Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Skatteklagenemnda

Arbeidsopphald borte frå heimen

  • Publisert:
  • Avgitt: 21.08.2019
Saksnummer Stor avdeling 01 NS 91/2019

Lovhenvisninger: Skatteloven § 6-13 og § 6-44

Saka gjeld

Frådrag for meirkostnader ved arbeidsopphald borte frå heimen, jf. skattelova § 6-13 og reiser mellom heimen og arbeidsstaden § 6-44.

Påklaga beløp er kr 184 796.

Klagen vert ikkje teken til følgje.

 

Saksforholdet

Skatt x har i si utgreiing av saka etter skatteforvaltningslovens § 13-6 fjerde ledd opplyst følgjande om saksforholdet:

"Den skattepliktige bor saman med ektefelle i [Vei 1], [By 1] kommune, og arbeider på [Sted 1], A vg. skole, avstanden er ca. 32 km. Ho har fått frådrag for meirkostnader ved arbeidsopphald borte frå heimen frå inntektsåret 2010. Dette gjeld også kostnad til pendlerbustad i [Vei 2], på [Sted 1], nær arbeidsplassen. Ho har eigd bustaden frå [...].2009, og budde der til 2010, ho flytta då til [Vei 1]. Ho fikk frådrag for meirkostnader for åra 2010 til 2015. I skattemeldinga for 2016 var det ført opp frådrag for meirkostnader til kost med kr 74.947 og for losji med kr 109.849, og kostnader til besøk i heimen. I skatteoppgjeret datert 25.10.2017 fekk ho frådraga. Skattekontoret varsla 06.02.2018 endring av skattefastsettinga når det gjaldt meirkostnader, og skattepliktige kom med tilsvar 08.02.2018. Ho opplyste her:

Eg arbeider delt dag. Dvs at eg t.d startar 0800 og jobbar til 1200, har pause til 1530 og jobbar til 2130. Arbeidet er ved A vidaregåande skole der eg underviser både på dagtid og på vaksenopplæringa om kvelden. Det er «umulig» å ikkje ha eiga leilegheit i samband med arbeidet. Dagen etter at kveldsvakta slutta 2130 ( er heime 2200) startar arbeidet igjen 0815 neste dag. Det er ikkje rimelig at eg skal køyre til [Vei 1] og ut igjen neste morgon. I 2016 hadde eg fleire dagar med den type skift.

Skattekontoret fatta vedtak i saka 27.02.2018. Skattekontoret viste til at skattepliktige ikkje hadde sagt noko om kor mange arbeidsdagar ho hadde delt arbeidsdag. Ein avstand på 64 km tur/retur var for kort til at frådragsrett ligg føre. Den var å rekne som ein avstand som kan dagpendlas, og når avstanden mellom heim og arbeidsstad kan dagpendlas har ein ikkje rett til frådrag for meirkostnader. Konklusjonen var slik:

"Post 3.2.7 meirkostnader ved arbeidsopphald borte frå heimen endres frå kr 74.947 til kr 0

Post 3.2.7 meirkostnader til vedlikehald endres fra kr 109.849 til kr 0

Post 3.2.9 besøksreiser endres frå kr 63.696 til kr 0."

Vedtaket vart påklaga 16.03.2018 ved advokat B. Det som gjeld besøksreiser er ikkje påklaga."

Skattekontorets utgreiing vart sendt sekretariatet den 18. juni 2018.

Sekretariatet sendte utkast til innstilling til skattepliktige ved fullmektig den 24. mai 2019, slik at skattepliktige kunne kome med merknader til utkastet. Skattepliktige ved fullmektig sendte slike merknader i brev datert 4. juni 2019.

Skattepliktiges merknader

Skattekontoret har skrive følgjande om skattepliktiges merknader:

"Advokat B har opplyst at pendlerbustaden er 700 meter frå arbeidsplassen. Avstand frå skattepliktig sin heim til arbeidsplassen er ca. 33 km, til pendlerbustaden ca. 32 km. Arbeidsgjevar har bekrefta at skattepliktige på måndagar har arbeidstid frå 8.30 til 10.00 og 16.00 til 19.30[21.30], for tysdagar er det opplyst arbeidstid på ettermiddag 16.00 til 19.30, og etterarbeid etter undervisninga på ca. 20-30 minuttar. Skattepliktig opplyser at hun har arbeid frå 8.15 på tysdagar. Det er opplyst at busstilbodet er dårleg.

