Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Skatteklagenemnda

Snudd avrekning ved kjøp av porteføljeforvaltingssystem fra utanlandsk leverandør til bruk i finansiell verksemd

  • Publisert:
  • Avgitt: 27.05.2020
Saksnummer Stor avdeling 01 NS 79/2020

Saka gjeld klage over bindande førehandsuttale angåande spørsmål om A AS skal berekne meirverdiavgift ved kjøp av porteføljeforvaltingssystemet [...] frå B etter reglane om snudd avrekning i meirverdiavgiftslova § 11-3, jf. § 3-30. Avgjerande er om tenestene ville vore avgiftspliktig ved innanlands omsetjing, jf. meirverdiavgiftslova § 3-30 andre ledd.

Spørsmålet er om tenestene er omfatta av avgiftsunntaket for finansielle tenester i meirverdiavgiftslova § 3-6, bokstav f) om forvalting av verdipapirfond og bokstav g) om forvalting av investeringsselskap.  

Lovhenvisninger:. Merverdiavgiftsloven § 11-3. jf. § 3-30 (2). Merverdiavgiftsloven § 3-6 bokstav f) og g)

Saksforholdet

Innsendar si oppmodning om BFU

A AS ved advokatfullmektig C (D Advokatfirma AS) oppmoda om bindande førehandsuttale 4. november 2019.

Innsendar har i oppmodinga gitt følgjande framstilling av faktum i saka:

"Faktisk bakgrunn

Om A AS

A AS har konsesjon til forvalting av verdipapirfond, forvalting av alternative investeringsfond og aktiv forvalting. Selskapet har for tida [...] porteføljar under forvalting. Eitt [.. .], [...], [...] investeringsfond organisert som aksjeselskap og ein aktiv forvaltingskunde. A er ikkje registrert i meirverdiavgiftsregisteret, og legg til grunn at all verksemda til selskapet er unntatt meirverdiavgift etter mval. § 3-6 f) om «forvaltning av verdipapirfond» og/eller g) om «forvaltning av investeringselskap».

Om porteføljeforvaltingssystemet

A planlegger kjøpe inn eit nytt porteføljesystem, [...], frå det [utenlandske] selskapet B til bruk for alle dei forvalta porteføljene. Etter planen skal avtale om nytt system vere effektuert og testing ta til på nyåret 2020, med endeleg implementering etter dette. Ei nærare forklaring av systemet følger av vedlagte spesifikasjon.

Vedlegg 2: Spesifikasjon av [...] (Schedule 1, 2 og 3)

Oppsummert vil systemet vil ha følgande funksjonar:

  • Overvåking av enkeltverdipapir og verdipapirporteføljer, inkludert verdiutviklinga
  • Plassering og registrering av handelsordrar i forvalta porteføljer (inkludert pre- og post-trade compliance-kontroll)
  • Oppgjersinstruksjonar for handelsordrer (integrasjon til oppgjersbank DNB)
  • Alle øvrige transaksjonar i forvalta porteføljer
  • Utrekning av marknadsverdi på derivat
  • Utrekning av påløpte renter på rentepapir
  • Avstemming av bankkontoar og depot
  • Verdsetting av verdipapir
  • Oppfølging av limitar og mandatbegrensingar (compliance)
  • Risikostyring
  • Alle kundetransaksjonar (teikning og innløysing)
  • Andelseigarregister
  • Verdsetting av porteføljene (NAV-setting)
  • Eignaheitsvurdering, MiFID- og AML-kontrollar
  • Skatterapportering
  • Rapportering til Finanstilsynet og ESMA (AIFM)
  • Alf-rapportering til depotmottakar
  • Bokføring og rekneskapsavslutning
  • Månadsrapportering, rapportering til SSB, Verdipapirfondenes foreining, Oslo Børs, Morningstar mv.

For A er porteføljeforvaltingssystemet kritisk for drifta av forvaltingsselskapet og blir brukt i alle delar av forvaltingsverksemda. Alle tilsette vil vere daglege brukarar av systemet. Dei fleste vil bruke systemet heile arbeidsdagen. Det vil ikkje vere mogeleg å gjennomføre oppgåvene som forvaltar av verdipapirfond/investeringsselskap utan tenestene frå systemet.

Det er vidare av sentral betydning for verksemda at alle tenestene er samla i same system. Det er vanskeleg å oppfylle dei omfattande og aukande lovkrava til forvaltingsverksemda utan eit heilheitleg og integrert porteføljeforvaltingssystem. Dette inkluderer m.a. risikostyring, compliance, kundekontrallar (eignaheit, MiFID og AML) ved sida av rapportering til styresmaktene.

A har frå tidlegare ein avtale om kjøp av porteføljeforvaltingssystem med E (utland). I brev av 13. januar 2014 har skattekontoret lagt til grunn at dette tenestekjøpet var ei avgiftsunntatt finansiell teneste, jf. mval. § 3-6 bokstav f. Omfanget av tenester ved innkjøp av [...], vil likevel vere meir omfattande enn ved tidlegare system, og ytterlegare oppgåver blir no automatisert ved å legge desse inn i systemet. Dette gjeld m.a. kunderapportering, risikostyring, ytterlegare complianceoppgåver, rapportering til styresmakter, eignaheitsvurdering, MiFID og AML-oppgåver. Ein ønsker derfor ei særskilt vurdering av avgiftsbehandlinga ved ev. innkjøp av [...]."

Etter ein gjennomgang av relevante rettskjelder kom det fram av punkt 6 oppmodinga at innsendar ynskte BFU der følgjande blei stadfesta:

"Stadfesting:  

Innsendar ber om stadfesting frå avgiftsstyresmakta på at det ikkje skal bereknast meirverdiavgift ved snudd avrekning ved innkjøp av porteføljeforvaltingssystemet [...] frå B (utland)."

Skattekontoret sin BFU

Skattekontoret gav bindande førehandsuttale i saka den 4. desember 2019 der det blei konkludert:

"På bakgrunn av det skisserte faktum er det skattekontorets vurdering at A AS skal berekne meirverdiavgift ved kjøp av porteføljeforvaltingssystemet [...] frå B etter meirverdiavgiftslova § 3-30."

I førehandsuttala gjorde skattekontoret følgjande vurdering:

"Skattekontoret skal på grunnlag av innsendaren si skildring av faktum, og dei vilkåra som er sett, i det følgjande ta stilling til om A AS skal berekne meirverdiavgift ved kjøp av porteføljeforvaltingssystemet [...] frå ein utanlandsk leverandør, B, etter reglane om snudd avrekning i meirverdiavgiftslova (mval.) § 3-30. Plikta til å berekne meirverdiavgift oppstår ikkje dersom A kjøper ei unntatt finansiell teneste, jf. mval. § 3-6.  

Ein gjer for ordens skuld merksam på at ein ikkje tek stilling til eventuelle andre skattespørsmål eller problemstillingar som måtte oppstå ved den (dei) skisserte transaksjonen (transaksjonane) ut over dei spørsmåla som er drøfta i det følgjande. Skattekontoret føreset at premissane og faktum som er skildra ovanfor, er fullstendige for dei spørsmåla som blir drøfta.

Hovudregelen er at det skal bereknast meirverdiavgift ved omsetning, uttak og innførsel av alle typer varer og tenester, sjå mval. § 3-1 første ledd, jf. § 1-1.

