Telefon og internett

Bedrifta kan få frådrag for kostnader til elektroniske kommunikasjonstenester (EK-tenester).

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som driv ei verksemd og har kostnader til EK-tenester. 

Dette må du gjere

Du skal føre dei dokumenterte kostnadene som verksemda har hatt for kjøp og bruk av EK-tenester i rekneskapen.

Frådrag for kostnader

Bedrifta får frådrag for alle kostnader til EK-tenester. Dette gjeld til dømes

  • abonnement
  • fast og mobil tilgang til internett
  • kjøp av telefon og anna utstyr
  • installasjons- og etableringskostnader 

Direkte frådrag eller avskriving ved kjøp av utstyr

Elektronisk kommunikasjonsutstyr som hovudsakleg blir brukt i næringa, er eit driftsmiddel som bedrifta kan krevje frådrag for. Korleis du fører kostnaden kjem an på kor stort beløpet er og på den forventa levetida.

Spesielt for deg som

Innehavaren og ektefellen skal ikkje behandlast som tilsette. Verksemda skal ikkje rapportere utbetalingar og arbeidsforhold i a-meldinga.

Verksemda får frådrag for kostnader til EK-tenester som blir brukte i næringa, og ikkje privat. Du frådragsfører først alle kostnadene i rekneskapen. Privat bruk blir tilbakeført automatisk, og gir eit inntektstillegg på inntil 4 392 kroner per år.

Viss totalkostnadene for EK-tenestene er lågare, blir inntektstillegget likt dei samla totalkostnadene.

Viss du ikkje bruker EK-tenester privat, må du sannsynleggjere det. Det kan vere aktuelt viss du har to mobilabonnement.

Rettleiinga til a-meldinga gjer greie for korleis arbeidsgivarar skal rapportere lønn og tilsvarande ytingar, og kva den skattemessige konsekvensen for den tilsette blir. I denne samanhengen er lønn alle trekkpliktige godtgjersler og skattepliktige naturalytingar.

Deltakarar i SDF blir skattlagde for ein sjablongmessig fastsett fordel for privat bruk av den elektroniske kommunikasjonen til selskapet.

Den delen som blir rekna som privat bruk blir behandla som ei arbeidsgodtgjersle eller som ei utdeling frå selskapet.

Skatteplikta for dei tilsette

Arbeidstakarar må betale skatt av fordelen dei får ved å bruke EK-tenestene til arbeidsgivaren. Skatteplikta gjeld inntil beløpsgrensa på 4 392 kroner. Det gjeld anten arbeidsgivaren rapporterer fordelen som ei utgiftsgodtgjersle eller som ei naturalyting i a-meldinga.

Unntak:

Det skal ikkje bereknast nokon skattepliktig fordel om arbeidstakaren legg telefonen att på arbeidsstaden kvar dag.

Når arbeidstakarar berre har sporadisk tilgang til å bruke EK-tenestene til arbeidsgivaren privat, er det ikkje skattepliktig. Det krev at bruken ikkje overstig 14 dagar over ein periode på 30 dagar, og ikkje meir enn 30 dagar totalt per inntektsår.

Arbeidsgivaren kan dekkje fellesfakturerte varer og tenester til og med
1 000 kroner utan at det blir skattepliktig for den tilsette.

Fellesfakturerte varer og tenester er til dømes teletorgtenester, overprisa SMS/MMS, programvare, nedlasting eller strøyming av musikk, filmar og spel. 

Den delen av dei fellesfakturerte varene og tenestene som er over 1 000 kroner, og som er privat bruk, skal rapporterast og skattleggjast som lønn etter dei vanlege reglane.

Den generelle beløpsgrensa for skattefrie gåver i eit arbeidsforhold er 5 000 kroner. Ein arbeidsgivar kan gi fri telefon og internett som ei skattefri gåve til tilsette. Skattefrie gåver til tilsette skal ikkje rapporterast i a-meldinga.

Dokumentasjon

Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.