SKD-melding

Kost og losji i 2001

  • Avgitt 15.01.2001

Skattedirektoratets melding, SK nr. 13/00, 15. januar 2001.

Reiseutgifter ved besøk i heimen, fordel ved bruk av arbeidsgivar sin bil og rentefordel ved rimelege lån i arbeidstilhøve i 2001

Skattedirektoratets satsar for kost i 2001 er auka i forhold til 2000. Det er teke omsyn til auken i konsumprisindeksen for matvarer og for husleige, lys og brensel fram til september 2000.

Skattedirektoratets forskottssatsar for trekkfri kostgodtgjering for arbeidstakarar som bur på pensjonat og for arbeidstakarar som bur på hybel/brakke der det er høve til å koke mat er auka i forhold til 2000.

Skattedirektoratet har fastsett frådragssatsar for bruk av bil ved besøk i heimen og satsar for fordel ved bruk av arbeidsgivar sin bil for inntektsåret 2001 (òg mellom heimen og arbeidet). Rimelege lån i arbeidstilhøve er også omtalt.

Kunngjering av 20. desember 2000 om satsane for trekkpliktige naturalytingar i 2001 er teke inn som påtrykt vedlegg.

1. Skattedirektoratets satsar for kost og losji for inntektsåret 2001

Med heimel i skattebetalingslova § 6 nr. 2, jf. § 2?1 i forskrift frå 21. juni 1993 om m. a. verdsetjing av naturalytingar, sjå melding Sk nr. 12/1993, har Skattedirektoratet fastsett følgjande satsar for verdien av fri kost og losji ved utrekning av forskottstrekk og ved likninga for 2001:

Fritt opphald (kost og losji)

kr 89 pr. dag

Fri kost (alle måltid)

kr 68 pr. dag

Fri kost (to måltid)

kr 53 pr. dag

Fri kost (eitt måltid)

kr 35 pr. dag

Fritt losji (eitt eller delt rom)

kr 21 pr. dag

Det er teke omsyn til auken i konsumprisindeksen for matvarer og for husleige, lys og brensel frå september 1999 til september 2000.

Satsane gjeld heile landet. Berre dagar arbeidstakaren faktisk får slike ytingar skal reknast med.

Blir Skattedirektoratets satsar nytta, skal desse gjelde for alle tilsette når trekk og arbeidsgivaravgift skal reknast ut, både i bokføringa og i lønnsoppgåva.

Satsane for fri kost skal nyttast same kva for stilling mottakaren har i verksemda, og kvar for seg for familiemedlemmer som får ytinga. For barn som ikkje har fylt 10 år innan utgangen av 2001, skal satsane for fri kost halverast.

Blir arbeidstakaren trekt for verdien av kost og losji etter satsar fastsette anten av Skattedirektoratet eller i tariffavtale, skal skattetrekk og arbeidsgivaravgift reknast av brutto lønn.

Dersom trekket i lønna er mindre enn satsane i tariffavtala og dessutan under satsane frå Skattedirektoratet, skal ein gi eit tillegg i bruttolønna. Tillegget skal vere lik differansen mellom direktoratet sine satsar og det beløpet som er trekt.

Dersom satsane for kost og losji i særlege tilfelle skulle verke klårt urimelege, kan ytingane setjast til ein lågare verdi ved likninga. Det er føresetnaden at denne ordninga berre skal reserverast for heilt spesielle tilfelle og difor berre skal kunne nyttast unntaksvis. Det er ikkje overlate til arbeidsgivarane å ta individuelle omsyn (nytte reduserte satsar) ved fastsetjing av trekkgrunnlaget. Sjå òg den påtrykte kunngjeringa.

2. Skattedirektoratets forskottssatsar for trekkfri kostgodtgjering

Forskottssatsane for trekkfri kostgodtgjering for 2001 er følgjande pr. døgn:

For arbeidstakarar som bur på pensjonat eller hybel/brakke utan høve til å koke mat: kr 249 For arbeidstakarar som bur på hybel/brakke der det er høve til å koke mat eller har overnatta privat: kr 164

Får arbeidstakaren i tillegg dekt eitt eller fleire måltid, må den trekkfrie godtgjeringa reduserast med 10 prosent for frukost, 40 prosent for lunsj og 50 prosent for middag (beløp skal rundast opp eller ned til nærmaste heile krone).