Ifølgje mval. § 3-30 første ledd skal det bereknast meirverdiavgift av fjernleverbare tenester som er kjøpt utanfor meirverdiavgiftsområdet. Med meirverdiavgiftsområdet meinast det norske fastlandet og alt område innanfor territorialgrensa, men ikkje Svalbard, Jan Mayen eller dei norske bilanda, jf. mval. § 1-2 andre ledd. Avgiftsplikta gjeld berre for fjernleverbare tenester. Meirverdiavgiftsplikta etter første ledd oppstår dersom mottakaren er næringsdrivande eller offentleg verksemd som høyrer heime i meirverdiavgiftsområdet og tenesta er meirverdiavgiftspliktig ved omsetning i meirverdiavgiftsområdet, jf. mval. § 3-30 andre ledd.

Omsetning og formidling av finansielle tenester er unntatt frå loven, jf. mval. § 3-6. Unntaket er begrensa til å gjelde ein kvalifisert art av tenester. Unntaket omfattar til dømes inn- og utlånstenester, omsetning av selskapsandelar, valutatransaksjonar, betalingsformidling og forsikringstenester. Vidare omfattast omsetning av finansielle instrument (verdipapir) og tilsvarande verksemd, samt forvalting av verdipapirfond og investeringsselskap.

Den avgiftsmessige status for tenester som ytast, må vurderast isolert for kvar verksemd. Ein underleverandør som leverer ei avgiftspliktig teneste, vil derfor måtte avgiftsbelegge denne, sjølv om tenesta i eit seinare omsetningsledd vil vere ein del av ei unntatt teneste. På den andre sida kan tenester levert av underleverandørar i seg sjølv vere finansielle tenester og unntatt frå avgiftsplikt.

Eit selskap er for eksempel ansvarleg for drift og utvikling av eit datasystem for betalingsformidling og clearing for ein bank. Går ytinga ut på å omsette teknisk eller elektronisk bistand til den som utfører ei finansiell teneste, vil den ikkje vere omfatta av unntaket. For eksempel inneber det at ei selvstendig teneste i forbindelse med oppkobling, drift og teknisk service av betalingsterminalen ikkje vil vere omfatta av unntaket. Det same gjeld for sjølve telekommunikasjonstenesta frå ein teleoperatør. At ein underleverandørs yting er nødvendig for å utføre betalingsoppdraget, er ikkje tilstrekkeleg til at ytinga omfattast av unntaket. Utføringa av eit betalingsoppdrag kan likevel delast opp i ei rekke ulike transaksjonar som utførast av forskjellige verksemder, men der den enkelte teneste er av ein slik karakter at den i seg sjølv kan reknast som ei finansiell teneste. Sentralt i denne samanheng står EF-domstolens dom i sak C-2/95 (SDC).

I Ot.prp. nr. 2 (2000–2001) er det vist til at unntaket for finansielle tenester er i samsvar med eit lignande unntak i dei fleste andre land det er naturleg for Noreg å samanlikne seg med. Finansdepartementet anser på denne bakgrunn at det ved tolkinga av unntaket skal ses hen til EUs sjette meirverdiavgiftsdirektiv artikkel 13 (B) (a) og (d) (1)–(6) (nå Rådsdirektiv 2006/112/EF av 28. november 2006 om det felles meirverdiavgiftssystem artikkel 135 nr. 1 (a)–(g)) og praktiseringa av dette innan EU, se Finansdepartementets tolkingsuttalelse av 15. juni 2001 om meirverdiavgiftsunntaket for omsetning av finansielle tenester, punkt 1. I Rt. 2009 s. 1632 (Sundal Collier) uttalte Høgsterett «Det er praksis ved EU-domstolen som vil få størst betydning for forståelsen av de tilsvarende avgiftsunntak i Norge. Dette må særlig være tilfellet når det på dette området har vist seg vanskelig å etablere en ensartet praksis i EU-landene. Det som da særlig vil ha interesse er de mer overordnede tolkningsprinsipper som EU-domstolen har etablert.»

EF-domstolens avgjerd av 4. mai 2006 i sak C-169/04 (Abbey National) gjaldt spørsmålet om unntaket for fondsforvalting berre omfatta ytingar frå forvaltingsselskapet, eller om det også omfatta tenester som er satt ut, utkontraktert, til oppdragstakarar. Retten kom til at administrative tenesteytingar i forbindelse med forvalting av investeringsforeiningar (verdipapirfond) kan omfattast av unntaket også når tenestene utførast av ein underleverandør til eit forvaltingsselskap. Vilkåret er at dei tenestene som utførast utgjer ein særskilt eining og at dei er vesentlege og spesifikke for forvalting av investeringsforeiningar (verdipapirfond) og investeringsselskap. Retten bygger her på dei hovedprinsipp som er lagt til grunn i sak C-2/95 (SDC-saka) om at unntaka for finansielle tenester er artsbestemt og at det avgjerande er om dei tenestene som leverast i seg sjølv framstår som ei unntatt finansiell teneste.

Skattedirektoratet har i eit fellesskriv 16. mai 2013 uttalt seg om enkelte tenester som eit forvaltingsselskap typisk kjøper frå andre. Når det gjeld forvaltingsaktivitetar vil det «typisk være overvåking av selskapets verdipapirportefølje og aktiviteter knyttet til kjøp og salg av verdipapirer mv. De mer underliggende enkeltaktiviteter vil f.eks. være utarbeidelse av strategier og markedsanalyser, utredning av mulige målselskapet, innhenting av rapporter fra porteføljeselskapene, samt rapporteringer, møter og annen korrespondanse med investorene. Også administrative oppgaver knyttet til selve investeringsselskapet, f.eks. regnskapsføring, vil kunne inngå […] Hvor et investeringsselskap kjøper inn slike funksjoner vil dette som utgangspunkt være ytelser som faller inn under unntaket i mval § 3-6 bokstav g. Forutsetningen må imidlertid være at ytelsene har det som kjennetegner forvaltning av et investeringsselskap, herunder at arbeidet har en løpende tilknytning til investeringsselskapet og/eller porteføljen. Enkeltytelser, som f.eks. ett råd til én mulig investering, vil ikke i seg selv kvalifisere.»

Skattedirektoratet har i eit fellesskriv 14. november 2017 uttalt seg nærare om forståinga av unntaka i § 3-6 bokstav f) og g) for forvalting av verdipapirfond og forvalting av investeringsselskap.

Meirverdiavgiftsunntaket for finansielle tenester er eit unntak frå det alminnelege prinsipp om generell avgiftsplikt ved omsetning av tenester som utførast av ein avgiftspliktig næringsdrivande. Begrepa som brukast til å beskrive dei enkelte tenestene, må derfor tolkast strengt etter sin ordlyd. Dette prinsippet har også blitt lagt til grunn i rettspraksis innan EU.

Unntaket for finansielle tenester må avgrensast mot tenester av administrativ, økonomisk og juridisk art. Omsetning av slike tenester vil vere avgiftspliktig. Det framgår av Ot.prp. nr. 2 (2000–2001) kap. 7.2.5.5 at sjølv om dette medfører at ein del verksemder innan denne sektoren vil få omsetning som både er avgiftspliktig og unntatt frå avgiftsplikt, må hensynet til konkurransenøytralitet vege tyngre. Ei slik avgrensing vil også i stor grad vere samanfallande med avgrensinga av EUs rådsdirektiv 2006/112/EF om meirverdiavgift (tidlegare sjette meirverdiavgiftsdirektiv).

