Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.
Skattekort
Et skattekort er et elektronisk dokument som viser hvor mye skatt arbeidsgiveren din skal trekke av lønnen din før du får den utbetalt. Alle som har et skattekort, får et nytt hvert år.
Her kan du bestille, sjekke og endre skattekortet ditt.
Nytt skattekort for 2025 kjem 16. desember. Vi varslar deg på e-post eller SMS.
Sjekk skattekortet, så blir det rett
Feil tal i skattekortet kan føre til restskatt. Restskatt vil seie at du har betalt for lite skatt gjennom året, og du må betale det tilbake neste år. Det er viktig at du sjekkar og eventuelt endrar tala i skattekortet ditt, slik at du ikkje betaler for mykje eller for lite skatt.
Dette må du sjekke
Når skattekortet kjem i desember, har vi fylt inn beløpet vi trur du kjem til å tene i 2025. Då ser vi på kva du tente , og justerer opp beløpet fordi dei fleste vil få litt høgare lønn enn året før.
Viss du trur du kjem til å tene meir eller mindre neste år enn beløpet vi har lagt inn, bør du endre det. Du skal leggje inn den samla inntekta, altså beløpet du trur du kjem til å tene samanlagt.
Har du fleire arbeidsgivarar, skal du leggje inn den samla summen av inntektene.
Inntekt kan vere
- lønn
- pensjon eller uføretrygd frå Nav
- sjukepengar, dagpengar, foreldrepengar og andre ytingar frå Nav
Sjekk kva som er rapportert inn frå arbeidsgivarar, pensjonsutbetalerar og andre
Har du lån, får du frådrag for rentene. Det vil seie at det du betaler i renter er med på å avgjere kva du skal betale i skatt.
Vi fyller ut det vi veit du har i lån, og det vi trur du kjem til å betale i renter. Vi veit ikkje om du har tatt opp lån det siste året, så du må alltid sjekke at beløpa vi har fylt inn er rette.
Viss rentene på lån du ser i skattekortet er høgare enn beløpet du faktisk betaler til banken, kan du få restskatt.
Det er fordi vi då legg til grunn at du skal ha eit høgare frådrag enn du faktisk skal ha. Dersom det skjer, må du betale restskatt når skatteoppgjeret kjem året etter.
Du kan lage eit estimat på kva du skal betale i renter det neste året ved å sjekke kva du har betalt i renter den siste månaden, og gange dette med 12. Viss du ikkje finn beløpet i nettbanken, kan du kontakte banken.
Dersom rentene på bankinnskot som du ser i skattekortet er høgare enn det du får frå banken, kan det hende du betaler for mykje skatt. Viss du ikkje finn beløpet i nettbanken, kan du kontakte banken.
Skattekortet blir ikkje automatisk oppdatert dersom rentene endrar seg.
Har du formue, vil du sjå han i skattekortet. Tala hentar vi frå skatteoppgjeret frå det siste året. Det er viktig at du sjekkar at tala framleis er rette.
Du er sjølv ansvarleg
Du må passe på at det blir trekt rett skatt. Skattekortet blir ikkje automatisk oppdatert dersom lønna, rentene eller noko anna endrar seg.
Dette kan du også gjere
Dersom du har eit frikort og du kjem til å tene meir enn 100 000 kroner i 2025, må du bestille eit skattekort.
Når du har oppdatert skattekortet, hentar arbeidsgivaren din det automatisk.
Du får eit nytt skattekort om kort tid, men det kan ta opptil 5 arbeidsdagar om vi må sjå nærare på opplysningane du har lagt inn.
Viss du ikkje har ein elektronisk ID, sender vi meldinga til den folkeregistrerte adressa di.
Viss tala i skattekortet ditt stemmer, men du likevel vil at det skal bli trekt meir skatt, treng du ikkje bestille eit nytt skattekort. Snakk med lønnskontoret, Nav eller dei som betaler ut pensjonen din, og be dei om å trekkje meir i skatt.
Arbeidsgivarar og pensjonsutbetalarar må trekkje meir skatt dersom du ber om det.
Både Nav, pensjonsutbetalarar og alle arbeidsgivarar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten.
Dersom du har fleire arbeidsgivarar, kan eit prosentkort passe betre for deg.
Les mer om tabell- og prosentkort
Dersom du får fleire typar ytingar frå Nav, må du kontakte dei
Viss du får utbetalt fleire ulike ytingar frå Nav i den same perioden, må du kontakte Nav og passe på at tabelltrekket berre blir brukt på ei av ytingane. Nav hjelper deg med å finne ut kva slags skattekort du bør ha.
Vil du bestille eller endre skattekortet på papir, må du laste ned, skrive ut og sende det i posten.
For 2025
For 2024