1. Sjølvmeldingane m/vedlegg

  • Publisert:

Sjølvmelding for næringsdrivande m.m. (RF-1027)

"Sjølvmelding for næringsdrivande m.m." kan på generelt grunnlag leverast som datautskrift som erstatning for likningsskjema, jf. forskrift av 24. oktober 1988 nr. 844.

Vilkåra er at datautskrifta er underteikna og lagt inn i det originale skjemaet der identifikasjonsrubrikkane på side 1 er utfylte.

Postane som tidlegare hadde nummer frå 1.5.2 - 1.5.8 har no fått eitt tal lågare nummer. Årsaka er at post 1.5.1 er teken bort då ordninga med AMS (aksjesparing med skattefrådrag) er oppheva frå og med 2000.

Postane 2.3.1 og 2.3.2 om pensjonar til ektefelle, livrenter i arbeidsforhold m.m. skal ikkje fyllast ut då ektefellar frå og med inntektsåret 2000 skal levere kvar si sjølvmelding. Regelverket vart endra så seint at det ikkje var mogleg å endre sjølvmeldingsblanketten.

Post 2.7.1 "Jordbruk, gartneri, pelsdyrdrift m.m." omfattar no inntekt frå pelsdyrnæring, da denne også går inn i grunnlaget for jordbruksfrådrag, sjå post 3.2.15.

Under post 3.1.4, aksjeutbytte med rett til godtgjering frå norsk selskap, er det innførd to nye rubrikkar då det er gjeve reglar om redusert godtgjering på aksjeutbytte. Dersom det før 5. september 2000 er vedteke å dele ut aksjeutbytte, skal beløpet førast i felt A, aksjeutbytte som gir rett til full godtgjering. Aksjeutbytte som det etter 4. september 2000 er vedteke å dele ut, gir berre rett til redusert godtgjering og skal førast i rubrikk B. Ved skatteutrekninga blir det teke omsyn til at skattytaren har krav på eit botnfrådrag på 10 000 kr i den summen som er ført i rubrikk B. Botnfradraget vil ved skatteutrekninga bli fordelt med ein halvpart på kvar av ektefellane, men den del av frådraget som ikkje vert nytta hos den eine, vert medteken hos ektefellen. Skattytar skal derfor ikkje ta omsyn til botnfrådraget når aksjeutbytte skal førast i sjølvmeldinga. For aktiv aksjonær som har teke imot utbytte, og som er tilordna utrekna personinntekt frå det same selskapet i inntektsåret 2000 (frå overskotet til selskapet i 1999), gjeld særskilte reglar. I slike høve gis det full godtgjering på aksjeutbytte som det etter 4. september 2000 er vedteke å dele ut, så langt utbyttet ikkje overstig utrekna personinntekt som aksjonæren er tilordna frå selskapet i 2000. Dette gjeld berre utrekna personinntekt som skal skattleggjast på aksjonæren for inntektsåret 2000, dvs. etter at det er føreteke eventuell avgrensing etter skattlova § 12-17. Summen av tala i rubrikk A (aksjeutbytte som gir rett til full godtgjering) og B (aksjeutbytte som gir rett til redusert godtgjering) skal førast til høgre i sjølvmeldinga i post 3.1.4.

Post 3.2.3 om minstefrådrag i pensjon, bidrag m.m. til ektefelle skal ikkje fyllast ut, då ektefellar frå og med 2000 skal levere kvar si sjølvmelding.

Post 3.2.11 er utvida. Frå og med inntektsåret 2000 blir det gitt frådrag for pengegåver som samla er større enn 500 kr til visse frivillige organisasjonar. Maksimalt frådrag for slike gåver og fagforeiningskontingent er til saman kr 900 årleg.

Postane som tidlegare hadde nummer frå 3.2.15 til 3.2.16, har no fått eitt tal høgare nummer. Årsaka er at det er komen inn ein ny post 3.2.15, jordbruksfrådrag, som kan trekkjast frå inntekta i jordbruk, gartneri og pelsdyrnæring når bestemte vilkår er oppfylte.

Sjølvmelding for aksjeselskap, verdipapir-fond, bankar m.m. (RF-1028)

I "Sjølvmelding for aksjeselskap, verdipapirfond, bankar mm" er det på side 1 nye postar som skal nyttast ved ytingar frå aksjeselskapet til aksjonær og omvendt. Det same gjeld sal mm mellom aksjeselskap og aksjonær. Det er teken inn ein ny post om utbytte/renter av grunnfondsbevis. Utdelingar som er vedtekne før 5. september 2000 skal førast i den venstre rubrikken, og dei som er vedtekne seinare i den høgre. På side 2 er det i post 208 laga eit eget innfyllingsfelt for aksjeutbytte med rett til redusert godtgjersle.

Ein gjer merksam på at rett adresse til Einingsregisteret skal vere 8910 BRØNNØYSUND.

I RF-1028, bokmål og nynorsk, på side 1 bak "Aksjonæropplysningar" står det i ein parentes at "aksjonærar som er aksjeselskap eller almennaksjeselskap....." ikkje skal fylla ut felta under. Det skal stå "Skal ikkje fyllast ut for aksjonær som er aksjeselskap eller almennaksjeselskap".

Opplysningar om bruk av bil (RF-1125)

Det er nytt for inntektsåret 2000 at skjemaet skal fyllast ut av deltakarar i deltakarlikna selskap og eigarar av einmannsføretak dersom tilbakeføringa for privat bruk skjer etter 50%-regelen.

Skjemaet er noko omredigert. På baksida av skjemaet skal no driftskostnadane for kvar bil spesifiserast.