Skattemeldinga – sjå, endre eller levere
Skattemeldinga er ei oversikt over kva du hadde i inntekt, frådrag, formue og gjeld i fjor.
Fristen for å endre og levere er 30. april.
Sjekk skatten
For å vere sikker på at du ikkje betaler for mykje eller for lite i skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga er rette.
Fristen for å levere er 30. april.
Dette må du gjere
Skattemeldinga er førehandsutfylt med informasjon vi får frå arbeidsgivarar og andre utbetalarar, bankar og andre du har lån hos og liknande.
Sjekk det du har fått i inntekt og betalt i skatt
Inntekt kan vere
- lønn frå ein arbeidsgivar
- pensjon eller uføretrygd frå Nav
- sjukepengar, dagpengar, foreldrepengar og andre ytingar frå Nav
Du kan logge inn og sjekke kva arbeidsgivarar, pensjonsutbetalarar og andre har rapportert inn
Sjekk lån og formue
Sjekk at opplysningane om lån og formue stemmer. Alle norske bankar rapporterer inn alle renter og andre kostnader som er betalte inn til dei, og som du kan få frådrag for.
Har du lån i utlandet, må du sjekke om det er med og leggje til om det manglar.
Du kan få verdsetjingsrabatt på formuen din. Får du det, er det førehandsutfylt i skattemeldinga di.
Finn ut om du har krav på frådrag
Har du krav på frådrag, kan det føre til at du betaler mindre i skatt. Nokre frådrag er utfylte på førehand, andre må du føre opp sjølv.
Finn ut om du har krav på frådrag i frådragsrettleiaren
Video: Slik fungerer skattemeldinga
Finn ut korleis du kan levere og endre skattemeldinga.
Dersom det er feil eller manglar i skattemeldinga du har fått, må du endre desse slik at skattemeldinga di blir rett. Til dømes om du har kjøpt eller seld bustad, du har barn som har byrja i barnehagen eller du har byrja å pendle til og frå jobb.
Sjølv om du har levert skattemeldinga, kan du framleis gjere endringar. Då må du huske å levere skattemeldinga på nytt. Du kan endre tre år tilbake i tid.
Viss du ikkje leverer skattemeldinga innan fristen, reknar vi ho som levert med dei førehandsutfylte opplysningane.
Du kan endre og levere så mange gonger du vil, også etter at fristen er gått ut. Du treng ikkje sende oss dokumentasjon før vi spør etter det.
Skattemeldinga for enkeltpersonføretak er heilt lik skattemeldinga for deg som privatperson, men du må i tillegg leggje inn næringsopplysningar.
Fristar og utsetjing
Fristen for å endre og levere skattemeldinga er 30. april.
Har du eit enkeltpersonføretak, må du levere skattemeldinga same kva, og du må levere henne elektronisk. Fristen for å levere er 31. mai.
Du kan søkje om å få utsett fristen for å levere. Du kan få utsetjing på inntil 30 dagar, og fristen for å søkje om utsetjing er 30. april. Får du utsetjing, kan du ikkje rekne med å få skatteoppgjeret i juni.
Temaer og fradrag
Få hjelp til å få riktig skatt.
Kontonummer, restskatt og skatt til gode
I skattemeldinga ser du ei førebels utrekning av skatten din.
Det kan skje endringar i denne etter du har levert. Når du har levert skattemeldinga, går vi gjennom alle opplysningane.
Om du må betale meir i skatt eller får pengar tilbake, får du vite i skatteoppgjeret.
For å få utbetalt pengar frå Skatteetaten, må vi ha eit kontonummer.
Sjekk at du har registrert eit kontonummer, og at det stemmer.
Særleg for deg som
Om du får skattemeldinga på papir, skal du sjekka at alt er rett, gjera eventuelle endringar og senda henne til oss. Sjølv om du fekk skattemeldinga på papir, kan du velja å logga inn og levera elektronisk.
Har du ingen endringar, treng du ikkje senda skattemeldinga.
Endre og senda inn skattemeldinga på papir
Når du ikkje har fått ei førehandsutfylt skattemelding i posten innan 16. april
Fristen for å levere skattemelding for næringsdrivende er 31. mai. Dette gjelder for eksempel for enkeltpersonforetak og aksjeselskaper.
Her finn du informasjon om korleis du søke om å gi eller få tilgang til andre sine skatteforhold.
Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret.
Skattemelding og skatteoppgjeret til den som er død, vert automatisk sendt til kontaktpersonen som er registrert i Folkeregisteret.
Kontaktperson vert registrert når skifteform er valt og meldt til tingretten.
Skattemeldinga vert sendt ut i april og skatteoppgjeret tidlegast ut i august.
Les meir om skattemelding for avdøde
Du kan framleis endre eldre skattemeldingar 3 år tilbake i tid.
Sjå ein film om korleis du endrer og sender inn skattemeldinga på nytt.
Er du utanlandsk arbeidstakar som ikkje er skattemessig busett i Noreg, kan du be om tidleg innsending av skattemeldinga (førehandsfastsetjing) slik at behandlinga blir ferdig før arbeidsopphaldet ditt i Noreg blir avslutta.
Om du ikkje har fått førebels skatteberekning på skattemeldinga di, kan det koma av fleire ting. Til dømes at
- du er kjeldeskattytar, næringsdrivande, busett på Svalbard, diplomat eller busett i utlandet.
- det manglar opplysningar i skattemeldinga, som til dømes listepris på bil, informasjon om bustad, konto i utlandet.
- du får nokre typar ytingar som gjer det vanskeleg å gi førebels skatteberekning, som løn frå utlandet, nettoløn og liknande
Dette kan du gjera
- Sjekk merknadene i skattemeldinga. Om du fyller inn opplysningane som manglar, vil du ofte få opp ei berekning.
- Om du framleis ikkje får ei førebels berekning må du venta til du får skatteoppgjeret for å sjå kva du har til gode eller skal betala i restskatt.
- Du kan også berekna skatten din sjølv i skattekalkulatoren vår. Der kan du fylla ut inntekt, formue og frådrag, for å få ei estimert berekning.