Pressemelding
5500 verksemder fekk besøk av skattepatruljen frå Skatteetaten
Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.
Den mobile rettleiings- og kontrolleininga i Skatteetaten har dei to siste åra besøkt verksemder over heile landet.

Skattepatruljen både kontrollerer og gir rettleiing, og er eitt av tiltaka Skatteetaten har for å motarbeide arbeidslivskriminalitet og annan skattekriminalitet. Aktiviteten til Skattepatruljen skal vere med på å krympe handlingsrommet for useriøse og kriminelle aktørar, sikre like konkurransevilkår for næringsdrivande, og hjelpe store offentlege og private innkjøparar til å velje seriøse aktørar. Patruljen rettleier også utanlandske arbeidstakarar om rettane og pliktene dei har.
Sjekkar register
Skattepatruljen gjennomførte totalt 5 500 kontrollar i 2022 og 2023. Skattepatruljen sjekkar at verksemdene som blir kontrollerte er registrerte på rett måte, mellom anna at verksemda er registrert i mva.-registeret, at dei tilsette er registrerte i Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret og at verksemdene sender inn a-melding på dei tilsette. Når skattepatruljen finn feil, er målet at feila blir retta med å bruke raske verkemiddel, til dømes tvangsmulkt. I 2023 vart det skrive ut tvangsmulkter på til saman 1,7 millionar kroner for manglande innsending av a-meldingar. For verksemder som skuldar skatt og avgift er tvangsmulkt også ein naturleg del av oppfølginga for å sikre at skatten og avgiftene blir betalte.
Kontrollerer personallister
600 av kontrollane til skattepatruljen i 2022 og 2023 var personallistekontrollar. Desse kontrollane førte til 3,7 millionar kroner i gebyr til verksemder for manglande føring av personallister.
- Skattepatruljen er auga og øyra våre ute, og er eit viktig verkemiddel i kampen mot arbeidslivskriminalitet og skattekriminalitet. Opplysningane dei hentar inn gir oss verdifull kunnskap som er med på å danne grunnlag for korleis vi totalt sett jobbar for å auke etterlevinga i bransjar med risiko for arbeidslivskriminalitet, seier skattekrimsjef Erik Nilsen i Skatteetaten.
Samarbeid og kunnskapsdeling
Skattepatruljen har eit tett samarbeid med a-krimsentra og Arbeidstilsynet, Nav, politiet, Statens vegvesen, Tolletaten, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, kommunane (serveringsløyve) og Mattilsynet.
- Mange verksemder vil få besøk av Skattepatruljen i 2024, dei er allereie godt i gang med kontrollaktiviteten, fortel Nilsen.
Skatteetaten sin skattepatrulje
Ei landsdekkjande mobil kontrolleining i Skatteetaten. Kontrollerer i hovudsak verksemder innan bygg- og anlegg, servering, frisør, bilpleie, transport og fisk, men også andre bransjar ved behov.
Kontrollaktiviteten i Skatteetaten
Skatteetaten gjennomfører årleg ei stor mengde ulike kontrollar, frå enkle meldingskontrollar, til større utvida avdekkingskontrollar.