This page is not available in English.
SKD-melding
Skjemaendringar 1999
Skattedirektoratets melding, SK nr. 4/00, 31. januar 2000.
Nytt i 1999:
Blankett RF-1074 er teken ut: "Rettleiing for innsending av årsoppgjer m m som vedlegg til sjølvmeldinga "(RF-1074) finst ikkje lenger som eigen blankett. Innhaldet er teke inn både i "Rettleiing til sjølvmelding for næringsdrivande m m for 1999" (RF-2003) og i "Rettleiing til sjølvmelding for aksjeselskap m m for 1999" (RF-2016).
Blankett RF-1052 er ny: Det er utarbeidd eit nytt skjema, RF-1052 "Omarbeiding av eigenkapital". Skjemaet skal fyllast ut av alle som leverer Næringsoppgåve 2. Del 1 av skjemaet gjeld omarbeiding av eigenkapital frå 31.12.98 til 1.1.99. Del 2 gjeld endring av rekneskapsprinsipp.
"Sjølvmelding for næringsdrivande m.m." (RF-1027) kan leverast som datautskrift av alle. Tidlegare var det berre rekneskapsførarar, revisorar og advokatar som kunne levere datautskrifter av sjølvmeldinga på vegner av kundane sine. No kan næringsdrivande sjølv sende inn "Sjølvmelding for næringsdrivande m.m"som datautskrift.
1. Sjølvmeldingane
Sjølvmelding for næringsdrivande m.m
Skattedirektoratet har i medhald av forskrift av 24. oktober 1988 nr 844 vedteke at "Sjølvmelding for næringsdrivande m.m"på generelt grunnlag kan leverast som datautskrift som erstatning for likningsskjema. Vilkåra er at datautskrifta er underteikna og lagt inn i det originale skjemaet der identifikasjonsrubrikkane på side 1 er utfylte.
I "Sjølvmelding for næringsdrivande m.m." er dei største endringane knytta til dei nye reglane for reisefrådrag, d.v.s postane 3.2.8 og 3.2.9.
I rettleiinga til sjølvmelding for næringsdrivande m.m (RF-2003) har det oppstått ein feil på side 18, spalte 3 under posten 2.7.3. I andre avsnitt står: "Netto næringsinntekt skal overførast til post 2.7.3 i sjølvmeldinga frå "Allmenn næringsoppgåve 1" post 095....."". Det skal stå "Næringsoppgåve 1" post 9930.....
Sjølvmelding for aksjeselskap, aksjefond, bankar og andre upersonlege skattytarar (RF-1028)
Til side 1: Rubrikk for namnet og forretningsadressa til rekneskapsføraren er flytta frå side 4 til side 1.
Under "Diverse opplysningar"er det kome ei ny line til bruk for dei selskapa som innanfor konsern har gjort skattefrie overføringar av eigedelar.
Til side 2: Det er sett inn ein ny tabell som gir oversyn over unytta framført skattefrådrag etter selskapsskattelova § 1-8.
Til side 3: Tre postar som tidlegare sto på side 2 er flytta over til side 3 og har fått nye postnummer. Post 270 er blitt post 385, post 280 er no post 390 og post 290 er no post 395.
Til side 4: Post 401 har fått ein meir omfattande og spesifisert tekst - m.a. er fritidseigedom og hytte med i opprekninga.
Postane som tidlegare hadde nummer frå 405 til 412, har no fått eit tal høgare nummer. Årsaka er at det er komen inn ein ny post 405: Fritidsbåt/lystyacht.
Grunna at reglane for fastsetjing av verdien på aksjar i ikkjebørsnoterte selskap i visse høve er endra, er teksta i post 490 meir omfattande enn tidlegare.
2. Næringsoppgåve 1 (RF-1175) og næringsoppgåve 2 (RF-1167) med tilknytte skjema:
Næringsoppgåvene er omarbeidd i forhold til tidligare år som følgje av ny rekneskapslov, og oppgåvene har endra namn. Næringsoppgåve 1 (RF-1175) skal fyllast ut og leveres av næringsdrivande med avgrensa rekneskapsplikt, jf rekneskapslova § 1-2 andre ledd (rekneskapsplikt etter rekneskapslova kap 2). Næringsoppgåve 2 skal fyllast ut og leverast av aksjeselskap og andre foretak som utarbeider årsrekneskap etter rekneskapslova.