3. Reiseutgifter ved besøk i heimen og fordel ved privat bruk av arbeidsgivar sin bil for inntektsåret 2001

3.1 Frådrag for reiseutgifter ved heimbesøk Den satsen som blir nytta når pendlarar får godkjent reiseutgifter ved besøk i heimen, jf. takserings-reglane post 3.3.1, skal for inntektsåret 2001 vere kr 1,40 pr. km inntil 35 000 km pr. år og kr 0,70 pr. km over 35 000 km pr. år. Arbeidsgivaren kan godtgjere slike utgifter trekk- og avgiftsfritt etter desse satsane. Skattedirektoratet kan heve satsane i inntektsåret ved prisauke.

3.2 Privat bruk av arbeidsgivar sin bil Fordelen ved privat bruk av arbeidsgivar sin bil som er stilt til disposisjon for arbeidstakar, sjablonmessig fastsett til 10 000 km pr. år (eller 833 km pr. månad) med tillegg av dei kilometrane arbeidstakaren brukar bilen mellom heim og arbeidsstad, skal takast med i grunnlaget for utrekning av forskottstrekk og arbeidsgivaravgift.

Fordelen skal for 2001 reknast etter følgjande satsar:

Prisklassar:

Kr pr. km:

Under kr 75 001

2,85

Kr 75 001 - 100 000

3,45

Kr 100 001 - 150 000

4,05

Kr 150 001 - 200 000

4,70

Kr 200 001 - 250 000

5,55

Kr 250 001 - 300 000

6,40

Over kr 300 000

7,00

For køyring mellom heim og arbeidsstad over 4 000 km pr. år, skal ein bruke ein sats på kr 1,40 pr. km.

Prisklassen blir fastsett ut frå opphaveleg listepris for bilen som ny. Opphaveleg listepris som ny er importøren sin rettleiande pris levert importsted, medrekna avgifter og eventuelt ekstrautstyr. For bil som berre drivast med elektrisk kraft, nyttast satsen som ligg to prisklasser lågare enn den opphavelege listeprisen, men ikkje under lågaste sats. Opphalder arbeidstakaren seg i utlandet og bilen ikkje er anskaffa i Noreg, nyttast opphaveleg listepris som ny i opphaldslandet. Det kan krevjast framlagt dokumentasjon for denne listeprisen.

Når prisen på bilen, rekna på denne måten, er høgare enn kr 450 000, skal grunnlaget for trekk og avgift på årsbasis aukast med 10 prosent av den delen av listeprisen som overstig kr 450 000.

Reknar ein med at yrkeskøyringa blir meir enn 40 000 km i året, kan trekk og avgift reknast etter ein sats som ligg to prisklasser lågare enn den som følgjer av listeprisen, men ikkje under den lågaste satsen. I slike høve skal grunnlaget for trekk og avgift på årsbasis berre aukast med 10 prosent av den del av prisen som overstig kr 500 000.

4. Rimelege lån i arbeidstilhøve

Når arbeidsgivaren har gitt eller formidla lån i arbeidstilhøve til rimeleg rente, skal det trekkjast skatt og reknast arbeidsgivaravgift av rentefordelen. Fordelen er differansen mellom renta rekna etter normalrentesatsen og den faktisk påkomne renta. Frå 1. januar 2001 er normalrentesatsen 6,0 prosent. Rentefordelen skal fordelast på dei aktuelle månadene. Del av månad skal reknast som heil månad. Regelen gjeld også når slike lån til dømes er gitt til arbeidstakaren sin ektemake eller sambuar.

Rentefordelen ved eit kortsiktig mindre lån frå arbeidsgivar blir ikkje rekna som skattepliktig inntekt. Vilkåra er at lånet, da det blei gitt, ikkje var større enn 3/5 av grunnbeløpet i folketrygda (pr. 1. januar 2001 svarande til kr 29 454), og tilbakebetalingstida er høgst eitt år.

Skattekorta for 2001 er skrivne ut på grunnlag av likninga for 1999, der ein eventuell skattepliktig rentefordel er teken med.

Skattytarar som tek opp nye lån og med dette får vesentleg skattepliktig fordel, bør ta kontakt med likningskontoret for å få endra skattekortet.