverer innan fristen, kan du få tilleggsskatt eller tvangsmulkt.
Rekneskapsførarar og revisorar kan også søkje om utsetjing på vegner av klientane sine.
Utanlandske selskap kan søkje om fritak frå levering av skattemeldinga. Fritak kan bli innvilga dersom verksemda di, som er utført i Noreg i inntektsåret, er unntatt frå skattlegging i Noreg etter ein skatteavtale.
Du søkjer fritak ved å logge deg inn og fylle ut kontaktskjemaet. Vel temaet «Skattemelding».
For å unngå tvangsmulkt for manglande levering, bør du sende søknaden i god tid før fristen for leveringa av skattemeldinga.
Du kan registrere eller endre kontonummeret viss du ønskjer at pengar som skal utbetalast til deg skal gå til ein annan konto enn den som er registrert på deg.
Sjå eller endre skattemeldinga for tidlegare år
Du kan sjå og sjølv endre skattemeldinga for dei tre siste inntektsåra.
Om du har levert skattemeldinga frå eit rekneskaps- eller årsoppgjerssystem og skal endre henne, startar du ei ny innsending i systemet ditt på det året du ønskjer å endre.
Om du har levert via skatteetaten.no, må du logge deg inn og endre opplysningane direkte. Hugs at du må sende inn skattemeldinga for at endringane skal bli registrerte.
Slik fungerer skattemeldinga
Når du driv eit enkeltpersonføretak held det å levera éi skattemelding, der du oppgir både dei personlege skatteforholda dine og opplysningar om næringsverksemda di.
Sjå videoen som forklarer korleis du opnar og fyller ut skattemeldinga med næringsspesifikasjon:
Hjelp og støtte til systemleverandørar og samarbeidspartnarar
Ønskjer du tilgang til teknisk dokumentasjon for skattemeldinga, informasjon om korleis du kan teste systemet ditt eller andre nyttige tips, finn du dette på skattemeldinga si side på GitHub:
Du finn også informasjon om den nye skattemeldinga på Altinn digitalisering.