Pressemelding

9 av 10 har no fått skatteoppgjeret sitt

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

I dag, måndag 22. juni, får om lag 2,2 millionar lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret sitt. Med det har i overkant av 4 millionar fått skatteoppgjeret for 2019.

Nær 580 000 av desse har fått restskatt på i snitt 19 600, medan nær 2,6 millionar har fått i snitt 11 200 tilbake.

Dei som har fått skatteoppgjeret sitt til no, er dei som har fått og levert ny skattemelding, og hadde skatt til gode. Ingen med restskatt har fått skatteoppgjeret sitt før i dag, det same gjeld dei som leverte skattemeldinga i gamalt format.

Om lag 370 000 lønnstakarar og pensjonistar har ikkje fått skatteoppgjeret enno, inkludert ektefeller til sjølvstendig næringsdrivande.

Seinare oppgjer for næringsdrivande

For dei som ikkje har fått eller får skatteoppgjeret sitt i dag, er det løpande oppgjer mellom 12. august og 30. november. Det gjeld mellom anna personleg næringsdrivande og deira ektefeller. Næringsdrivande har fått utsett leveringsfrist på skattemeldinga i år til 31. august

- Andre årsaker til at du får skatteoppgjeret seinare kan vere at skattemeldinga di manglar opplysningar, inneheld kompliserte forhold, eller du kan vere tatt ut til kontroll. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.

Sjekk skattekortet ditt!

Dei fleste får enten pengar til gode eller restskatt. Årsaka er at dei økonomiske forholda dine blei annleis enn det skattetrekket blei berekna til i starten av inntektsåret. Vil du unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endre skattekortet.

- Vi ser ein stor auke i endring av skattekorta i år samanlikna med same tid i fjor.  Rentenedgangen vi har hatt på grunn av Covid19-situasjonen vil isolert sett føre til restskatt dersom du ikkje endrar skattekortet ditt. Større eller mindre endringar i økonomien din kan resultere i feil skattetrekk om du ikkje justerer skattekortet, seier Gjengedal.

Her kan du endre skattekortet ditt: skatteetaten.no/endre

Du kan framleis endre skattemeldinga di

Er det noko i skattemeldinga som ikkje stemmer, skal du i dei fleste tilfeller endre dette sjølv ved å levere skattemeldinga på nytt.

- Det kan for eksempel vere at du har gløymd å ta med opplysningar om eigedom i utlandet, eller du oppdagar ein feil eller eit frådrag du skulle hatt med. Dette kan du gjere opp til tre år etter leveringsfristen. Det gjeld også viss du brukte leveringsfritak, seier Gjengedal.

Sjå rettleiar som hjelper deg å endre skatteopplysningar: skatteetaten.no/klage

Tal

Viktig informasjon
Fylke Tal på skattytarar Skattytarar med til gode Sum til gode Skattytarar som må betale Sum å betale
Agder 217 165 146 348 1 612 641 205 28 512 504 453 153
Innlandet 271 163 182 337 1 763 982 754 37 008 533 313 186
Møre og Romsdal 199 489 134 353 1 567 525 074 26 832 450 060 509
Nordland 184 093 125 482 1 333 042 948 25 502 393 747 310
Oslo 557 452 321 992 4 100 808 532 76 577 2 107 516 458
Rogaland 354 465 221 638 2 677 574 590 53 439 1 068 081 195
Troms og Finnmark 189 465 125 572 1 470 002 796 25 679 390 344 891
Trøndelag 346 899 225 767 2 356 898 813 48 929 799 851 318
Vestfold og Telemark 307 546 203 354 2 098 173 520 43 273 800 617 963
Vestland 475 059 308 268 3 474 244 227 68 666 1 231 917 811
Viken 907 348 581 027 6 449 589 239 135 141 2 952 579 297
Sokkel 39 179 16 419 227 272 661 8 918 128 411 279
Totalt 4 049 323 2 592 557 29 131 756 359 578 476 11 360 894 370