Kunngjøring

Skattekort - skattetrekk og forskottsskatt for 2004

  • Publisert:

Skattekortet skal leverast til arbeidsgivaren straks det er motteke. Skattytarane må kontrollere beløpa på skjemaet som er lagt ved. Det skal brukast ved endring av skattetrekket. Beløpsgrense for frikort for skuleungdom er kr 23 399. Frikort kan ein få ved å vende seg til likningskontoret eller nytte Internett www.skatteetaten.no/

Arbeidsgivarane skal trekkje skatt i samsvar med skattekortet. Blir det ikkje levert skattekort, skal forskottstrekket vere 50 prosent av lønn, sjukepengar,fødselspengar, dagpengar under arbeidsløyse, rehabiliteringspengar og attføringspengar, og 30 prosent av pensjons- og andre trygdeytingar. Arbeidstakarar kan be arbeidsgivaren trekkje meir skatt enn det skattekortet viser. Arbeidsgivarar som får overført skattekortopplysningar maskinelt, skal også krevje at skattekorta blir leverte inn. I januar kan skattekortet for 2003 brukast dersom skattytaren ikkje har kunna levere nytt skattekort.

Minstegrensene for forskottstrekk per oppgjersperiode er kr 200 for trekkbeløp og kr 1 000 for trekkpliktige ytingar. Skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar kan la vere å gjennomføre forskottstrekk når samla lønnsutbetaling til ein person i inntektsåret ikkje er over kr 2 000.

Ved tabelltrekk i pensjon skal ein bruke månadstabell for pensjon (merkte med P etter tabellnummeret). Ved andre trekkperiodar enn månadlege, skal tabellen brukast forhaldsmessig.

 For sjøfolk med krav på særskilt frådrag (sjømannsfrådrag) i inntekta om bord, skal arbeidsgivaren trekkje frå 29 prosent av bruttoinntekta, maksimalt kr 4 200 per månad ved utrekninga av forskottstrekket.

Skattedirektoratets arbeidsgivarhefte gir nærmare opplysningar om forskottstrekk o.a. Heftet får ein på skatteoppkrevjarkontoret. Trekktabellar og dokumentasjon og program for å rekne ut skattetrekket ligg på www.skatteetaten.no.

footer/desktop/standard