Driftsmiddel (eigedelar) i bedrifta
Når du kjøper driftsmiddel til bedrifta di, kan du ha rett til frådrag. Viss du sel driftsmiddel med gevinst, er dette skattepliktig inntekt for bedrifta. Viss du sel med tap, kan du ha rett på frådrag.
Gjeld det meg?
Dette gjeld deg som er næringsdrivande og har driftsmiddel i bedrifta.
Med driftsmiddel meiner vi eigedelar som bedrifta eig og bruker i verksemda. Det kan vere fysiske eigedelar, som til dømes bilar, kopimaskiner eller bygningar. Driftsmiddel kan også vere lisensar, konsesjonar, patent eller liknande.
Skilnaden på eigedel og driftsmiddel
Du kan ha rett til frådrag når du kjøper driftsmiddel som hovudsakleg er kjøpt inn til bruk i bedrifta.
Viss driftsmiddelet delvis blir brukt i bedrifta, og delvis til andre føremål, til dømes privat, skal det som hovudregel ikkje fordelast mellom bruk i og utanfor bedrifta. Anten er det eit driftsmiddel i bedrifta, eller ikkje.
Eigedelar som er kjøpte inn for sal, blir kalla omløpsmiddel (varer) og er ikkje driftsmiddel.
Eigedelar som hovudsakleg dekkjer det private behovet til eigaren, blir ikkje rekna som driftsmiddel i føretaket.
Unntak for eigen bustaddel i bygg som blir avskrive
Viss eigaren bruker ein del av eit bygg som ikkje er seksjonert som sin eigen bustad, skal ikkje bustaddelen takast med i grunnlaget for avskriving. Dette gjeld også viss bygget er eigd av eit sameige.
Ein eigedel blir rekna som driftsmiddelet til selskapet sjølv om eigedelen hovudsakleg blir brukt av aksjonærar, deltakarar eller tilsette. Det gjeld også viss eigedelen blir brukt av aksjonærar eller deltakarar i nærståande selskap.
Eigedelen blir også rekna som driftsmiddelet til selskapet når aksjonærane, deltakarane eller dei tilsette betaler for å bruke han, og bruken er skattepliktig. Då må selskapet betale skatt av uttaket eller fordelen av bruken.
Uttak av eigedelar eller tenester
I selskap med deltakarfastsetjing blir privat bruk eller uttak behandla som utdeling eller arbeidsgodtgjersle.
Frådrag og avskriving ved kjøp
Bedrifta kan ha rett til frådrag for driftsmiddel som taper seg i verdi etter kvart som dei blir brukte eller blir eldre. Kostnadene ved kjøp av driftsmiddel kan fordelast over fleire år (avskrivast).
Inntekt og frådrag ved sal
Viss du sel driftsmiddel med gevinst, er gevinsten skattepliktig inntekt for bedrifta. Viss du taper pengar på salet, kan du ha rett til frådrag.
Frådrag ved bruk og påkosting
Bedrifta kan krevje frådrag for utgiftene ho har hatt ved å leige ein eigedel.
Bedrifta kan ikkje avskrive ein leigd eigedel.
Viss ei bedrift har inntekt frå utleige av varige driftsmiddel, er det skattepliktig inntekt for bedrifta. Døme på dette er utleige av køyretøy, konteinarar, datautstyr eller fast eigedom som er driftsmiddel i næringa.
Viss du som eigar av føretaket bruker delar av eigen eigedom til føretaket ditt, kan du ikkje ta husleige av deg sjølv som privatperson. Føretaket
får ikkje frådrag for husleigekostnader som blir betalte til deg som innehavar.
Føretaket kan ikkje leige av ein ektefelle.
Dette gjeld også for andre eigedelar du eig privat.
Når ein aksjonær eller aksjonæren sine nærståande bruker eigedelane til selskapet privat, skal dei i utgangspunktet betale marknadspris for bruken. Marknadspris er det beløpet selskapet kan forvente å få på den opne marknaden. Selskapet skal føre leigebeløpet som ei inntekt i rekneskapen.
Når ein aksjonær betaler mindre enn marknadspris, skal selskapet føre differansen mellom marknadspris og faktisk betaling som eit skattepliktig uttak. Selskapet skal føre uttaket som ei inntekt i rekneskapen.
Viss selskapet har kjøpt ein eigedel som i hovudsak skal vere til disposisjon for aksjonæren sin private bruk, og kostnaden er høgare enn marknadsprisen, skal selskapet føre den totale kostnaden som uttak i rekneskapen.