Næraste haldeplass til heimen er [Sted 2], ca. 800 m, alternativt [Sted 3] ca. 2,7 km. Gangtid er omlag 10 minuttar og 36 minuttar. Det framgår av rutetabellen at bussreise mellom [Sted 3]/[Sted 2] og [By 1] tar om lag 45-50 minuttar kvar veg. Siste buss frå [By 1] til [Sted 2] går 16.15 på kvardagar, alternativ 21.15 til [Sted 3].

Klagen var vedlagd oversikt over kjøring, dokumentasjon felleskostnader og strøm i pendlerbustaden og oversikt for vedlikehald med kr 109 849. Vedlikehald gjeld blant anna oppussing av bad og kjøkken, og arbeid med strøm. Leilegheita er frå 1980-tallet, og oppussinga er gjort etter dagens standard, det er montert aqua stop, og byttet varmtvannstank. Kjøkken og bad har normal standard før og etter oppussing, betaling var gjort per bank. Leiepris for tilsvarande leilegheit er ca. 12 500 kr per månad.

Skattepliktig har anførd at Skattekontorets rettslige forståing er innskrenkande og i strid med Grunnloven § 113. At ein berre skal legge vekt på reiseavstand er i strid med praksis som går fram av Skatte-ABC for 2016/17. I kapittelet Bosted - skattemessig bosted, punkt 5 går det fram at ein pendlar er ein person som av på grunn av inntektsgjevande aktivitet overnattar utanfor heimen, og at:

Opphold utenfor hjemmet av andre grunner, f.eks. studier, fritidsformål, luksusmotiverte årsaker, familiære forhold mv. medfører ikke at en person anses som pendler. Hvis oppholdet utenfor hjemmet skyldes inntektsgivende aktivitet, kan vedkommende anses som pendler selv om det er praktisk mulig å foreta daglige reiser mellom hjem og arbeidssted. Reiseavstanden kan imidlertid ha betydning ved vurderingen av om oppholdet utenfor hjemmet skyldes andre grunner enn inntektsgivende aktivitet.

Det gis frådrag for dokumenterte meirkostnader til losji etter FSSD S 6-13-2, og for meirkostnader til kost etter sats, for 2016 kr 200, etter FSSD S 6-13-1 og takseringsregelen S 1-3-2. Kostnad til vedlikehald er omfatta, sjå punkt 7.2.2 i kapittel Merkostnader - kost og losji ved overnatting utanfor hjemmet. Kostnader til større vedlikehald skal ikkje fordelas, berre om fritidsbustad blir brukt som pendlarbustad, sjå punkt 7.2.3. Skattekontorets rettslige forståing av regelen er også i strid med Grunnloven § 113. Skattepliktige har sin heim etter i den felles bustaden i [Vei 1], og det er ikkje omstridd at ho faktisk har oppheldt seg i bustaden. Spørsmålet er om ho bor i her av omsyn til arbeidet sitt, eller av andre omsyn. Dette er ei bred og konkret vurdering.

Advokat [...] [B] har anførd at det er klart at skattepliktig oppholder seg i pendlerboligen av hensyn til arbeidet. Ho har for tidlegare år blitt godkjent som pendlar. Det er dårleg busstilbod mellom heim og arbeid og når ho arbeider om kvelden går det ikkje buss etter arbeidstidas slutt. Det kan ikkje leggas vekt på at ho eventuelt faktisk bruker bil. Det er ikkje relevant å legge vekt på at ho kan reise heim dei dagane ho ikkje jobbar seint, av di ho må ha en stad å bo dei dagane ho jobbar seint. Avstanden er uansett så lang at vilkåra er oppfylt, og skattekontoret må ta omsyn til skattepliktig sin alder. Advokaten kan ikkje sjå at det er andre årsaker til at [skattepliktig] oppheld seg i pendlarbustaden, og skattekontoret må ha bevisbyrda for at det føreligg andre grunner til at ho oppheld seg der. Skattekontoret har ikkje gått inn på ei vurdering av eventuelle andre grunner til bruken av bustaden. Det er anførd at det føreligg saksbehandlingsfeil ved at skattekontoret ikkje har undersøkt grunnen til at skattepliktig brukte pendlarbustaden. Skattekontoret har heller ikkje grunngitt at saka blei tatt opp, jf. skatteforvaltningsloven § 12-1, (1)."