I det følgjande legg vi til grunn at A's verksemd er unntatt meirverdiavgift etter mval. § 3-6 bokstav f og g. Vidare legg vi til grunn at A er næringsdrivande og kjøper fjernleverbare tenester utanfor meirverdiavgiftsområdet. Spørsmålet er om dei fjernleverbare tenestene, dvs. porteføljeforvaltingssystemet, er avgiftspliktig ved omsetning i meirverdiavgiftsområdet, eller om tenestene etter si art er finansielle tenester.

Innsendars vurdering er at porteføljeforvaltingssystemet [...] er å rekne som ei unntatt finansiell teneste etter mval. § 3-6 då tenesta har ein spesifikk og vesentleg funksjon for forvalting av fond og investeringsselskap. Det er opplyst at systemet utgjer ei særskilt integrert finansiell teneste, med klare grensesnitt til A sine eigne tenesteleveranser.

Innsendar viser i brevet pkt. 2.2. til ei oppsummering av systemets funksjonar, og skriv at systemet er kritisk for drifta av forvaltingsselskapet og blir brukt i alle delar av forvaltingsverksemda. Alle tilsette vil vere daglege brukarar av systemet, og det vil ikkje vere mogeleg å gjennomføre oppgåvene som forvaltar av verdipapirfond/investeringsselskap utan tenestene frå systemet. Det nye systemet vil vere meir omfattande enn tidlegare system, og ytterlegare oppgåver blir no automatisert ved å legge desse inn i systemet.

Etter skattekontorets vurdering er dette ikkje tilstrekkeleg for at tenesta frå B omfattast av unntaket. Skattekontoret viser i denne samanheng til følgjande omtale i Merverdiavgiftshåndboken 2019 side 254-255:

  "I EU-retten er kriteriene for at underleverandør-tjenester kan anses som omfattet av unntaket omtalt i blant annet sak C-2/95 (SDC). SDC var en datasentral som utførte tjenester for banker i form av bl.a. betalingstransaksjoner og handel med verdipapirer. Domstolen uttalte at en finansiell tjeneste som har karakter av en «transaksjon» kan bli utført av ulike aktører hvis tjenester til sammen utgjør den «unntatte finansielle transaksjonen». Unntaket skal tolkes strengt etter sin ordlyd, og det forhold at en komponent er nødvendig for å gjennomføre en unntatt transaksjon er ikke tilstrekkelig for å omfattes av unntaket. For at det i denne sammenheng skal kunne anses som en transaksjon skal ytelsen medføre at det overføres beløp, og at det inntrer rettslige og økonomiske endringer.
   Forutsetningen for at en tjeneste fra en underleverandør kan anses som omfattet av unntaket er at ytelsene sett under ett utgjør en særskilt helhet som oppfyller de spesifikke og vesentlige funksjoner for en unntatt transaksjon: «Der må sondres mellem den fritagne tjenesteydelse i direktivets forstand og den blotte levering af en faktisk eller teknisk tjenesteydelse, som for eksempel at et databehandlingssystem stilles til pengeinstituttets rådighed. I denne forbindelse må den nationale ret navnlig undersøge omfanget af datacentralens ansvar over for pengeinstitutterne, herunder spørgsmålet om, hvorvidt dette ansvar kun omfatter tekniske aspekter, eller om det også omfatter transaktionernes specifikke og væsentlige elementer.»
   Finansdepartementet antar i sin tolkningsuttalelse av 15. juni 2001 at C-2/95 (SDC) bør legges til grunn ved avgrensningen av det norske unntaket for finansielle tjenester.
I Skattedirektoratets uttalelse til fylkesskattekontorene av 21. november 2001 gis en presisering av unntaket mht. tjenester levert av underleverandører. Det vises til at prinsippet angitt i SDC-dommen bare kan komme til anvendelse ved transaksjoner som kan bidra til å endre en juridisk posisjon i form av å gi, endre eller slette rettigheter eller forpliktelser mellom de impliserte parter. Dersom den enkelte aktør skal kunne anses for å yte en unntatt finansiell tjeneste legges det til grunn at tjenesten som ytes isolert sett må ha karakter av å være finansiell, og samtidig utgjøre et særskilt, spesifikt og vesentlig element av den unntatte finansielle transaksjonen."

For at B skal kunne reknast å yte ei finansiell teneste til A, må det leggast til grunn at tenesta som ytast, isolert sett må ha karakter av å vere finansiell, og samtidig utgjere eit særskilt, spesifikt og vesentleg element av den unntatte finansielle transaksjonen. Skattekontoret meiner ein då må sjå på avtalen mellom A og B, jf. vedlagd spesifikasjon av [...] Schedule 1, 2 og 3.

Skattekontoret har vurdert innhaldet i dei tre vedlegga nærare;

- SCHEDULE 1: [...] SOFTWARE SERVICE, GENERAL TERMS AND CONDITIONS (“TERMS”),
- SCHEDULE 2: PRICES
- SCHEDULE 3: SERVICE LEVEL AGREEMENT

Skattekontoret forstår det slik at B har utvikla og leverer eit system med tilhøyrande tekniske tenester knytta til installasjon, vedlikehald, brukarstøtte og feilretting. Avtalen gjeld levering av "[...] software services". Tenestene er definert i Schedule 1 pkt. 2: "[…]” means software as a service delivered via data networks enabling the Customer to use the designed end user functionalities of the System".

A betalar for å kunne bruke plattforma og for support/hjelp iht. avtalen, jf. Schedule 1 pkt. 4 og 7. Vi gjev att første setning i Schedule 1 pkt. 4.1: "Subject to the Customer’s payment of the prices payable for the right to use the [...](“SaaS Fee”), the Customer is granted a non-exclusive, non-transferable and non-sublicensable right to use the [...] during the term of the Agreement in the Customer’s internal use in accordance with the Documentation".

Det står ikkje noko i avtalen om at B leverer finansielle tenester eller utfører funksjonar knytta til forvaltingsaktivitetar for A. Skattekontoret forstår det snarare slik at B ikkje utfører tenester knytta til forvalting av verdipapirfond eller investeringsselskap, men at det er A som gjer dette ved å leggje inn data/opplysningar og ved hjelp av automatiserte funksjonar i systemet. Ut frå avtalen synast ikkje tenestene frå B å ha karakter av å vere finansielle. Vi forstår det slik at B ikkje har noko ansvar for transaksjonar. Vi viser i denne samanheng til Schedule 1, pkt. 3.7: "The Supplier shall not have any liability (i) for any kind of trading, payments or settlements managed or handled through the [...], (ii) if the said trading, payments or settlements cannot be managed or handled through the [...] for any reason or (iii) for the results of the trading, payments or settlements."

