Bruke eigen bustad i næring

Bruker du delar av din eigen bustad i næringsverksemda di, kan du få frådrag for det i næringsinntekta.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som bruker ein del av bustaden din i næringa, til dømes til heimekontor, hovudkontor, butikk, verkstad eller lager.

Når kan eg få frådrag?

For å få frådrag må rommet i bustaden berre brukast til næringsverksemda. Bruker du rommet privat òg, får du ikkje frådrag.

Eit døme på rom som gir rett til frådrag, er eit innreidd heimekontor som ikkje blir brukt privat.

 

Har du eit enkeltpersonføretak, kan du berre krevje frådrag for kostnadene som gjeld næringsverksemda. Du får ikkje frådrag for berekna leige.

Har du kostnader som òg gjeld privat bruk, må du fordele kostnadene mellom den private bruken og næringsverksemda.

Driv du næringa di i eit aksjeselskap, vil kostnadene selskapet har med å leige areal i den private bustaden din, vere ein vanleg driftskostnad for selskapet.

For at selskapet skal få frådrag, må det vere eit reelt leigeforhold mellom deg som eigar og selskapet. Leiga må også svare til marknadsleiga, altså det same som andre ville betalt for å leige lokala dine. Bereknar du ei for høg leige, vil den overskytande delen bli rekna som privat uttak av utbytte eller lønn frå aksjeselskapet.

Du må vurdere desse spørsmåla:

  • Har du som utleigar og aksjeselskapet som leigetakar ein skriftleg avtale?
  • Er det berre aksjeselskapet som disponerer arealet?
  • Har arealet eigen inngang, så dei som leiger ikkje må gå gjennom rom som blir brukte privat?
  • Er areala laga til for næringsverksemda, og er det vanskeleg å omdisponere dei til eit anna føremål?
  • Eig eller leiger aksjeselskapet inventaret i lokala? 
  • Står omfanget av næringa i forhold til leigekostnaden? 
  • Blir lokala brukte av andre tilsette i aksjeselskapet òg? 
  • Blir lokala brukte til å ta imot kundar? 
  • Har lokala direkte tilgang til eige toalett? 
  • Er lokala markerte utvendes med til dømes skilt og opplysningar på internettsider? 
  • Blir lokala brukte i vanleg arbeidstid?
  • Er lokalet det einaste kontoret aksjeselskapet har? 

Dette er ikkje ei fullstendig liste, og ingen av punkta er avgjerande åleine, men du må sjå dei i samanheng.

Døme på når det ikkje er eit reelt leigeforhold:

  • Selskapet leiger den private garasjen din til ein bil som blir disponert av deg privat
  • Selskapet dekkjer den private garasjeleiga di

Er det ikkje eit reelt leigeforhold, blir betalinga for bruken av den private bustaden, garasjen eller liknande behandla som lønn eller utbytte frå aksjeselskapet.

Heimekontor

Driv du næringa di saman med andre i eit selskap med deltakarfastsetjing (SDF), skal frådrag for heimekontor fastsetjast av kvar enkelt deltakar.

Annan bruk

Selskap med deltakarfastsetjing kan få frådrag for leigekostnader til deltakarane på same vis som eit aksjeselskap.

Er det ikkje eit reelt leigeforhold, blir betalinga for bruken av den private bustaden, garasjen eller liknande behandla som utdeling eller arbeidsgodtgjersle.

Frådrag etter standardsats eller faktiske kostnader

Standardsats

Bur du i minst 50 prosent av bustaden (rekna etter leigeverdien), kan du velje om du vil bruke ein standardsats, eller om du vil føre frådrag for dei faktiske kostnadene for den delen av bustaden du bruker i næringa. Dette gjeld òg om du leiger ut ein større del av bustaden din, så lenge dei samla leigeinntektene i året ikkje er over 20 000 kroner.

Faktiske kostnader

Faktiske kostnader kan vere utgifter til straum, vedlikehald og delar av faste utgifter på heile huset, som forsikring, kommunale avgifter og ytre vedlikehald. Når du skal fastsetje frådraget, må du sannsynleggjere og dokumentere kostnadene for den delen av bustaden som berre blir brukt i næringa. 

Leiger du bustaden, må du fordele kostnaden mellom bustaddelen og næringsdelen. Du får berre frådrag i næringsinntekta for den delen som gjeld næringsverksemda.

Aksjeselskapet får frådrag for det beløpet selskapet betaler deg personleg for den reelle leiga av dei private lokala dine. Betaler aksjeselskapet deg ei utgiftsgodtgjersle i form av ein standardsats, får selskapet frådrag for dette som ein lønnskostnad.

Er du lønnsmottakar i aksjeselskapet, vil kostnader som selskapet ikkje dekkjer inngå i minstefrådraget.

Døme:

Dersom aksjeselskapet betaler 25 000 kroner i månaden for leige av eit lokale med ein marknadsverdi på 20 000 kroner, blir 5 000 kroner rekna som utbytte eller lønn. Selskapet får berre frådrag for 20 000 kroner som leigekostnad.

 

Heimekontor

Heimekontor – sats for trekkfri og skattefri utgiftsgodtgjersle

Meir om heimekontor og skatt når du er tilsett

Selje bustad som har vore brukt i næring

Sel du bustaden din som òg har vore brukt i næring, må du betale skatt for den delen av gevinsten som har vore knytt til næringsbruken. Dette gjeld sjølv om du elles kan selje bustaden skattefritt.

Er du derimot lønnsmottakar i ditt eige aksjeselskap, blir du rekna for å ha budd òg i den delen av bustaden som er brukt i yrket, men ikkje leigd ut til aksjeselskapet. Gevinsten frå salet av heile bustaden vil då vere skattefri om vilkåra elles er oppfylte.

Skatt når du skal selje bustad eller annan eigedom