I skattepliktiges brev datert 4. juni 2019 gjer skattepliktige merksam på at ho opprettheld tidlegare merknader. I tillegg ber ho Skatteklagenemnda om å ta omsyn til følgjande merknader:

Rettsbruken i innstillinga er ikkje rett. Ordlyden i skattelova § 6-13 stiller ikkje vilkår om at det må vere "nødvendig" å bu utanfor heimen. Vidare må skattelova § 6-13 tolkast i lys av hovudføresegna om frådrag i skattelova § 6-1.

Skattepliktige meiner også at BFU-2004-5, som det er vist til i innstillinga, gjaldt eit anna saksforhold. Den har såleis ikkje noko overføringsverdi til den saka som no er til handsaming i Skatteklagenemnda. Skattepliktige kan heller ikkje sjå at sak NS 101/2018 er samanliknbar med gjeldande sak. Dette fordi at det i NS 101/2018 mangla oversikt over reiser. Slik oversikt er derimot lagt fram her.

Det blir hevda at det ikkje er grunnlag for å avskjere frådrag i medhald av skattelova § 6-13 aleine basert på at avstanden mellom heimen og pendlarbustaden er "vanlig for dagpendlere".

Det blir også poengtert at ifølge FSFIN § 3-1-2 er skattepliktiges heim der ektefellen er busett.

Skattekontorets vurdering

Skattekontoret har vurdert klagen slik:

"Ein skattepliktig kan klage til Skatteklagenemnda over skattekontorets vedtak i endringssak. Klagen er sendt innafor klagefristen og inneheld dei opplysningar som er nødvendig for å behandle saken, jf. Skatteforvaltningsloven §§ 13-1 til 13-5. Klagen skal realitetsbehandlast.

Skattepliktig har anførd at skattekontoret ikkje har grunngjeve at saka blei tatt opp, og at saka ikkje var tilstrekkelig opplyst. Skattekontoret hadde varsla om endring, og då vedtaket vart fatta vurdert det slik at saka var tilstrekkelig opplyst. Saka gjaldt et nokså stort frådrag, og det var gått kort tid etter skatteoppgjeret. Slik skattekontoret ser det var vurderinga av om saka skulle tas opp tilstrekkelig, og skattekontoret legg såleis ikkje vekt på innvendinga.

Kontrollen av ulike områder innafor skademeldingar [skattemeldingar] varierer frå år til år, og skattekontoret ser det slik at det ikkje er avgjerande at skattepliktig har fått slikt frådrag i fleire år tidlegare. Spørsmålet er om vilkåra for frådrag er oppfylt for inntektsåret 2016.

Emnet for klagen er at skattepliktige har kravd frådrag for utgifter til kost og losji i forbindelse med arbeidsopphald utanfor heimen. Kravet om frådrag for besøksreiser til heimen er ikkje påklaga. Skattepliktig har etter skattelova sin heim i [Vei 1], der ho har felles bustad med ektefellen. Skattekontoret legg til grunn at skattepliktig har brukt leilegheita i [Vei 2] i samband med arbeidet sitt ved A vidaregåande skole. Frådragsretten for utgifter til kost og losji følger av skatteloven § 6-13, som lød slik for inntektsåret 2016, første ledd:

Skattyter som av hensyn til arbeidet må bo utenfor hjemmet, ​ gis fradrag for merkostnader på grunn av fraværet. Fradrag gis etter satser som fastsettes av departementet. (...)

Lignings-ABC 2016 seier på side 285 (Bosted – skattemessig bosted, pkt 5) følgande:

"En pendler er en person som av hensyn til inntektsgivende aktivitet, overnatter utenfor hjemmet. Opphold utenfor hjemmet av andre grunner, f.eks. studier, fritidsformål, luksusmotiverte årsaker, familiære forhold mv. medfører ikke at en person anses som pendler. Hvis oppholdet utenfor hjemmet skyldes inntekts­givende aktivitet, kan vedkommende anses som pendler selv om det er praktisk mulig å foreta daglige reiser mellom hjem og arbeidssted. Reiseavstanden kan imidlertid ha betydning ved vurderingen av om oppholdet utenfor hjemmet skyldes andre grunner enn inntektsgivende aktivitet."

Det sentrale spørsmålet i denne saka er forståinga av vilkåret om at skattepliktig må bo utafor heimen. Denne regelen er overført frå skatteloven av 1911, § 44, andre ledd, og er ikkje kommentert i Ot.prp.nr.86 (1997–1998), Ny skattelov, ut over dette: «Bestemmelsen tilsvarer skatteloven § 44 første ledd g nr 2 og § 44 første ledd a første avsnitt tredje punktum.» Ordlyden i skatteloven av 1911 var bortsett frå små justeringar i språket lik dagens regel: «Hvis den skattepliktige under utførelsen av sitt arbeid av hensyn til dette må bo utenfor sitt hjem, kan den merutgift som herved påføres ham, fordres fradratt inntekten.»

