Viktig informasjon

Vi gir deg beskjed når skattemeldinga di er klar

Alle får ikkje tilgang til skattemeldinga samtidig.

Skattemeldinga blir tilgjengeleg for deg ein av dagane mellom 14. og 31. mars

Viss du ikkje har fått nokon beskjed frå Skatteetaten om at skattemeldinga di er klar, kan du vente med å logge inn.

Vi gir deg beskjed når skattemeldinga (sjølvmeldinga) di er klar. Dei fleste blir varsla i e-post, og nokon får sms.

Andre varslar (ikkje skattemeldinga)

Vi sender òg ut andre varsel for tida. Til dømes om endra skatteoppgjer for 2020 eller aksjar. Vêr oppmerksam på at varslar du får kan gjelde anna enn skattemeldinga for 2021.

Andre måtar å logge inn

Dei som prøver å komme inn på skattemeldinga inntektsåret 2022 før dei har fått e-post, eller loggar inn frå andre stader som til dømes Mi side eller via Altinn, vil ikkje finne skattemeldinga si. Du må vente på at vi varslar deg om at skattemeldinga di er klar

Skattemeldinga fungerer som ho skal for alle dei som har fått e-post om at ho er tilgjengeleg.

Medan du ventar

Du kan førebu deg til skattemeldinga di kjem, ved å lese litt meir om desse temaa:

Frådragsrettleiaren
Hjelp til å forstå kva frådrag du kan ha krav på.

Skatt når noko skjer i livet
Dette er lurt å tenke på når livet endrar seg.

Tema: