Kontakt oss
Lurer du på noko, er du velkommen til å kontakte oss.
No lurer mange på dette
Har du eit identitetsnummer i Folkeregisteret, og har fått beskjed frå BankID om å identifisere deg på nytt, må du sjekke at Folkeregisteret har registrert rett nummer på ID-dokumentet ditt.
Du som har d-nummer må også ha registrert status “kontrollert” i Folkeregisteret.
Har du fått ei skattemelding for næringsdrivande, må du levere henne. Du må levere skattemeldinga sjølv om du har avslutta næringsverksemda eller ikkje har hatt omsetning.
Lever skattemelding for næringsdrivande
Fristen var 31. mai. Viss du ikkje har levert enno, må du levere skattemeldinga så snart som mogleg for å unngå tvangsmulkt.
Etter at skattemeldinga di er levert, må vi behandle henne og lage eit skatteoppgjer. Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten.
Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, men du får beskjed.
Viss du har fått restskatt, får du ein faktura med betalingsinformasjon i god tid før fristen forfell.
Du treng ikkje å vente til fakturaen kjem før du betaler. Du kan betale inn det du kan med ein gong, og betale litt og litt fram til fristen. På den måten kan du lage din eigen netbetalingsplan.
Har du fått restskatt, er det vanlegvis fordi det har blitt trekt for lite skatt i løpet av året. For å unngå restskatt til neste år, bør du sjekke tala i skattekortet for 2026.
Hvis du tener 100 000 kroner eller mindre i løpet av året, kan du få frikort. Har du meir enn éin arbeidsgivar, må du hugse å fordele frikortbeløpet.
Viss du trur at du kjem til å tene meir enn 100 000 kroner i løpet av året, er det viktig at du bestiller skattekort i staden for frikort.
Chat
Du kan skrive til chat-roboten vår.
Ring oss
Hovudnummeret vårt er 800 80 000.
Det er gratis å ringje dette nummeret.
- 1 Skatt, skattemelding og skatteoppgjer
- 1-1 Privatperson
- 1-2 Enkeltpersonføretak
- 1-3 Aksjeselskap eller andre verksemder
- 1-4 Revisor, rekneskapsførar eller advokat
- 2 Skattekort og forskottsskatt
- 3 Flytting, ekteskap, namn og andre folkeregisterspørsmål
- 4 A-ordninga
- 5 Meirverdiavgift
- 6 Køyretøy, omregistreringsavgift, vektårsavgift, vrakpant, tollkreditt og andre særavgifter
- 7 Betaling og innkrevjing av andre krav enn skatt, mva og særavgift
- 7-1 Barnebidrag, krav frå Nav, Helfo eller Garantikassen
- 7-2 Krav frå politiet, Lånekassen eller Husbanken
- 7-3 Andre offentlege krav
Frå utlandet ringjer du +47 22 07 70 00.
Når du ringjer oss frå utlandet, gjeld eigne prisar.
For spørsmål om eit krav du skal betale eller andre førespurnader om innkrevjing, kjem du lettast i kontakt med ein saksbehandlar ved å ringje nummeret som står i brevet du fekk.
Opningstida vår er 09:00–14:30 alle kvardagar.
Skriv til oss
Dersom du må kontakte oss skriftleg, må du logge deg inn. Du kan ikkje sende e-post til oss.
Skal du sende oss brev i posten, bruker du denne adressa:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Besøk oss
Treng du å møte opp på eit skattekontor, må du bestille time.
Skal du møte opp hos oss, kan du sjå oversikta over skattekontor for å finne det som ligg nærmast:
Saksbehandlingstider
Vi behandlar førespurnaden eller søknaden din så raskt som mogleg.
Sjå den forventa svartida.