Etter skattekontoret sitt syn er det sentralt at det i regelen står at skattepliktig må bo utanfor heimen, det må være naudsynt å bo utanfor heimen. I kommentarutgava (1979) til skattelova av 1911 står det på side 428 «Etter disse reglene kan fradrag for merutgifter for opphold borte fra hjemmet i alminnelighet bare gis familieforsørgere som av hensyn til sitt arbeid er nødt til å bo utenfor hjemmet».

Etter skattepliktig sitt syn er spørsmålet om ho bor i pendlarbustaden av omsyn til arbeidet sitt, eller av andre omsyn.

Slik skattekontoret ser det er spørsmålet om det er naudsynt for skattepliktig å bo utanfor heimen. Reiseavstand er eit moment i denne vurderinga. Skattekontoret har søkt etter rettspraksis på dette området, men har ikkje funne relevant praksis.

Reiseavstanden en vei er 32 km, og skattepliktig har oppgjeve normal kjøretid til rundt 40 minuttar. Skattepliktig har egen bil, og skattekontoret oppfatter henne slik at det blir brukt bil på reisen mellom heim og [Vei 2]. Kollektivtilbodet er dermed ikkje til hinder for at ho kan reise, og ikkje avgjerande for denne vurderinga. Skattekontoret vurderer det slik at det er normal vegstandard på strekninga frå heimen og til arbeidsplassen. Ho har opplyst at ho har delt arbeidsdag to dagar i uka, måndag og tysdag. Tysdagar er det opplyst at arbeidstida er til klokka 19.30 pluss noko etterarbeid. Etter skattekontoret si vurdering er reiseavstanda kort, og ikkje til hinder for at ho kan ha daglige reiser til/frå arbeidsplassen, heller ikkje mellom måndag kveld og tysdag morgon. Arbeidsordninga skil seg lite frå ansatte med skiftarbeid, og skattekontoret antar at det et stort antall skattepliktige i [By 1] som daglig reiser tilsvarande og lengre avstand. Det er ikkje naudsynt for henne å bo borte frå heimen på grunn av arbeidet.

Skattekontoret vurderer det slik at det ikkje er gjort saksbehandlingsfeil i vedtaket. Skattekontoret hadde naudsynt informasjon, og vurderte denne. Avstand og mulig transport mellom heim og arbeidsplassen er sentrale moment i denne vurderinga.

Tilråding:

Skattekontoret vil tilrå at skattekontorets vedtak av 27.02.2018 blir stadfesta."

Sekretariatets vurdering

Skatteklagenemnda er rett klageinstans etter skatteforvaltningslova § 13-3 andre ledd.

Skatteklagenemnda kan prøve alle sider av saka, jf. skatteforvaltningslova § 13-7 andre ledd.

Klagen er sendt 16.mars 2018. Klagen blir rekna som rettidig og oppfyller dei krava som vert stilt til innhaldet i ein klage.

Den skattepliktige har kravd frådrag for meirkostnader ved å ha budd utanfor sin verkelege heim.

Spørsmålet i saka er om den skattepliktige har krav på frådrag for meirkostnader fordi skattepliktige av omsyn til arbeidet har budd utanfor heimen, jf. skattelova § 6-13. Det avgjerande blir å ta stilling til kor den skattepliktige har sin heim.

Sekretariatet, som førebur saker for Skatteklagenemnda, har gått gjennom saka og innstiller på at den skattepliktiges klage ikkje vert teken til følgje.

Det er sekretariatets vurdering at skattekontorets framstilling av faktum gir eit forsvarleg grunnlag til å treffe ei avgjersle. Sekretariatet er også einig i skattekontorets vurdering av dei rettslege spørsmåla i saka.

Skattepliktige eig ei leilegheit på [Sted 1] og sekretariatet tvilar ikkje på at ho nytter leilegheita til pendlarbustad slik ho hevdar. Spørsmålet blir likevel om ho kan få frådrag for dette.

For å kunne rekne ein bustad på arbeidsstaden for å vere ein pendlarbustad må den:

  • Ha ein avstand til heimen som må overstige det som er vanleg for dagpendlarar, og
  • Vere i bruk i "betydelig utstrekning".

