4. Skjema som gjeld aksjonærskattlegginga

  • Publisert:

Aksjonærskattlegginga 2000 - Formular nr 3 (RF-1002)

I post 1, "Opplysningar om aksjar" er rubrikken med oppgåve over talet på eigne aksjar/partar som vert selde etter aksjeeigarboka/aksjeeigar-registeret/grunnfondsregisteret, teke inn att etter ønske frå etaten.

Tidlegare post 2, "Ytingar utanom ordinært utbytte" er som følgje av arbeidet med å få enklare skjema, teken ut. Nokre av opplysningane er tekne inn i næringsoppgåva eller sjølmeldinga. Tidlegare post 3 har no blitt post 2.

Skattelova § 10-12 om frådrag i utligna skatt for godtgjersle er endra med verknad frå og med 5. september 2000. Etter endringa skal utbytte som er vedteke delt ut 5. september 2000 eller seinare, som regel ha redusert godtgjersle. I rettleiinga til post 1 ber ein selskapet gje opplysningar i post 2 dersom nokon del av utbytte var vedteke delt ut 5. september eller seinare.

Opplyser selskapet om at det er selt eigne aksjar i løpet av året, skal det gi nærare opplysningar i post 2. Opplysningane som er aktuelle, går fram av det siste avsnittet før utdraget frå ligningslova.

Oppgåve over realisasjon av aksjar mm 2000 (RF-1061)

Utforminga av post 103 er endra. Selskapet skal nytte bokstavkode for å opplyse om type verdipapir, og om aksjen var børsnotert eller ikkje ved realisasjonen.

For aksje som er realisert 5. september 2000 eller seinare, ved at den er løyst inn i selskapet, ved likvidasjon eller ved sal av aksjen tilbake til selskapet, skal ein berre nytte 17/28 av akkumulert positiv RISK. Det er årsaka til at seljar må opplyse om realisasjonsmåte under post 105.

Oppretting av feil i RF- 1061:

På side 2 i bokmålsutgåva er rett tekst i post 208: "Gevinst/tap som skal overføres post 301/302." På side 3 i bokmålsutgåva er rett tekst i post 208:"Gevinst/tap. Positivt beløp (gevinst) i post 208 skal overføres post 301. Ved negativt beløp (tap), skal postene 209 - 215 utfylles." På side 3 og 4 er teksta i note 5 feil. Det gjeld begge målformer. Rett tekst skal være lik teksta i note 2 til skjemaet for inntektsåret 1999. Det vil seie: E=Rekneskapsmessig eigenkapital, F=Takst, H=Utanlands selskap sin rekneskapsmessige eigenkapital, I=Takst av utanlandsk selskap.

Rettleiing til oppgåve over realisasjon av aksjar mm (RF-1248)

Det er gjort nærare greie for dei nye reglane i rettleiinga under post 203. Her har ein også gjort greie for dei nye reglane for RISK-regulering av grunnfondsbevis, som frå og med inntektsåret 2000 er avgrensa til å gjelde grunnfondsbevis i sparebankar som har sett av middel til utjamningsfond.

Teksta under post 206 i rettleiinga er endra i samsvar med skattelova § 19-2, Overgangsbestemmelser, tredje ledd bokstav e.

Fastsetjing av RISK pr. 01.01.2001 (RF-1239)

Opplysning om at selskapet er mor i RISK-konsern er flytta frå sjølvmeldinga for aksjeselskap til RF-1239.

For sparebankar blir RISK f.o.m. inntektsåret 2000 fastsett på grunnlag av endring i sparebanken sitt utjamningsfond. Summen går fram av differansen mellom utjamningsfondet sine midler pr 31.12.1999 og 31.12.2000. Endringa skal førast i post 20, og summen henter ein frå Næringsoppgave 4 (RF 1173) post 5240. I post 21 skal ein fordele endringa i utjamningsfondet på talet grunnfondsbevis. Dersom RISK-beløpet blir negativt, skal banken fylle ut post 22. I posten skal ein føre opp kor stor del av negativ RISK som skriv seg frå nedskriving av utjamningsfondet for å dekkje underskot i banken. Det er gjort greie for årsaka til det i rettleiinga til post 22.