Når selskapet skal berekne fordelen ved uttaket, skal alle dei årlege kostnadene som gjeld eigedelen vere med. Døme på kostnader:
- gjeldsrenter som gjeld eigedelen
- berekna rentefordel av nytta eigenkapital
- diverse driftsutgifter, som forsikring, straum og vedlikehald
- faktisk verdifall på grunn av slitasje og alder. Her kan avskrivingane i rekneskapen brukast som utgangspunkt
Når ein aksjonær betaler mindre enn det som er dei årlege kostnadene, skal selskapet føre differansen mellom dei årlege kostnadene og den prisen aksjonæren har betalt som skattepliktig uttak. Selskapet skal føre uttaket som inntekt i rekneskapen sin.
For ein aksjonær som arbeider i selskapet, må selskapet må vurdere om fordelen skal reknast som lønn eller utbytte.
Eigedelar bedrifta eig
Når bedrifta har kosta på tidlegare aktiverte driftsmiddel, kan ho få frådrag for kostnadene. Bedrifta skal føre kostnaden i rekneskapen (aktivere for avskriving), sjølv om påkostinga er under beløpsgrensa eller har ei varigheit på under tre år. Dette gjeld også viss driftsmiddelet er heilt nedskrive eller står med negativ saldo.
Viss du førte heile frådraget for driftsmiddelet same år som bedrifta kjøpte det, skal du berre aktivere påkostinga viss driftsmiddelet er varig og påkostinga er over beløpsgrensa. Beløpet blir avskrive på same måte som då du kjøpte driftsmiddelet.
Tilpasse ein eigedel til ein aksjonær
Viss selskapet har kosta på ein eigedel for å tilpasse det til ein aksjonær, utan at det har verdi for selskapet, skal verdien av tilpassinga førast som uttak i det året påkostinga skjer.
Eigedelar bedrifta leiger
Viss bedrifta har påkostingar på ein eigedel ho leiger, skal bedrifta føre kostnaden i rekneskapen over leigeperioden. Unntaksvis kan du aktivere og avskrive påkostinga i den saldogruppa eigedelen høyrer til. Viss du til dømes kostar på eit kontorbygg, må du avskrive etter reglane som gjeld for bygget.
Spesielt for
Når eit selskap eig eller leasar ein bil, blir bilen alltid rekna som ein næringsbil for selskapet. Køyringa til dei tilsette i yrket blir rekna som bruk i næring.
Når eit selskap med deltakarfastsetjing eig eller leasar ein bil og ein deltakar bruker bilen, er det næringskøyring for selskapet. Det gjeld anten deltakaren bruker bilen i bedrifta eller privat. Når deltakaren bruker bilen privat, skal deltakaren betale skatt av bruken.
Enkeltpersonføretak
Viss ei campingvogn blir brukt som etebrakke eller overnattingsbrakke for tilsette eller andre arbeidarar, kan eigaren krevje frådrag for kostnadene.
Viss campingvogna hovudsakleg blir brukt i føretaket og kostar over beløpsgrensa, kan du aktivere og avskrive henne. Viss campingvogna også blir brukt privat, må du vurdere kor mykje av bruken dette utgjer, for å berekne fordelen ved privat bruk.
Ei campingvogn blir ofte kjøpt til privat bruk. Viss campingvogna ikkje hovudsakleg er i bruk i bedrifta di, kan du krevje frådrag for det ekstra verditapet som kjem av bruken i føretaket. Du må bruke skjønn for å vurdere kor stort verditapet er.
Det årlege frådraget er avgrensa til 10 prosent av prisen for campingvogna som ny.
Viss føretaket leiger ei campingvogn, kan det krevje frådrag for leigekostnadene som gjeld bruken i føretaket. Viss campingvogna blir brukt både i føretaket og privat, kan føretaket krevje frådrag for den delen av leiga som gjeld bruken i føretaket.
Selskap
Ei campingvogn blir rekna som selskapet sitt driftsmiddel, sjølv om ho hovudsakleg blir brukt av aksjonærar, deltakarar eller tilsette. Det gjeld også viss campingvogna blir brukt av aksjonærar eller deltakarar i nærståande selskap.
Campingvogna blir rekna som selskapet sitt driftsmiddel også når aksjonærane, deltakarane eller dei tilsette betaler for å bruke henne og bruken er skattepliktig. Då må selskapet betale skatt av uttaket eller fordelen av bruken.
I selskap med deltakarfastsetjing blir privat bruk eller uttak behandla som utdeling eller arbeidsgodtgjersle.
Viss du leiger ut ein bustad eller fritidseigedom med møblar og innbu, kan du føre frådrag for heile kostnaden til innbuet i kjøpsåret dersom desse tre vilkåra er oppfylte:
- det er kjøpt hovudsakleg for bruk i utleiga
- det taper verdi ved slitasje og/eller elde
- det har ein kostpris som er under beløpsgrensa, eller ei brukstid på under tre år
- til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
- frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner
Døme:
Viss du kjøper ei seng for 13 000 kroner, kan du få for frådrag for heile beløpet det året du kjøpte senga. Det same gjeld dersom du kjøper ei snøskuffe til 700 kroner.