I dette tilfelle er det ikkje tvist om at avstanden mellom heimen i [Vei 1] og heimen på [Sted 1] er 32 km og at reisetida er 30 min. Sekretariatet meiner at dette både er ein avstand og ein tidsbruk som er vanleg for mange dagpendlarar. Sekretariatet gjer merksam på at avstand og tidsbruk ikkje er konkret fastslått i noko regelverk eller retningslinjer, men må vurderast individuelt. Dersom det ikkje ligg føre spesielle forhold som gjer dagpendlinga særleg krevjande er normal likningspraksis at reiseavstanden må vere over 10 mil for at dagpendlinga ikkje skal vere det vanlege. Tilsvarande sak er tidlegare handsama i Skatteklagenemnda. Sjå sak NS 101/2018.

Det vert også vist til BFU 2004-5, kor bustaden ikkje vert rekna for å vere brukt i "betydelig utstrekning". Her var avstanden ei kjøretid på 40-60 min, og bustaden blei brukt 2-3 gangar pr. veke.

Når reisetida ikkje overstig det som er vanleg for mange dagpendlarar må det krevjast at det ligg føre forhold som gjer dagpendlinga særleg krevjande. Døme på dette er

Yrkesmessige forhold

Svekka helse

Høg alder.

Det som er aktuelt å vurdere her er om hennar yrkesmessige forhold gjer det vanskeleg for henne å dagpendle. Skattepliktige hevdar at ho ikkje kan dagpendle da ho arbeider seint på måndagar (kl. 21.30), og til kl 19.30 på tirsdagar.

Sjølv om ein slik undervisingsplan kan medføre ekstra arbeidsbelastning, så meiner sekretariatet at det ikkje ligg føre forhold som gjer dagpendlinga særskilt krevjande.

Sekretariatet finner det ikkje sannsynliggjort at den skattepliktige må bu utanfor heimen av omsyn til arbeidet, og i betydelig utstrekning, og meiner at vilkåret for frådrag ikkje er til stades.

Sekretariatets kommentarar til skattepliktiges merknader til innstillinga

Sekretariatet er ikkje einig med skattepliktige i at skattelova § 6-13 ikkje stiller eit krav om at det er naudsynt å bu utanfor heimen. § 6-13 er ein spesialregel i forhold til § 6-1, som seier at dei som "av hensyn til arbeidet" "må bo utenfor hjemmet" gis frådrag. Vi meiner det ligg eit tilknytingskrav i ordlyden "av hensyn til" og eit krav om at det er naudsynt å bu utanfor heimen i ordlyden "må", jf. skattelova § 6-13.

Sjølv om BFU 2004-5 gjeld sal av bustad, så gjaldt saka sal av ein pendlerbustad, og vurderinga av om dagpendling er særleg krevjande, vil vere lik. Sekretariatet er samd i at det i sak NS 101/2018 mangla oversikt over gjennomførte reiser. I gjeldande sak er det sendt inn oversikt over reiser, men dette er berre ein påstand. Det er ikkje vidare sannsynleggjort at desse reisene er gjennomført, og dokumentasjon er heller ikkje etterspurt.

Sekretariatet er vidare samd i at skattepliktige har sin heim der ektefellen er busett. I denne saka er det slik at også ektefellen pendlar til arbeid. I hans tilfelle pendlar han til [By 2] og etter påstand er han heime 17 gangar i året. Dersom vi legg til grunn at han ved sine heimreiser oppheld seg i [Vei 1] og at den skattepliktige er heime samstundes, vil dette vere hennar skattemessige bustad.

Sekretariatet kan samla sett ikkje sjå at skattepliktiges merknader etter innsynet gir grunnlag for å endre forslag til innstilling.

Sekretariatets forslag til vedtak

Klagen vert ikkje teken til følgje.

 

Til stades:

                        Skatteklagenemnda

                        Benn Folkvord, fungerande leiar

                        Kate Bjørnelykke, medlem

                        Frode Ludvigsen, medlem

                        Eli Krogstad, medlem

 

Nemnda legg til grunn skattepliktige si oversikt over gjennomførte reiser og opplysningar om bruken av leilegheit, men finn at dette ikkje har betyding for resultatet i saka.

Skatteklagenemnda si behandling av saka:

Nemnda slutta seg til sekretariatet si innstilling og trefte fylgjande einstemmige

                                                           v e d t a k:

Klaga vart ikkje teken til følgje.