Kjøpe eigedelar til bedrifta
Bedrifta kan ha rett til frådrag når ho kjøper driftsmiddel (eigedelar) som taper seg i verdi etter kvart som dei blir brukte eller blir eldre. Kostnadene ved kjøp av driftsmiddel kan fordelast over fleire år (avskrivast).
Gjeld det meg?
Dette gjeld deg som er næringsdrivande og har driftsmiddel i bedrifta.
Med driftsmiddel meiner vi eigedelar som bedrifta eig og bruker i verksemda. Det kan vere fysiske eigedelar, som til dømes bilar, kopimaskiner eller bygningar. Driftsmiddel kan også vere lisensar, konsesjonar, patent eller liknande.
Typen driftsmiddel og verdien avgjer
Bedrifta kan berre få frådrag for driftsmiddel som taper seg i verdi etter kvart som dei blir brukte eller blir eldre.
Bedrifta kan ikkje få frådrag for driftsmiddel som held seg i verdi, som til dømes tomter, vegar, bustader og kunst.
Kva type driftsmiddel, og kva driftsmiddelet kosta då bedrifta kjøpte det, avgjer når og korleis du kan føre frådrag.
Vi har ei beløpsgrense som seier når du kan frådragsføre i kjøpsåret og når du kan avskrive.
- til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner
Frådrag du kan føre i kjøpsåret (anskaffingsåret)
Du kan føre frådrag i kjøpsåret viss driftsmiddelet
- kostar opp til beløpsgrensa
eller - har ei forventa brukstid på mindre tre år
- til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner
Eit driftsmiddel bedrifta sjølv tilverkar, blir rekna som anskaffa når det er ferdig.
Eit driftsmiddel bedrifta kjøper, blir rekna som anskaffa når det er levert.
Bedrifta kan først få frådrag når driftsmiddelet er ferdig eller levert.
Dette gjeld også erverva forretningsverdi (goodwill), til dømes verdien av eit merkenamn eller ein kompetanse.
Du kan velje å fordele frådraget for kostnaden over brukstida du trur driftsmiddelet vil ha når det
- kostar over beløpsgrensa
- har ei brukstid på mindre enn 3 år
Viss bedrifta kjøper tidsavgrensa rettar som berre varer i kjøpsåret, kan du føre frådraget med ein gong. Retten må vere kjøpt til bruk i bedrifta, tape seg i verdi og verken vere betydeleg eller varig.
Frådrag du må fordele over fleire år
Hovudregelen er at du skal fordele frådraget for kostnaden over fleire år viss alle desse vilkåra er oppfylte:
- driftsmiddelet kostar over beløpsgrensa
- driftsmiddelet har ei forventa brukstid på meir enn tre år
- driftsmiddelet taper seg i verdi på grunn av bruk eller alder
- til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner
Du skal aktivere kostnaden for driftsmiddelet i rekneskapen i kjøpsåret. Når du avskriv, fordeler du kostnaden til driftsmiddelet over fleire år i rekneskapen. Du får frådrag etter kvart som du bruker driftsmiddelet og det taper seg i verdi.
Du avskriv driftsmiddelet med ein fast prosentsats kvart år, heilt til restverdien på driftsmiddelet er under beløpsgrensa.
- til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner
Dei ulike typane driftsmiddel er delte inn i saldogrupper med ulike avskrivingssatsar.
- Driftsmiddel som inngår i gruppe a, b, c og d, blir avskrivne under eitt for kvar gruppe (samlesaldo for kvar gruppe).
- Faste, tekniske installasjonar som inngår i gruppe j, blir avskrivne på ein samlesaldo for kvart bygg.
- Driftsmiddel som inngår i gruppe e, f, g, h og i blir førte på ein eigen saldo for kvart driftsmiddel.
Døme på saldoavskriving
Bedrifta kjøpte i 2023 ein pc med skjerm, det vil seie eit driftsmiddel i saldogruppe a, for 50 000 kroner. Pc-en kan avskrivast med inntil 30 prosent av restverdien kvart år. Avskrivingane blir:
År 1: 50 000 kroner x 30 % = 15 000 kroner blir frådragsførte
Restsaldo: 35 000 kroner
År 2: 35 000 kroner x 30 % = 10 500 kroner blir frådragsførte
Restsaldo: 24 500 kroner
År 3: 24 500 kroner x 30 % = 7 350 kroner blir frådragsførte
Restsaldo: 17 150 kroner
Restsaldoen vil aldri gå i null, men når saldoen er under beløpsgrensa, kan restverdien frådragsførast.
Når du kjøper ein tidsavgrensa rett som varer ut over det året du kjøper han, skal du føre retten i rekneskapen i kjøpsåret og aktivere han. Dette gjeld også om kostnaden for retten er under beløpsgrensa eller om levetida er mindre enn tre år.
Når du bruker ein rett med ei formell, avgrensa levetid, kan du avskrive kjøpsverdien med like store, årlege beløp, fordelt over levetida på retten.
Viss verdifallet på retten openbert skjer raskare, kan du føre høgare årlege frådrag.
Tidsuavgrensa driftsmiddel kan i utgangspunktet ikkje avskrivast. Viss ein rett taper seg mykje i verdi, kan bedrifta likevel ha rett til frådrag. Då må bedrifta sannsynleggjere at retten har er eit openbert, varig verdifall.