Skattekontorets vurdering av avtalen er at B ikkje er underleverandør av finansielle tenester, men leverandør av ei teknisk løysing, og at desse tenestene er avgiftspliktige ved omsetning i meirverdiavgiftsområdet. Til støtte for vårt syn viser vi til følgjande omtale i Merverdiavgiftshåndboken 2019 side 256:

   "EU-domstolens uttalelse i sak C-350/10 (Nordea/ SWIFT) gjelder tjenester til bruk for finansinstitusjoner og verdipapirforetak mv. ved betalinger og kjøp og salg av verdipapirer, spesielt over landegrensene. Dette ble av domstolen ansett som tekniske tjenester som ikke er omfattet av unntaket for betalingsformidling eller formidling av finansielle instrumenter. SWIFT-systemet gjør det mulig for finansinstitusjoner mv. å utveksle data om betalinger mellom banker og transaksjoner med finansielle instrumenter. Basert på de kriteriene som ble trukket opp i SDC-saken (C-2/95), kom domstolen til at det for SWIFT-systemets vedkommende var tale om rent tekniske tjenester som ikke var omfattet av unntaket. Det var ikke tilstrekkelig at systemet er absolutt nødvendig for en sikker gjennomføring av transaksjonene, og at SWIFT har et omfattende økonomisk ansvar for at opplysningene som blir utvekslet i systemet er korrekte. Det kunne heller ikke legges vekt på at SWIFT hadde en rolle som garantist for at de økonomiske overføringene var forskriftsmessig. Det avgjørende var at SWIFT ikke ble ansett å utføre tjenester som medfører at det oppstår rettslige og økonomiske endringer mellom parter i likhet med det som skjer ved betaling mellom banker eller ved omsetning av finansielle instrumenter. Selv om kjøps- og salgsordrer må overføres gjennom systemet for at sikkerheten er garantert, gjennomføres overdragelsen av eiendomsretten til beløpene eller de finansielle instrumentene av finansinstitusjonene selv basert på deres avtaler med egne kunder. Underleverandørtjenestene fra SWIFT-systemet fremstår dermed ikke som finansielle tjenester i seg selv og omfattes således ikke av unntaket for finansielle tjenester.
   Skattedirektoratet legger til grunn at tilsvarende vil gjelde etter norsk merverdiavgiftsrett. Norske finansinstitusjoner og verdipapirforetak mv. som benytter seg av SWIFT-systemet plikter således å beregne avgift etter bestemmelsene om omvendt avgiftsplikt, jf. merverdiavgiftsloven § 3-30 første til tredje ledd og § 11-3 første ledd."

Konklusjon

På bakgrunn av det skisserte faktum er det skattekontorets vurdering at A AS skal berekne meirverdiavgift ved kjøp av porteføljeforvaltingssystemet […] frå B etter meirverdiavgiftslova § 3-30."

Behandling av saka hos sekretariatet for Skatteklagenemnda

Skattekontoret si bindande førehandsuttale blei påklaga i klageskriv av 14. januar 2020 frå advokatfullmektig C ved D Advokatfirma AS på vegne av innsendar.

Sekretariatet for Skatteklagenemnda fekk skattekontoret si utgreiing, saman med dokumentar i saka den 17. januar 2020.

Utkast til innstilling blei sendt på innsyn til innsendars fullmektig den 6. mars 2020.

Advokatfullmektig C ved D Advokatfirma AS gav merknader til innstillinga i brev av 17. april 2020. Til merknadsbrevet blei det lagt ved kopi av kontrakt mellom innsendar og B, signert 11. november 2019.

Innsendars merknader

Innsendar har i klage av 14. januar 2020 anført følgjande:

"Rettsleg bakgrunn

Reglane om snudd avrekning ved kjøp av fjernleverbare tenester

Ved kjøp av fjernleverbare tjenester utanfor mva-området skal det bereknast meirverdiavgift av mottakar. Føresetnaden er at mottakaren næringsdrivande mv. heimehøyrande i mva-området og at tenesta er avgiftspliktig i Norge, jf. mval. § 3-30 (1) og (2).

Det avgjerande for om ei teneste er «fjernleverbar», er om den etter sin art kan fjernleverast, ikkje om den faktisk er knytt til ein stad. Skattedirektoratet har i denne samanheng lagt til grunn at digitale produkt levert over internett er å rekne som tenester, ikkje varer, og at «alle tjenester som leveres over Internett [vil] være tjenester som kan fjernleveres», jf. MVA-handboka 2019 s. 417.

Det er samtidig eit vilkår for plikta til snudd avrekning at tenesta er avgiftspliktig i meirverdiavgiftsområdet i Norge, jf. mval. § 3-30 (1). I denne samanheng er unntaket for finansielle tenester i mval. § 3-6 aktuelt.

Avgiftsunntaket for forvalting av verdipapirfond og investeringsselskap

Forvalting av verdipapirfond og investeringsselskap

Etter mval. § 3-6 bokstav f og g er det gjort unntak frå meirverdiavgift ved omsetning og formidling av finansielle tenester, under dette «forvaltning av verdipapirfond» og «forvaltning av investeringsselskap».

Med «forvaltning av verdipapirfond» i mval. § 3-6 bokstav f) er forstått forvalting av verdipapirfond etter verdipapirfondlova§ 1-2 tredje ledd. Dette inkluderer m.a. sal og innløysing av delar i fondet og kjøp og sal av verdipapir for fondet. Finansdepartementet viser i tolkingsuttale av 15. juni 2001 pkt. 2.6 til at forvalting skil seg frå formidling i finanssektoren, ved at fondsforvaltar har ei generell fullmakt til å avgjere, og ikkje berre gjennomføre, plassering av fondets kapital.

Unntaket for «forvaltning av investeringsselskaper» i mval. § 3-6 g) bygger på at slike selskap har fellestrekk med verdipapirfond. Departementet trekk i tidlegar enemnte uttaling fram såkornfond, venturefond, investeringsfond og private equity fond som døme på slike.

Rettskilder ved tolking av unntaket i mval. § 3-6 bokstav f og g

Tolkinga av unntaket for finansielle tenester skal i følge Finansdepartementet gjerast i lys av EUs sjette mva-direktiv artikkel 13 (B) (a) og (d) (1)-(6) og praktiseringa av dette innan EU.

Forståinga av unntaket må vidare særleg gjerast i lys av praksis frå EU-domstolen, jf. Rt. 2009 s. 1632 «ABG Sundal Collier» avsnitt 34:

«praksis ved EU-domstolen ... vil få størst betydning for forståelsen av [avgiftsunntaket for finansielle tenester] i Norge. Dette må særlig være tilfellet når det på dette området har vist seg vanskelig å etablere en ensartet praksis i EU-landene. Det som da særlig vil ha interesse er de mer overordnede tolkningsprinsipper som EU-domstolen har etablert»

Departementet har også uttala at det norske unntaket for finansielle tenester «skal avgrenses i lys av gjeldende rett i Danmark og Sverige», jf. tolkingsuttaling av 15. juni 2001 pkt 4 avsnitt 8. Det er i samanheng med underleverandørar særleg uttala i pkt 4 siste avsnitt:

«Rekkevidden av avgrensningen må etter departementets mening vurderes konkret for den enkelte tjeneste og den nærmere grensedragningen vil derfor måtte skje i praksis.

