Pressemelding

Rekordmange har sjekka skattekortet 

  • Publisert:

Aldri før har så mange sjekka skattekortet sitt, viser tal frå Skatteetaten. Det er òg veldig mange som har endra skattekortet sitt. Det er særleg tre opplysningar folk endrar. 

– Det er svært positivt at mange tenkjer gjennom økonomien sin og skatten dei skal betale, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten. 

Marta Johanne Gjengedal

 Skattekortet for 2024, som avgjer kor mykje skatt du skal betale av lønn, pensjon og liknande inntekter, vart sendt ut 15. desember. Etter skattekortet vart sendt ut, har over 2 millionar logga seg inn på skatteetaten.no for å sjekke opplysningane sine. Over 800 000 har endra skattekortet allereie, og det er rekord.  

Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten, er særs nøgd med at så mange sjekkar skattekortet.  

– Dersom opplysningane i skattekortet ikkje stemmer, er det viktig at du sjølv endrar dei, slik at du betaler rett skatt i 2024, oppmodar Gjengedal.  

Dei fleste sjekkar og endrar skattekortet sitt dei første månadene. Samstundes er det usikkert korleis mellom anna rentenivået vil utvikle seg i år, og det er derfor god grunn til å sjekke skattekortet undervegs i året òg.  

  

2,5 millionar fekk påminning frå Skatteetaten 

I byrjinga av januar fekk om lag 2,5 millionar personar e-post eller sms frå Skatteetaten med råd om å sjekke skattekortet sitt. Denne påminninga gjekk ut til dei som ikkje hadde opna skattekortet.  

– Tala for inntekt, gjeld, formue, renter og frådrag i skattekortet byggjer på opplysningar frå 2022 og 2023. Det kan ha skjedd mykje i livet ditt sidan då, og det er derfor lurt å logge inn på skatteetaten.no for å sjekke at tala vi har føreslått er rette, fortel Gjengedal.  

  

Kva opplysningar blir oftast endra?  

Statistikken viser at dei postane som oftast blir endra i skattekortet er inntekt, renter og bankinnskott og gjeld.  

– Opplysningane bruker vi til å rekne ut kva du skal betale i skatt. Dersom livet endrar seg, er det viktig å oppdatere skattekortet. Skal du til dømes gå av med pensjon, eller du har seld ein bustad, så greier vi ikkje fange det opp, seier Marta Johanne Gjengedal. 

Ho peikar særleg på seks grupper som bør sjekke skattekortet sitt nøye: 

  • Dei som har gått av med pensjon, eller skal gå av med pensjon i år.  
  • Dei som har bustadlån, og då særleg om du har skifta til eller frå fastrente. Grunnen til det, er at vi bereknar rentene på grunnlag av flytande rente.  
  • Dei som har lån i lag med andre. Då er det viktig at du legg inn delen din av lånet og rentene på lånet i skattekortet. Den eller dei du har lånet saman med, må gjere det same i skattekortet sitt. 
  • Dei som anten i år eller i fjor har kjøpt, seld eller leigd ut bustad. Dette greier ikkje Skatteetaten å fange opp. 
  • Dei som har skifta jobb, eller som kjem til å få høgare eller lågare inntekt.  
  • Dei som har utgifter til barnepass (til dømes barnehage eller SFO), eller har lang reiseveg til jobben. Desse frådraga må du leggje inn sjølv. 

  

Skilnad mellom kommunane  

Pressemeldinga kjem med ei oversikt som viser kor mange av dei skattepliktige i kvar kommune som har sjekka skattekortet så langt. Dei tre kommunane som kjem best ut er Hvaler, Ullensaker og Vestre Toten, der nesten halvparten av innbyggjarane har sjekka skattekortet.   

– Det er relativt jamt i kommunane, og det samla gjennomsnittet er på 39 prosent. Altså har om lag 4 av 10 innbyggjarar sjekka skattekortet så langt, seier Marta Johanne Gjengedal. Tala er veldig gode, og dei kan framleis auke gjennom året. 

Færrast har sjekka skattekortet i Beiarn kommune i Nordland (30 prosent) og Fjaler kommune i Vestland (24 prosent). Men, det er ikkje for seint å endre statistikken. Fjaler kan bli som Hvaler om dei får fleire til å sjekke. Av dei største kommunane, er det Trondheim og Bergen som kjem best ut. Dei knivar om teten, men Trondheim slår Bergen med ein liten margin. 

Vedlegg