Ulike måtar å avskrive på
Enkeltpersonføretak er ofte berre bokføringspliktige og frådragsfører ved hjelp av saldoavskrivingar. Viss føretaket er rekneskapspliktig, gjeld dei same reglane som for aksjeselskap.
Aksjeselskap er rekneskapspliktige og bruker lineære avskrivingar i rekneskapen.
Du avskriv driftsmiddelet med ein fast prosentsats kvart år, heilt til restverdien på driftsmiddelet er under beløpsgrensa.
- til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner
Dei ulike typane driftsmiddel er delte inn i saldogrupper med ulike avskrivingssatsar.
- Driftsmiddel som inngår i gruppe a, b, c og d, blir avskrivne under eitt for kvar gruppe (samlesaldo for kvar gruppe).
- Faste, tekniske installasjonar som inngår i gruppe j, blir avskrivne på ein samlesaldo for kvart bygg.
- Driftsmiddel som inngår i gruppe e, f, g, h og i blir førte på ein eigen saldo for kvart driftsmiddel.
Døme på saldoavskriving
Bedrifta kjøpte i 2023 ein pc med skjerm, det vil seie eit driftsmiddel i saldogruppe a, for 50 000 kroner. Pc-en kan avskrivast med inntil 30 prosent av restverdien kvart år. Avskrivingane blir:
År 1: 50 000 kroner x 30 % = 15 000 kroner blir frådragsførte
Restsaldo: 35 000 kroner
År 2: 35 000 kroner x 30 % = 10 500 kroner blir frådragsførte
Restsaldo: 24 500 kroner
År 3: 24 500 kroner x 30 % = 7 350 kroner blir frådragsførte
Restsaldo: 17 150 kroner
Restsaldoen vil aldri gå i null, men når saldoen er under beløpsgrensa, kan restverdien frådragsførast.
Slik gjer du det i skattemeldinga
Denne videoen viser korleis du registrerer skattemessige avskrivingar av driftsmiddel i næringsspesifikasjonen:
Bedrifter som er rekneskapspliktige må rekne om frå lineær avskriving til saldoavskriving når dei skal levere skattemeldinga. Dette gjer at selskapet eller føretaket får ein mellombels skilnad mellom rekneskapsmessig frådragsføring og skattemessig frådragsføring. Den mellombelse skilnaden blir jamna ut over tid.
Mellombels skilnad mellom rekneskap og skatt
Rekneskapslova og skattelova har ulike måtar å avskrive på, høvesvis lineær avskriving og saldoavskriving. Du må korrigere for desse skilnadene når du skal berekne skattegrunnlaget for bedrifta.
Bedrifta kjøpte i 2023 ein pc med skjerm, det vil seie eit driftsmiddel i saldogruppe a, for 50 000 kroner. Pc-en kan avskrivast med inntil 30 prosent av restverdien kvart år. Avskrivingane blir:
År 1: 50 000 kroner x 30 % = 15 000 kroner blir frådragsførte
Restsaldo: 35 000 kroner
År 2: 35 000 kroner x 30 % = 10 500 kroner blir frådragsførte
Restsaldo: 24 500 kroner
År 3: 24 500 kroner x 30 % = 7 350 kroner blir frådragsførte
Restsaldo: 17 150 kroner
Bedrifta AS må følgje rekneskapsreglane for avskrivingar. Selskapet kjøpte i november 2023 ein pc med skjerm for 50 000 kroner. Bedrifta vurderer at ein fornuftig avskrivingsplan er å avskrive pc-en over tre år, med likt beløp kvart år.
År 1: 50 000 kroner / 3 = 16 667 kroner. Avskrivingar for november–desember: 16 667 kroner / 12 x 2 = 2 777 kroner
År 2: 50 000 kroner / 3 = 16 667 kroner
År 3: 50 000 kroner / 3 = 16 667 kroner
År 4: 50 000 kroner / 3 = 16 667 kroner. Avskrivingar for januar–oktober: 16 667 kroner / 12 x 10 = 13 889 kroner
Kjøpskostnaden er ferdig avskriven i år 4.
År | Saldoavskriving | Lineær avskriving | Mellombels skilnad |
År 1 | 15 000 | 2 777 | 12 223 |
År 2 | 10 500 | 16 667 | - 6 167 |
År 3 | 7 350 | 16 667 | - 9 317 |
År 4 | 5 145 | 13 889 | - 8 744 |
År 5 | 12 005 | 0 | 12 005 |
Sum | 50 000 | 50 000 | 0 |
Spesielt for deg som
Føretaket kan kjøpe ein eigedel av deg (innehavaren) som privatperson. Prisen skal vere lik det du kunne ha selt eigedelen for på den opne marknaden, ikkje det du kjøpte eigedelen for. Du kan ikkje selje eigedelen til ein kunstig låg eller høg pris.
Du må kunne dokumentere kjøpet, der det står at du har sjekka marknadsverdien for ein tilsvarande eigedel.
Når eit selskap kjøper eigedelar frå ein aksjonær eller ein av aksjonæren sine nærståande, bør selskapet leggje marknadsverdien til grunn. Marknadsverdien er den prisen eigedelen normalt kan omsetjast for.
Selskapet må kunne dokumentere kva marknadsverdien var på det tidspunktet dei kjøpte eigedelen. Dokumentasjonen kan til dømes vere ein takst frå ein eigedomsmeklar eller ein forhandlar.
Som nærståande reknar ein ektefelle og personar som aksjonæren er i slekt eller svogerskap med i opp- og nedstigande linje, eller i sidelinje så nær som onkel og tante.