Departementet anser at man i denne forbindelse må legge stor vekt på praktiseringen og utviklingen av tilsvarende fritak i Sverige og Danmark. Departementet understreker at også avgrensningen i vår naboland baserer seg på konkrete vurderinger av de enkelte tjenesteleveranser» lagt særleg vekt på praktiseringa av avgrensingane av finansielle tenester i Sverige og Danmark.» (vår utheving)

Skattedirektoratet har på andre sida i prinsipputtaling av 14. november 2017 vist til at:

«Finansdepartementet uttaler spesifikt at det skal "sees hen til hvordan unntaket avgrenses i Sverige og Danmark". Skattedirektoratet antar på denne bakgrunn at enkeltavgjørelser og fortolkningsuttalelser fra Sverige og Danmark har begrenset vekt, og at konklusjoner i slike saker ikke uten videre kan overføres til norsk rett.» (vår utheving)

Når det gjeld direktoratets uttaling, er denne etter vårt syn ikkje i samsvar med departementets uttaling om å legge «stor vekt» på utanlandsk utvikling og praktisering. Departementets synspunkt må her leggast til grunn, som overordna instans. Det er vanskeleg å sjå grunnlaget for direktoratets utsegn om at praksis frå andre skandinaviske land skal ha «begrenset vekt» med tilvising til departementets uttaling.

På denne bakgrunn vil vi i det følgande særleg behandle rettspraksis frå EU-domstolen, med ei viss tilvising til forvaltingspraksis og nasjonale domstolar. Vi understreker samtidig at forvaltingspraksis frå før EU-domstolens prinsipielle avgjerder i Abbey National (2006) og GfBk-sakene (2013), som innebar ei viss oppmjuking av vilkåra for avgiftsunntaket, etter vårt syn vil ha meir avgrensa vekt, då dei nemnte dommane innebar ei oppmjuking av vilkåra for avgiftsunntaket for fondsforvaltningsverksemd.

Underleveransar til forvaltarar av verdipapirfond og investeringsselskap

Om ei teneste er avgiftspliktig skal som hovudregel vurderast isolert for kvar verksemd. Det er derfor ikkje avgjerande for avgiftsbehandling av t.d. datatenester frå ein underleverandør at desse i neste ledd utgjer ein innsatsfaktor i produksjonen av ei unntatt finansiell teneste, jf. Ot.prp. nr. 2 (2000-2001) s. 169.

Dette utgangspunktet nyanserast likevel av praksis frå EU-domstolen knytt til sjette mva-direktiv, og denne praksisen har og er tillagt vesentleg vekt for forståing av det norske unntaket i mval. § 3-6, jf. den tidlegare nemnte ABG Sundal Collier-dommen i Rt. 2009 s. 1632.

SDC (C-2/95), 5. juni 1997

Spørsmål om underleveransar til leverandører av finansielle tenester blei vurdert i SDC-saka (C-2/95). SDC var ein underleverandør til danske sparebankar av dels elektroniske tenester for gjennomføring av overføringar, rådgjeving om og handel i verdipapir og styring av innskot mv., og ein tenesteleveranse var sett saman av fleire av desse tenestene. Spørsmålet i saka var om tenestene falt under avgiftsunntak for utføring av betalingsoppdrag, omsetning av gyldige betalingsmiddel og omsetning av finansielle instrument og liknande, jf. for norsk rett tilsvarande mval. § 3-6 bokstav c, d og e.

EU-domstolen kom til at unntaket for finansielle tenester var definert av arten av teneste, og ikkje av kven som var kjøper eller selgar. Vidare var gjennomføringa av tenesta utan betydning, t.d. elektronisk, automatisk eller manuell (avsnitt 37). Det er heller ikkje avgjerande om underleverandøren har eit direkte rettsforhold til den endelege sluttkunden (avsnitt 59). Det avgjerande var om underleveransen, frå ein vid synsvinkel («set under et»/«viewed broadly»), utgjer ei særskilt eining som faktisk oppfyller spesifikke og vesentlege funksjonar ved den unntatte finansielle tenesta (avsnitt 66).

Domstolen la til grunn at rein teknisk eller elektroniske støttenester til personar som gjennomfører dei spesifikke og vesentlege funksjonane ved ei finansiell teneste, ikkje generelt er unntatt, t.d. eit datahandteringssystem for ein bank (avsnitt 37). Det måtte likevel vurderast konkret om
underleveranse av elektroniske tenester mv. oppfylte spesifikke og vesentlege funksjonar (avsnitt 67).

Finansdepartementet har i uttaling av 15. juni 2001 slutta seg til EU-domstolens vurderingar i SDC-saka, jf. uttalinga pkt. 4 avsnitt 9, og lagt til grunn at underleveransar som er «særskilte, spesifikke og vesentlige» for ei avgiftsunntatt finansiell teneste sjølv kan reknast som ei slik finansiell teneste.

Abbey National (C-169/04), 4. mai 2006

Underleveranse av administrative tenester for forvalting av «special investment funds», tilsvarande tenester unntatt i mval. § 3-6 bokstav f og g, blei nærare vurdert av EU-domstolen i Abbey National saka (C-169/04). Abbey National forvalta ei rekke investeringsselskap mv. Selskapet brukte ein underleverandør for depot-tenester, og ein annan underleverandør, Bank of New York, for ei rekke administrative tenester delegert frå forvaltarane. Dette inkluderte (avsnitt 26-27):

  • Berekning av overskot og prisen for delar eller aksjar
  • Vurdering av aktiva
  • Rekneskap
  • Utarbeiding av deklarasjonar med tanke på utlodning av overskot
  • Levering av opplysingar og dokumentasjon til bruk for dei periodiske rekneskap og sjølvmeldingar
  • Statistiske rapporteringar og spesifisering av meirverdiavgift
  • Førebuing av overskotsprognosar
  • Databehandling
  • Fondsavstemming
  • Berekning og bokføring av fondsavgifter og utgifter
  • Registrering av verksemdshendingar
  • Distribuering av dagsprisar til delar av pressa
  • Utarbeiding av skatte- og mva-meldingar og melding til sentralbanken
  • Berekning av utbyttesatsen og anslag på avkastning
  • Svar på spørsmål frå forvaltar eller depothaldar

EU-domstolen la i saka til grunn at omgrepet «forvaltning» har eit sjølvstendig innhald i EU-retten, som medlemsstatane ikkje kan endre. Tolkinga av omgrepet må vidare skje i lys av samanhengen der det er brukt og direktivets oppbygging og formål, med særleg omsyn til formålet med unntaket, her for finansielle tenester. Generelt skal unntak frå mva. tolkast strengt (avsnitt 59-60).

Formålet med unntaket for særskilte investeringsfond er å gjere det enklare for småinvestorer å investere gjennom investeringsfond. Avgiftsunntaket skal sikre at nøytral meirverdiavgift ved valet mellom direkte investering og investering gjennom fond (avsnitt 62). Unntaket omfattar både porteføljeforvaltingsfunksjonen og funksjonar for administrering av føretak for kollektive plasseringar, som oppgitt i vedlegg II til UCITS-direktivet (avsnitt 64).

Når det særleg gjaldt underleverandørar av forvaltingstenester til fonda, la EU-domstolen med tilvising til SOC-saka til grunn at unntaket bygger på arten av tenesta, ikkje kven som leverer eller mottek denne (avsnitt 66). Vidare kan ein bryte ned forvalting i separate tenester, som kan vere unntatt sjølv om dei blir leverte av ein undereleverandør (avsnitt 67). Næringsdrivande må etter prinsippet om avgiftsmessig nøytralitet kunne velje den organisasjonsforma som etter ein økonomisk synsvikel passar best, utan å risikere å falle utanfor avgiftsunntaket for finansielle tenester (avsnitt 68).

