This page is not available in English.
5. Skjema som gjeld likninga av deltakarar i deltakarlikna selskap
Generelt for desse skjema gjeld at i feltet "Opplysningar om inntekt og formue i selskapet" må det i beløpsfeltet skiljast mellom aksjeutbytte som gjev rett til full godtgjering, og aksjeutbytte som gjev rett til redusert godtgjering. Dei respektive rettleiingane har meir informasjon om dette.
Oppgåve over deltakaren sin formue og inntekt i komandittselskap mm (RF-1228) Det er ein feil i nynorskutgåva post 102 b. Det står at utrekna personinntekt, positivt beløp, skal overførast til sjølvmeldinga post 1.6/1.7. Beløpet skal berre overførast til post 1.6. Post 1.7 gjeld godtgjersle til deltaker i deltakarlikna selskap der det ikkje blir utrekna personinntekt.
Individuelle postar etter overgang til nettolikning (RF-1230) P.g.a. ein feil vart førsteutgåva, merka "11/00" i margen på første sida, trekt tilbake. Den endelege versjonen er merka "12/00" på tilsvarande stad. Etaten har blitt orientert om dette på vanleg måte.
Det er elles ein feil i bokmålsutgåva. I rettleiinga til A, 5. avsnitt, 5. punktum, står det feil årstal i parantesen. Rett årstal er 2000, ikkje 1999.
Selskapsoppgåve for NOKUS-selskap (RF-1245) Feil i post 410: Det skal visast til Næringsoppgåve 2 post 0999, ikkje post 0990.
Det er tilføyd ein ny post, 440, kor RISK alle aksjer pr. 1/1 i inntektsåret skal førast. Posten er nærare omtala i rettleiinga.
Det er gjort nokre viktige rettingar i postane 390, 391, 410 og 420.
I post 320 er det presisert at likningsmessig formuesverdi av aksjar notert ved SMB-lista ved Oslo Børs og ikkje-børsnoterte aksjer skal setjast til 65 % av dei nærare avgrensa utrekningsgrunnlaga.