Pressemelding

Rentehopp har gjeve dobling i skattekortendringar

  • Publisert:

Når rentene aukar er det viktig å sjekke at du har rett skattetrekk. Så langt i år har om lag 700 000 personar gjort endringar i skattekortet sitt - det er ei dobling frå 2022. Skatteetaten oppfordrar særleg personar med fastrentelån til å sjekke skattekortet ekstra i år. 

– Det har skjedd store endringar i norsk økonomi og desse påverkar dei fleste. Difor er det kanskje viktigare enn nokon gong at du har eit bevisst forhold til skatten din, fortel divisjonsdirektør Regine Hatleskog Vastvedt. 

Ho påpeiker at det i år er spesielt viktig å sjekke rentene i skattekortet. Skatteetaten har teke høgde for at renta aukar kraftig frå 2021 til 2023. For dei fleste vil desse estimata stemme.

- Men om du har fastrente, kjøpt eller seld bustad, betalt ned gjeld eller fått lågare renteutgifter av andre grunnar, kan det hende at estimatet i skattekortet ikkje stemmer, opplyser Regine Hatleskog Vastvedt.  

Ekstra viktig med rentesjekk 

Skattekortet bestemmer kor mykje skatt du skal betale i løpet av året. I skattekortet estimerer Skatteetaten kva vi trur at du kjem til å ha i løn, gjeld, bankinnskot og frådrag for 2023. Våre estimat baserer seg mellom anna på informasjon frå det siste skatteoppgjeret ditt. Det vil seie at ein del av informasjonen er to år gammel. 

 – For mange vil estimatet treffe godt, mens andre bør endre skattekortet for å betale rett skatt, seier Vastvedt.  

Du får frådrag for gjeldsrenter, det vil seie renter du betaler på lån og anna gjeld. Hvis gjeldsrentene er estimert høgare i skattekortet enn det du faktisk ender opp med å betale i 2023, risikerer du å betale for lite skatt og få restskatt til neste år. Dette kan eksempelvis gjelde om du har fastrente på lån. 

– I skattekortet må du oppgje kor mykje du trur at du kjem til å betale i renter i 2023, i feltet for «Gjeldsrenter», forklarer divisjonsdirektøren. 

For å finne rett rentefrådrag må du sjekke kor mykje du har betalt i renter hittil i år og legge til forventa renteutgifter for resten av året. Om du er usikker, kan du ta kontakt med banken din. Det er også viktig å hugse på å sjekke skattekort/skattetrekk for medlåntakar om du har det. 

Dette bør du også sjekke 

Om noko har endra seg i livet ditt, vil det ofte påvirke skatten. Eksempelvis om du har fått ny jobb, blitt pensjonist, kjøpt eller seld bolig, betalt ned på lån eller inngått avtale om fastrente. Då bør du sjekke skattekortet  

Om du vil unngå restskatt, er det spesielt viktig å sjekke: 

  • Gjeldsrenter 
  • Renteinntekter 
  • Inntekt/pensjon
  • Foreldrefrådrag 

Ser endringane med ein gong 

Du må sjølv sjekke skattekortet. Hvis noko ikkje stemmer, må nye tal leggast inn. Du kan sjekke og endre skattekortet ditt på skatteetaten.no/endre. Når du gjer endringar i skattekortet, ser du med ein gong korleis det påverkar skatten du skal betale. Du ser endringane før dei sendast inn.  

– Hvis noko endrar seg i din privatøkonomi seinare, bør du sjekke igjen. Hvis renta på lånet ditt går opp eller ned, bør du også sjekke skattekortet på nytt. Du kan endre skattekortet så mange gonger du vil. Då lagar vi eit nytt skattekort som arbeidsgjevar og NAV hentar direkte. Du treng ikkje gjere noko meir, seier Vastvedt. 

Om du endrar skattekortet ditt seint på året, kan det ha stor påverknad på kor mykje skatt du betalar, i og med at det er få månader igjen å fordela skattetrekket på. Om du oppdagar feil og ikkje endrar, risikerer du å få restskatt når skattemeldinga kjem i mars neste år. Skatten vert den same – enten får du høgare skattetrekk kvar månad, eller så får du restskatt. Om du får restskatt skal denne betalast i august og/eller september neste år. 

Mange har endra i skattekortet 

Tal frå Skatteetaten viser at nær 700 000 personar har vore inne og endra renteinntekter eller rentefrådrag i skattekortet hittil dette året. Det er dobbelt så mange som året før (sjå tabell). Tala viser at gruppa som har redusert rentefrådraget i sum om lag har halvert beløpa samanlikna med det som var estimert i skattekortet. Gruppa som har auka rentefrådraget har i snitt auka med meir enn det dobbelte av kva som var estimert i skattekortet. 

Statistikk frå Skatteetaten på kor mange som har endra renteinntekter eller frådrag i skattekortet i 2023: 

Endringar i skattekortet 2023 Antal personar Frå (mill kr) Til (mill kr)
Økt renteinntekter 52 761 368 1 098
Redusert renteinntekter 235 069 15 559 4 312
       
Økt rentefrådrag 138 096 6 249 15 326
Redusert rentefrådrag 257 365 32 426 14 982
       
Endringar i skattekortet 2022 Antal personar Frå (mill kr) Til (mill kr)
Økt renteinntekter 29 153 92 279
Redusert renteinntekter 114 014 1 103 431
       
Økt rentefrådrag 77 114 1 977 5 208
Redusert rentefrådrag 117 827 6 658 3 030

Vedlegg