Forvaltingstenester frå ein underleverandør til forvaltingsselskap er etter EU-domstolen i prinsippet omfatta av unntaket for finansielle tenester (avsnitt 69). For å reknast som unntatt forvaltingsteneste kom domstolen til tenestene frå ein underleverandør frå ein vid synsvinkel må utgjere:

«en særskilt helhed, der opfylder de specifikke og væsentlige funktioner for en ydelse som beskrevet i nævnte nr. 6 [forvalting av særskilte investeringsfond]» (avsnitt 70).

Reine materielle materielle eller tekniske leveransar, som til dømes at «et databehandlingssystem stilles til rådighed» vil falle utanfor avgiftsunntaket (avsnitt 71). Retten viser samtidig til SDC-sakaavsnitt 66 om at ein likevel må konkret vurdere om eit datasystem kan falle under avgiftsunntaket.

Skattedirektoratets praksis i lys av Abbey National

Skattedirektoratet har i lys av Abbey National-saka i upublisert BFU 31. januar 2007 vurdert omsetning av to tenestepakkar for verdipapiradministrasjon til forvaltingsselskap. Direktoratet konkluderte etter ei konkret vurdering med at dei to pakkane samla var spesifikke og vesentlege for forvalting av verdipapirfond og slik unntatte finansielle tenester.

Den første pakken omfatta i følge MVA-handboka 2019 s. 273 følgande tenester:

Oppgjer av verdipapirtransaksjonar

  • Avstemming av kasse og depot
  • Daglig registrering av markedsverdi og kasse
  • Analyse av indeks
  • Handtering av porteføljer med registrering av stamdata og corporate actions
  • Daglig prissetting og systemforvaltning i form av vedlikehald av øvrig referansedata
  • Anna systemforvaltning med feilhandtering og oppgradering av system

Den andre pakken gjaldt tenester tilknytta andelseigarar/andelseigarregister og inkluderte

  •  Tenester med verifisering og gjennomføring av betaling
  • Handtering av utbytte, under dette instruering av utbetaling, standardrapportering og systemforvalting.

GfBk (C-275/11), 7. mars 2013

Den siste saka for EU-domstolen om underleveransar til forvaltingsselskap, er det såkalla GfBk-saka frå 2013.

GfBk leverte børsinformasjon og -tilrådingar, rådgjeving ved investering av finansielle instrument og marknadsføring av kapitalinvesteringar. Etter avtale rådgav GfBk «om forvaltningen af fondens aktiver» og skulle «anbefale [kapitalinvesteringsselskabet] køb eller sal af formueaktiver under stadig iagttagelse af fondsaktiverne». GfBk forplikta seg også til å «iagttage princippet om risikofordeing, lovbestemte begrænsninger for investeringer [...] og [...] betingelser for investeringer», jf. C-275/11 avsnitt 14.

Spørsmålet i saka var særleg om slike rådgivingstenester var «forvaltning» etter avgiftsunntaket for forvalting av verdipapirfond.

EU-domstolen la til grunn (avsnitt 23) at ved vurderinga av om ein underleveranse av ei rådgjevingsteneste utgjorde forvalting av eit investeringsfond, måtte ein vurdere om denne tenesta har ein «tæt sammenhæng» med verksemda som kjenneteiknar eit kapitalinvesteringsselskap, slik at tenesta oppfyler dei spesifikke og vesentlege funksjonane for forvaltinga av ei investeringsfond.

Retten understreka særleg at manglande opplisiting under administrasjonstenester i Vedlegg II til UCITS-direktivet (Direktiv 85/611), ikkje var til hinder for at tenestane innebar «forvaltning». Lista i vedlegget var uttrykkeleg ikkje meint å vere uttømmande (avsnitt 25).

At underleveransen av rådgivning- og informasjonstenester ikkje førte til endring av fondets juridiske og finansielle posisjon, var heller ikkje til hinder for at det var tale om «forvaltning» av eit investeringsfond (avsnitt 26). Retten viser vidare til at det heller ikkje i Abbey National-saka var tale om tenester knytt til val og avsetting av den forvalta formuen, men administrative og rekneskapsmessige ytingar. Det var etter domstolens syn utan betydning at det var kapitalinvesteringsselskapet som ev. gjennomførte tilrådingar om kjøp og sal, som blei levert av GfBk, etter å ha kontrollert at dei var i samsvar med investeringsgrenser (avsnitt 27).

Retten legg vidare til grunn at omgrepet forvalting av investeringsfond kan bli brutt ned i fleire særskilte underleveransar, der kvar kan vere unntatt avgift. Føresetnaden er at kvar av tenestene oppfyller dei spesifikke og vesentlege funksjonane for forvaltinga av eit investeringsfond (avsnitt 28).

I tolkinga av direktivet framheva domstolen omsynet til avgiftsmessig nøytralitet mellom verdipapirfond med hv. interne og eksterne investeringsrådgjevarar. Prinsippet om avgiftsnøytralitet innebar at dei næringsdrivande skal kunne velje den organisasjonsform som frå ein strengt økonomisk synsvinkel passar dei best, utan å løpe ein risiko for at deira transaksjonar blir utelukka frå finansunntaket, som også blei framheva i Abbey National.

Konklusjonen til EU-domstolen var etter dette at avgiftsunntaket for fondsforvalting omfatta underleveransar av rådgivning om investering i verdipapir (avsnitt 33).

I lys av EU-domstolens avgjerd GfBk-saka har Skattedirektoratet i fellesskriv av 14. november 2017 presisert at også enkeltståande tenestetypar frå underleverandørar kan vere omfatta av unntaket, noko som inneber ei viss oppmjuking av merknadane i BFU 31. januar 2007. Føresetnaden er at einer innanfor rammane som C-169/04 «Abbey National» stiller opp, dvs. at tenesta må oppfylle ein særskilt og vesentleg funksjon ved ei unntatt finansiell teneste.

BlackRock Investement Management (UK) Ltd v HMRC [2018] UKUT 415

Det er særleg EU-domstolens avgjerder og prinsipielle føringar som er tillagt vekt ved forståinga av det norske unntaket for finansielle tenester i mval. § 3-6. Som nemnt tidlegare, har Finansdepartementet likevel ikkje utelukka å sjå på praksis i andre EØS-land. Etter vårt syn kan også praksis frå andre EØS-land enn Sverige og Danmark også vere relevant å sjå til i denne samanheng.

Vi vil her framheve saka BlackRock Investment Management (UK) Ltd v HMRC [2018] UKUT 415, avgjort av Upper Tribunal (Tax and Chancery Chamber) etter anke frå First-tier Tribunal. Saka gjaldt avgiftsbehandling av eit porteføljeforvaltingssystem «Aladdin», som var omtala som:

"an integrated trading, portfolio management, and risk reporting software application, including improvements and new systems that may be developed from time to time, [ ... ] to capture, execute, process and settle securities transactions and facilitate securities trading, and to assist in portfolio management and construction, investment analysis, securities lending and other aspects of [BlackRock]'s business" (avsnitt 13)

Tenestene var oppsummert forklart som å omfatte heile investeringssyklusen, og:

«provides the portfolio managers with performance and risk analysis and monitoring to assist in the making of investment decisions, monitors regulatory compliance and enables the portfolio managers to implement trading decisions.» (avsnitt 12)

Det var to hovudspørsmål i saka: 1) om systemet var unntatt VAT etter unntaket for forvalting av fond 2) om ein kunne gjere eit forholdsmessig unntak då systemet delvis var til bruk i ikkje-unntatte formål. Det var etter rettens syn nødvendig å referere det sistnemnte spørsmålet til EU-domstolen.