Viss kostprisen for møblar og inventar er over beløpsgrensa, kan du saldoavskrive (saldogruppe d, avskrivingssats 20 prosent). I praksis går det aldri i null, men når saldoen er under beløpsgrensa før årets avskriving, kan heile restverdien (saldoen) frådragsførast.
Døme på avskriving:
Viss du kjøper ein sofa til 50 000 i år 1, kan du få frådrag for avskrivingar med (50 000 x 20 %) 10 000 kroner det første året. År 2 er restverdien (50 000 – 10 000) 40 000 kroner og frådraget for avskriving dette året blir (40 000 x 20 %) 8 000 kroner.
Ved kortare utleigeperiode enn 3 år, der du sjølv bruker møblane før og etter utleigeperioden, kan du i staden for saldoavskrivingar krevje frådrag for 15 prosent av brutto leigeinntekter.
Døme ved utleige av møblert bustad:
Du skal leige ut bustaden din møblert i to år. Den årlege leiga er avtalt til 200 000 kroner. I staden for saldoavskrivingar kan du då frådragsføre (200 000 x 15 %) 30 000 i avskrivingar både i år 1 og år 2 (det vil seie 60 000 kroner til saman).
For nyinnkjøpt innbu skal du rekne ut frådraget med utgangspunkt i prisen du betalte for innbuet. For innbu som er brukt av eigaren, skal du setje inngangsverdien til den estimerte salsverdien på tidspunktet utleiga byrjar.
Viss du leiger ut ein fullt møblert bustad for ein kortare periode, og du bruker innbuet privat både før og etter utleigeforholdet, kan du krevje eit skjønnsmessig frådrag for innbuet som blir sett til 15 prosent av brutto leigeinntekt. Viss du har inntekter frå korttidsutleige av eigen bustad, skal du halde dei utanfor. Denne regelen skal du ikkje bruke når utleigeperioden er over tre år.
Kvart møbel blir rekna som eit eige driftsmiddel, men innkjøp av fleire møblar under beløpsgrensa kan i nokre tilfelle bli vurdert som ei samla eining, slik at den totale kjøpsprisen skal aktiverast og avskrivast. Møblane kan bli vurderte som ei eining viss dei er av same art og har same funksjon. Dette kan til dømes vere tilfelle ved innkjøp av ein sofaseksjon med tilhøyrande bord og stol.
Kor mykje skatt du skal betale når du sel eigedommen, kjem mellom anna an på kva du sel, kva eigedommen blir brukt til og kven du sel til.
Viss bedrifta taper eller må ekspropriere større eigedelar i saldogruppe e til h og får ein gevinst når eigedelen blir erstatta, kan bedrifta på nokre vilkår ha rett på skattefritak. Dette skjer ved ufrivillig realisasjon og gjeld når eigedelen
- har gått heilt tapt ved ei ulukke, til dømes naturskade, brann, forlis, hærverk, flaum eller tjuveri
eller - er ekspropriert
Vilkår
For at bedrifta skal få fritak frå å føre gevinsten frå den ufrivillige realisasjonen som inntekt må
- bedrifta bruke erstatninga (vederlaget) til å kjøpe ein ny eigedel av same type,
og - den nye eigedelen vere kjøpt eller det må vere inngått bindande avtale om kjøp innan utløpet av det tredje året etter den ufrivillige realisasjonen
Viss bedrifta ikkje har kjøpt ein ny eigedel innan tidsfristen, skal bedrifta setje 80 prosent av gevinsten på gevinst- og tapskontoen i det året fristen går ut. Dei siste 20 prosentane av gevinsten, skal bedrifta føre som inntekt i det året fristen går ut.
Døme:
Erstatninga (vederlaget) bedrifta har fått for eit driftsmiddel er på 1 000 000 kroner. Gevinsten på driftsmiddelet er 400 000 kroner.
Bedrifta bruker heile erstatninga på 1 000 000 kroner til å kjøpe ein ny eigedel. Vilkåret er då oppfylt for heile gevinsten på 400 000 kroner.
Viss bedrifta bruker 800 000 kroner, det vil seie 8/10 av erstatninga til å kjøpe ein ny eigedel, så reknar vi det som at 8/10 av gevinsten på 400 000 kroner (320 000 kroner) er brukt (reinvestert). Då skal 80 000 kroner førast som inntekt.
Spesielt om ufrivillig realisasjon av driftsmiddel i
saldogruppe j
Reglane gjeld også driftsmiddel som blir avskrivne på ein eigen samlesaldo for kvar bygning.
Viss bedrifta får ein negativ saldo når ho nedskriv med erstatninga på samlesaldoen for fast teknisk installasjon i den aktuelle bygninga, kan bedrifta få skattefritak for dette beløpet.
Bedrifta skal ikkje berekne gevinst for driftsmiddel i saldogruppe j.
Dokumentasjon
Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, tar vi kontakt med deg.