NB: Vi vil streke under at skattytarar med avgrensa rekneskapsplikt kan velgje å levere næringsoppgåve 2 i staden for næringsoppgåve 1 dersom skattytaren frivillig har utarbeidd fullt årsoppgjer som er gjort opp og verdsett etter reglane i rekneskapslova;
I avsnitt 3 og 6 under generelt på side 1 i rettleiinga blir det slått fast at både einmannsføretak og ansvarlege selskap/kommandittselskap som har avgrensa rekneskapsplikt skal levere næringsoppgave 1. Det er ikkje heilt rett. Teksta i dei to sist nemnde avsnitta skulle vore forma slik at desse skattytarane i utgangspunktet skal levere næringsoppgåve 1, men at dei i staden kan levere næringsoppgåve 2 på dei vilkåra som er nemnde ovanfor. Avsnitt 3 og 6 er berre meint å gi opplysning om i kva for tilfelle einmannsføretak og ansvarlege selskap/kommandittselskap kvar for seg har avgrensa og full rekneskapsplikt.
Næringsoppgave 1 inneheld på side 2 skattemessig resultatrekneskap, medan det på side 3 er sett opp balanse med basis i dei skattemessige verdiane.
Næringsoppgave 2 er i hovudsak bygd opp som tidlegare med resultatrekneskap på side 2, balanse på side 3 og korrigeringar på side 4 for å fastsetje det skattemessige resultatet. Rekkefølgja i balansen er endra i tråd med den nye oppstillingsplanen slik at anleggsmidlar kjem framom omløpsmidlar og eigenkapital framom gjeld osb. Det er også gjort endringar i postinndelinga og spesifiseringa i resultatrekneskapen.
Omarbeiding av eigenkapital (RF-1052)
Det er utarbeidd eit nytt skjema, RF-1052 "Omarbeiding av eigenkapital". Skjemaet skal fyllast ut av alle som leverer Næringsoppgåve 2. Del 1 av skjemaet gjeld omarbeiding av eigenkapital frå 31.12.98 til 1.1.99. Del 2 gjeld endring av rekneskapsprinsipp.
Spesifikasjon av skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar 1999 (RF-1217)
Rekkefølgja på postane er endra, og følgjer i utgangspunktet rekkefølgja i oppstillingsplanen. Vidare er det i kolonne I beløpa pr 1.1.99 etter omarbeidingen av rekneskapsmessige verdiar som skal nyttast. Det er også gjort andre endringer i skjemaet.
Avskrivningsskjema for saldo- og lineære avskrivninger 1999 (RF-1084)
Avskrivingsskjemaet kjem i staden for det tidlegare saldoskjemaet. Skjemaet gjeld både saldoavskrivingar og lineære avskrivingar. Avskrivingsskjemaet opnar for å føre inntil tre saldoar på same skjema. Øvst i høgre hjørne skal kvart avskrivingsskjema nummererast. Ein skal i tillegg gi opp kor mange avskrivingsskjema ein leverer i alt. Kvar saldo skal vidare givast eit nummer, og saldoen skal halde på same nummeret frå år til år. Lineære avskrivingar som tidlegare skulle førast nedst på side 1 på dei allmenne næringsoppgåvene skal no førast nedst på avskrivningsskjemaet. Vidare er postinndelinga noko endra.
Opplysningar om bruk av bil (RF-1125)
Skjemaet har gjennomgått store endringar av både redaksjonell og materiell art.
To nye grupper er fritekne frå plikta til å levere skjemaet:
1) Skattytarar som krev frådrag etter kilometersats for yrkeskøyring med privatbil (bil som blir brukt mindre enn 6000 km i yrke/næring).
2) Arbeidsgivarar treng ikkje levere skjemaet for bilar som blir nytta av arbeidstakar der standard fordel (10 000 kilometer x kilometersats) med tillegg av eventuell køyring mellom heim og arbeidsstad er meld på lønns- og trekkoppgåve.
Rekneskapsføraren sitt namn og foretningsadresse skal no oppgivast.
Opplysningar og spørsmål er no samla i eitt felt med fire rubrikkar slik at eit skjema kan brukast for inntil fire bilar. Feltet "Firmabilar"er fjerna.
Det skal opplysast om årleg privatkøyring i staden for årleg yrkeskøyring, jf. post 9.