Når det gjald vurderinga av unntaket, var rettleiinga frå EU-domstolen i lys av Abbey National og GfBk «clear, comprehensible and comprehensive», og gav grunnlag for nasjonale domstolar til åta stilling til enkeltsaker som den foreliggande. Det var derfor ikkje nødvendig å referere spørsmål om behandling av porteføljesystemet til EU-domstolen (avsnitt 66).

Etter ei grundig vurdering av SDC-saka (avsnitt 36-41), Abbey National (avsnitt 42-46) og GfBk (avsnitt 47-51), vurderte retten prinsippa oppstilt i nemnte avgjerder om spesifikke og særskilte tenester (avsnitt 52 flg), og konkluderte med at eit porteføljeforvaltingssystem var spesifikt og særskilt for fondsforvalting, og omfatta av avgiftsunntaket.

Skatteklagenemnda vedtak Stor avdeling 01 NS 55/2019, 12. juni 2019

Skatteklagenemnda har i vedtak av 12. juni 2019 vurdert innkjøp av ei rekke tenester frå utanlandske underleverandørar til eit selskap som forvalta verdipapir- og kombinasjonsfond. Mellom desse var ein underleveranse frå leverandøren «E» av eit «Portfolio Management System», saman med visse «Back Office og Middle-Office service i forbindelse med kapitalforvaltning mv.». Det fulgte av avtala at fondsselskapet sjølv skulle administrere investeringsporteføljane. Systemet omfatta fleire tenester:

  • Rekneskapsytingar
  • Dagleg bankavstemming
  • Kundeforespurnader (porteføljerapporteringar til kunde)
  • Verdi og prisfastsetting
  • Utsteding og innløysing av andel i i verdipapirfond
  • Registrering av transaksjonar knytt til Verdipapirporteføljene
  • Kalkulering av NAV (net asset value)

Klager viste m.a. til at andre finansforetak hadde fått innvilga avgiftssunntak på systemleveransar frå E, jf. vedtak frå skatteregionen (uidentifisert) av 1. desember 2017

Klagenemndas fleirtal (4-1) la til grunn sekretariatets vurdering av at tenestane frå leverandøren E var «av støttende teknisk karakter og tjenestene med backoffice og rekneskap anses i denne forbindelse som hovedelementene i tjenestene». Nemndas fleirtal uttala at ein særleg la vekt på:

«at leverandørene av de aktuelle tjenestene etter det opplyste ikkje har noe ansvar som endrer rettslige og økonomiske posisjoner som skattepliktige har i tilknytning til tjenesteleveranser til sine fondskunder».

Nemndas mindretal slutta seg til sekretariatet når det gjald dei ulike tenestene, men med unntak for nemnte underleveranse av «Portfolio Management System» frå E. Mindretalet kom «under noe tvil» til at systemet var unntatt avgift. Det blei vist til at:

«E utfører en rekke oppgaver for skattepliktige som kjennetegner forvaltning av verdipapirfond. Avtalen fremstår både som et samarbeid med angivelser av hvem som har ansvar for hvilke oppgaver, og regulering av en løpende leveranse av tjenester som er helt spesifikke og vesentlige ved forvaltning av fond. ... Tjenestene leveres med et løpende og helhetlig preg som synes å kjennetegne et kjernesystem for forvaltning av verdipapirfond. Det leveres naturlig nok bokføring og regnskap på fondsnivået, men naturlig nok ikke årsregnskap, som skattekontoret synes å feste seg ved, uten at dette medlemmet helt forstår relevansen av mangelen på en slik tjeneste, som i tilfelle åpenbart faller utenfor unntaket i § 3-6 f).»

Mindretalet viser til at det er gitt føringar i forarbeida og gjennom avgjerder frå EU-domstolen, men at desse er nemnt «men ikke nærmere drøftet av skattekontoret». Det er også peika på at hos sentrale avgiftsstyresmakter har praksis variert, samtidig som fleirtalet legg snevraste fortolkning av unntaket til grunn. Det er også her tale om eit porteføljeforvaltningssystem/-teneste, men etter vårt syn har klagenemndas vedtak ikkje betydning for den foreliggande saka, jf. vurderinga i pkt. 4.3 under.

Vurdering av den konkrete saka

Porteføljeforvaltingssystemet som A vurderer kjøpe inn frå B (utland) vil vere ei teneste som blir levert over internett, og A er næringsdrivande og heimehøyrande i Norge. Det kan derfor leggast til grunn at reglane om snudd avrekning vil gjelde for A ved innkjøp av [...] etter mval. § 3-30 (1).

Klagenemnda kan i denne samanheng vidare legge til grunn at A sin verksemd er avgrensa til forvalting av verdipapirfond og forvalting av investeringsselskap, jf. mval. § 3-6 f) og g).

Spørsmålet er om leveransen fra B er ei finansiell teneste som fell under unntaket i mval. § 3-6 bokstav f og g om forvaltning av verdiparirfond og investeringsselskap, slik at A som kjøpar likevel ikkje skal berekne mva. etter regelen om snudd avrekning, jf. mval. § 3-30 (2).

Derunder er spørsmålet om tenesta pååfyller dei spesifikke og vesentlege funksjonane for forvaltinga av fond og investeringsselskap. Vurderinga må gjerast i lys av den rettslege bakgrunnen og praksis som nemnt over. I hovudsak legg A dei same vurderingane til grunn som i oppmodinga om BFU, men vi vil også utfylle med særlege merknader til Skatteetatens syn i den påklagde BFUen.

Tenestene er spesifikke og vesentlege

Tenestene som B ev. skal levere er etter innsendars syn spesifikke for A si verksemd som forvaltar av fond og investeringsselskap. Dei kan ikkje brukast til nokon del av A AS si verksemd som gjeld anna enn forvalting av fond, alternative investeringsfond eller investeringsporteføljer.

Utan forvalting av fond og alternative investeringsfond, ville A ha valgt eit anna og vesentleg mindre omfattande og rimelegare system. Fondsforvaltinga fører med seg ei rekke tilleggsoppgåver som krever eit omfattande innhald i porteføljesystemet, der ein stor del er knytt til den regulatoriske sida, men krav til risikostyring av porteføljer, compliancekontroller, rapporteringskrav til offentlege styresmakter i inn- og utland, i tillegg til større krav til kunderapportering og eit heilt anna skatterapporteringsregime på kundenivå.

Spesifikk IT-løysing for forvalting av fond og investeringsselskap

Det er ikkje tale om ei generisk IT-løysing eller ein generisk IT-funksjon for forvaltarane til A. Tenesta omfattar her spesifikke og vesentlege element ved forvaltingstenestene, jf. SDC-saka avsnitt 66. Vi understreker her at ein skal sjå på arten av tenesta og ikkje måten den blir levert på. EU-domstolens praksis støtter ikkje at alle tekniske eller IT-tenester generelt fell utanfor unntaket. Tvert om understreker domstolen i SDC-saka, jf. avsnitt 37, at om underleveransen skjer på elektronisk, automatisk eller manuelt vis, er utan betydning, og det må vidare gjerast ei konkret vurdering, jf. avsnitt 67.

