Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Pressemelding

Få dagar igjen til fristen for næringsdrivande går ut

  • Publisert:

Siste frist for levering av skattemeldinga for næringsdrivande er mandag 31. august. Over 70 prosent av dei næringsdrivande har alt levert skattemeldinga.

På grunn av koronapandemien endra Finansdepartementet fristen for innlevering av skattemeldinga for næringsdrivande og selskap. Leveringsfristen vart i år difor utsett med tre månader, til 31. august.

– Har du fått skattemelding for næringsdrivande, må du levere denne elektronisk, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

Martha Gjengedal.png

Mange har allereie levert

Per 20. august har 519 260 av 730 420 allereie levert skattemeldinga si. Dei litt over 200 000 som ikkje har levert, har framleis nokre dagar på seg til å levere.

– Det er svært positivt at så mange alt har levert skattemeldinga for inntektsåret 2019. Vi veit at næringslivet er i ein krevande situasjon med mange oppgåver å handtere. Men til deg som enno ikkje har levert skattemeldinga, oppfordrar eg deg til å bruke tid på det i dagane fram mot 31. august, sier Gjengedal.

Rettleiing på skatteetaten.no

På skatteetaten.no finn du mykje informasjon og nyttige verktøy. Viss du ikkje finn det du treng der, kan du få rettleiing på chat, telefon, eller på Skatteetaten si Facebookside, Skatten min bedrift. Der kan du også få svar på spørsmål om skattemeldinga di, sjå kva andre lurer på og finne korte videoar med gode råd. Skatteetaten har laga ein podcast og ein enkel rettleiingsvideo

Ikkje mogleg å søke utsetting

Du kan ikkje søke ytterlegare utsetting av fristen. Dersom verksemda ikkje leverer dei pliktige opplysningane innan fristen, kan Skatteetaten bruke skjønnsfastsetting. – Det er viktig at Skatteetaten får rett informasjon frå næringsdrivande slik at skatten vert rett. Leverer du ikkje innan fristen kan vi fastetje skatten din ved skjønn, seier Gjengedal.

Fakta

Tal per 20. august 2020

730 420 bedrifter er pliktige til å levere skattemelding for næringsdrivande i år:

  • 345 272 enkeltpersonforetak
  • 385 148 aksjeselskap og selskap med deltakarfastsetting

Av desse har 519 260 levert skattemeldinga for 2019:

  • 273 475 enkeltpersonforetak har levert
  • 245 785 aksjeselskap og selskap med deltakarfastsetting har levert

211 160 har enno ikkje levert skattemeldinga for 2019:

  • 71 797 enkeltpersonforetak har ikkje levert
  • 139 363 aksjeselskap og selskap med deltakarfastsetting har ikkje levert

Meir informasjon om skattemelding for næringsdrivande finn du  på: skatteetaten.no/skattemeldingbedrift