Important information

This page is not available in English.

Pressemelding

No er skattemeldinga her

  • Published:
Important information

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

4,8 millionar skattemeldingar blir i dag tilgjengelege for lønnsmottakarar, pensjonistar og næringsdrivande. Hugs å kontrollere at opplysningane stemmer.

Sjølvmeldinga har i år endra namn til skattemelding. Grunnen til dette er den nye skatteforvaltingslova som tok til å gjelde 1. januar i år. Den nye lova tydeleggjer skattytaren sitt ansvar for å gi riktige opplysningar til rett tid. Lova fører i praksis ikkje til store endringar for folk flest.

Fleire førehandsutfylte opplysningar

Årets skattemelding inneheld fleire førehandsutfylte opplysningar enn nokon gong tidlegare. Det er arbeidsgivarar, bankar, barnehagar og andre som leverer informasjon om inntekt, formue, gjeld og frådrag som rapporterer inn opplysningane.

- Dess fleire opplysningar vi får inn, dess betre er kvaliteten på innhaldet i skattemeldinga. Men sjølv om mykje er fylt ut må du likevel kontrollere at opplysningane stemmer. Skattemeldinga er førehandsutfylt, ikkje ferdigutfylt, understrekar skattedirektør Hans Christian Holte.

I fjor blei pensjon frå Danmark for første gong førehandsutfylt i skattemeldinga. I år er også pensjon frå Sverige førehandsutfylt.

Enklare, meir digitalt og mindre papir

Det blir stadig enklare å ta imot og kontrollere skattemeldinga. Dei fleste lønnstakarar og pensjonistar kontrollerer, endrar og leverer skattemeldinga elektronisk. I år har vi sendt ut fleire skattemeldingar enn nokon gong. I fjor blei det sendt ut 4,7 millionar skattemeldingar, mot 4,8 millionar i år. For første gong sender vi ut under ein million skattemeldingar på papir.

- Tala stadfestar trenden vi har sett gjennom dei siste åra, at fleire og fleire føretrekkjer å bruke dei digitale løysingane våre, seier skattedirektøren.

No kan du delegere

Nytt i år er at privatpersonar kan delegere rettane til å endre og levere skattemeldinga til andre, på same måte som næringsdrivande har høve til.

- Høvet til å gjere det mogeleg for andre å endre og levere skattemeldinga gjer at det blir endå enklare å få hjelp av eit familiemedlem, ein rekneskapsførar eller andre du stolar på, seier Holte.

Vi hjelper deg

På Skatteetaten sine nettsider finn du alt frå pendlarvegvisar til frådragskalkulator. Desse verktøya hjelper deg med å rekne ut rett skattegrunnlag. Har du spørsmål kan du kontakte Skatteetaten på chat, facebook/skatten min eller ringje på: 800 80 000.

Fristar for levering

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april for lønnsmottakarar og pensjonistar og 31. mai for næringsdrivande. Lønnstakarar og pensjonistar som ikkje har endringar treng ikkje å levere skattemeldinga. Næringsdrivande har ikkje leveringsfritak og må levere skattemeldinga elektronisk i Altinn.

Du finn meir informasjon på skatteetaten.no/skattemelding.

Fakta: 

Førebelse tal viser at 8 av 10 har skatt til gode, medan 2 av 10 må betale restskatt. Skattemeldinga for 2016 er send ut på fleire språk og målformer:

  • Bokmål: om lag 4,1 millionar
  • Nynorsk: om lag 475 000
  • Samisk: om lag 200
  • Engelsk: om lag 200 000