Det er no berre lønnstakarar som krev yrkesbil likna etter rekneskap som skal oppgi driftskostnader, jf post 6 og rettleiinga. Dette omfattar både dei som krev frådrag for faktiske utgifter og dei som tek mot bilgodtgjering og krev overskottsutrekning i forhold til faktiske utgifter. For sistnemnde gruppe vil overskott gå fram som eit negativt beløp, og underskott som eit positivt beløp. Overskott eller underskott på bilgodtgjering skal overførast til sjølvmeldinga. Førutfylt beløp i sjølvmeldinga post 2.1.4 må korrigerast. Eventuelt underskott går inn i minstefrådraget, post 3.2.1 eller skal førast i post 3.2.2 dersom ein krev frådrag for faktiske utgifter. Garasjeleige skal ikkje lenger oppgivast som driftskostnad.
Det er gitt definisjonar av "Årsmodell"(jf post 4) og "Listepris som ny"(jf post 5) i rettleiinga.
Nokre av kontrollspørsmåla er fjerna. Dette gjeld spørsmåla 4 og 6 på det gamle skjemaet.
Posten "Særlege opplysningar"er fjerna.
Feil i nynorskversjonen (RF-1125 N):
I setninga i andre strekpunkt under "unntak"øvst på side 1 står "der"heilt til slutt. Ordet "der" skal strykast.
Skjema for utrekning av personinntekt (RF-1224)
Skjemaet er innretta mot dei nye næringsoppgåvene ved at det er laga eit nytt felt (post 1.2) for næringsinntekt frå einmannsføretak som leverer næringsoppgåve 1. Næringsinntekt frå deltakarlikna selskap, aksjeselskap og einmannsføretak som leverer Næringsoppgåve 2, skal som tidlegare førast i post 1.1.
3. Skjema som gjeld aksjonærskattlegginga
Fastsetjing av RISK per 1.1.2000 (RF-1239)
Selskapsskattelova § 5-5 nr 2 er endra frå inntektsåret 1999. Etter lovendringa skal konsernbidrag som ikkje er skattepliktig/ikkje kjem til frådrag, påverke utrekninga av tilbakehalden skattlagd kapital. Det er oppretta ein ny post 15 på skjemaet der konsernbidrag som ikkje er skattepliktig/ikke kjem til frådrag, skal førast.
Utrekning av justeringsfaktor til bruk ved omfordeling av RISK-beløp (RF-1240) Under "Skattefri fusjon", justeringsfaktor, er det innførd ein ny rubrikk mynta på konsernfusjon. Rubrikken skal nyttast der ein gir vederlagsaksjar i det overtakande selskap sitt morselskap.
4. Skjema som gjeld likninga av deltakarar i deltakarlikna selskap
Oppretting av feil i "Rettleiing til utfylling av oppgåve over formue og inntekt til deltakar i ansvarlege selskap"(RF 1222):
I post 102 skal rett tilvising til næringsoppgåve 2 vere post 0870/0880, og ikkje post 0880/0890 slik det står i rettleiinga.
I post 208 skal rett tilvising til næringsoppgåve 2 vere post 0890/0900, og ikkje post 0900/0910 slik det står i rettleiinga.
5. Andre skjema
Skjema som gjeld frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag) og skjema som gjeld nedsetjing av inntektsskatt på lønn og pensjon etter den alternative fordelingsmetoden (RF-1150)
Endringar i rettleiingane:
Som følgje av at særfrådrag frå og med inntektsåret 1999 skal handsamast på same måte som andre frådrag ved utrekning av netto utanlandsinntekt og netto globalinntekt, er det i rettleiinga til RF-1147 "Frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag) for lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande"teke inn at særfrådrag for alder før fylte 70 år og særfrådrag for uførleik etter skattelova § 77 nr 2 og nr 3 skal førast i post 3.2 dersom den er knytta til inntekt frå utlandet, medan andre særfrådrag skal fordelast etter den indirekte metoden i post 4.2. Det same er teke inn i rettleiinga til skjema RF-1150 "Nedsetjing av inntektsskatt på lønn og pensjon etter den alternative fordelingsmetoden", sjå postane 2.2 og 3.2.
Finn Monrad-Hansen |
|
Direktør |
|
Lars Nilsen |