Tenester for overvåking av verdipapir, verdiutvikling, plassering av ordrar, oppgjer, transaksjonar, utrekning av marknadsverdi mv, som omtala i pkt. 2.2 er innretta mot effektiv forvaltning, og har alle ein «tæt sammenhæng» med forvaltninga, jf. kriteriet EU-domstolen oppstiller i GfBk-saka. Alle dei øvrige funksjonane til systemet er også spesifikt designa og levert for å utføre særskilte aspekt ved slik forvalting, jf. opplistinga i pkt. 2.2 over og vedlagte spesifikasjon.

Tilleggsfunksjonar må også reknast som spesifikke

Visse av funksjonane i [...] kunne ha blitt brukt i andre finansielle verksemder, t.d. verdsetting av verdipapir. Vi understreker likevel at [...] under eitt er svært spesifikt for dei finansielle tenestene A-leverer, som nemnt over. Dette er etter praksis frå EU-domstolen avgjerande, og ikkje enkeltelement ved leveransen. Vi viser til at retten har understreka at vurderinga av om tenesten er spesifikke skal gjerast etter ei «helhetsbedömning» (svensk), «set under et» (dansk) og «viewed broadly» (engelsk) (SDC avsnitt 66, Abbey National avsnitt 70, GfBk avsnitt 21). Tenestene må derfor vurderast under eitt og frå ein vidt perspektiv. Tenesta frå B omfattar heile investeringssyklusen, og har ei rad ulike, men samankopla funksjonar. Som heilskap tenestene levert gjennom [...] spesifikke for finansielle tenester.

Systemet under eitt er vesentleg for A

Leveransen av [...] er vidare vesentleg for A. Det er visse av funksjonane i [...] som kunne ha blitt utført av forvaltarane sjølve, men det ville ha vare vanskeleg eller umogeleg å gjere dette i det omfanget verksemda har. Vi viser her til det som er nemnt i pkt 2.2 om at porteføljesystemet er kritisk for drifta av forvaltingsselskapet og at det ikkje er mogeleg å gjennomføre forvaltingsoppgåvene i eit verdipapirfond/investeringsselskap utan tenestene frå B. Dette gjeld særleg lovpålagte oppgåver om risikostyring og compliance, rapportering til Finanstilsynet/ESMA og skatterapportering på andelseigarnivå, som alle er oppgåver spesifikke for fondsforvaltarar. Vidare er det som nemnt nødvendig at alle tenestene er samla i [...]..

Det verkar som Skatteetaten tolkar oppmodinga om BFU slik at A meiner det er nok at [...] er kritisk for fondsforvaltingstenesta for at en skal falle under unntaket for finansielle tenester, jf. den påklagde BFUen 4. desember 2019 s. 17-18. Dette bygger ev. på ei misforståing. A gjer gjeldane at den kritiske funksjonaliteten betyr at tenestene er vesentlege for fondsforvaltingsverksemda, og at eit av vilkåra som rettspraksis stiller opp for at det skal vere ei unntatt finansiell teneste slik er oppfylt.

Tenestene utgjer ei særskilt eining

Det er ikkje gitt utfyllande rettleiing i EU-domstolens praksis kva som ligg i kravet til tenestene må utgjere ei særskilt eining.

Tenesta treng ikkje endre forvaltingsselskapets juridiske eller finansielle posisjon

Det er klart at det ikkje er nødvendig for å utgjere ei særskilt eining at underleveransen endrar forvaltarselskapets juridiske eller finansielle posisjon, jf. som tidlegare nemnt GfBk-saka avsnitt 26 med tilvising til Abbey National.

Som følgje av dei nemnte avgjerdene frå EU-domstolen, kan ikkje eldre saker tilleggast vesentleg vekt. Dette gjeld t.d. Skattedirektoratets BFU 16. november 2004, der direktoratet kom til at tenestene ikkje var omfatta av unntaket, og det blei vektlagt at investeringsselskapet sjølv skulle avgjere sal og ta relaterte avgjerder og instruere underleverandøren.

Skatteetatens syn i BFU 16. november 2004 verkar bygge på SDC-saka avsnitt 66 om at dei leverte tenestene frå underleverandøren må medføre at det «indtræder retlige og økonomiske ændringer» for å vere unntatt. Merknaden i SDC-saka er likevel spesifikt knytt til avgiftsunntaket for «transaktion vedrørende overførsler», tilsvarande «utføring av betalingsoppdrag» i mval. § 3-6 bokstav c, og gjeld ikkje unntaket for finansielle tenester generelt.

Skatteetaten har i den påklagde BFUen av 4. desember 2019, liknande som i BFU 16. november 2004, vektlagt at det «ikkje [står] noko i avtalen om at B leverer finansielle tenester eller utfører funksjonar knytta til forvaltingsaktivitetar for A», vidare er det i følgje Skatteetaten «A som [utfører tenester knytta til forvalting av verdipapir fond eller investeringsselskap] ved å leggje inn data/opplysingar og ved hjelp av automatiserte funksjonar i systemet». Skatteetaten viser vidare til at B ikkje har «ansvar» for transaksjonane, og peiker på utdrag frå avtala der det framgår at B ikkje har erstatningsansvar for handlar, betalingar eller oppgjer handtert gjennom tenesta, derunder resultatet av slike handlar, betalingar eller oppgjer.

A understreker som nemnt at det følger direkte av GfBk-saka avsnitt 26 at B ikkje treng å endre A sin juridiske eller finansielle posisjon for at det skal vere leveranse av ei unntatt fondsforvaltingsteneste. Vi understreker også som nemnt i pkt. 2.2 at A heller ikkje kan overføre «ansvaret» i høve kundane, jf. krav i konsesjon mv. Dette er ikkje eit vilkår for at B utfører/leverer ei finansiell teneste. Vi vil her også sitere Generaladvokatens framlegg til avgjerd i Abbey National, avsnitt 64-67, som understreker dette (våre uthevingar):

  1. Transaktioner i henhold til nr. 3 vedrører betalinger og overførsler samt beslægtede

transaktioner, mens transaktioner i henhold til nr. 5 omfatter handel med værdipapirer. I begge tilfælde drejer det sig således om økonomiske transaktioner. Det er derfor i denne

forbindelse relevant at betragte den omstændighed, at der indtræder retlige og

økonomiske ændringer, som et afgørende kriterium, idet der kun kan være tale om

transaktioner af denne art, såfremt de faktisk har medført sådanne ændringer.

  1. Begrebet forvaltning i nr. 6 er mere generelt og vedrører ikke konkrete

transaktioner. Der foretages ganske vist tilsvarende transaktioner som led i forvaltningen af en investeringsforening, men dette er ikke afgørende. Specielt ved langfristede

investeringsstrategier eller visse fondstyper, f.eks. investering i fast ejendom, er det også muligt, at markedet alene observeres igennem en længere periode, hvor der ikke foretages nye investeringer. Imidlertid udføres der også i sådanne perioderopgaver, der henhører under forvaltningen af en investeringsforening.

  1. Såfremt fritagelsen begrænsedes til aktiviteter, der har betydning for porteføljens

sammensætning, ville alene en underordnet del af investeringsforeningens virksomhed være afgiftsfritaget. Dette ville rejse tvivl om den praktiske virkning af sjette direktivs artikel 13, punkt B, litra d), nr. 6. I praksis udgor nemlig andre aktiviteter, f.eks. sådanne, som er

omtvistede under den foreliggende sag, en væsentlig del af de transaktioner, der forekommer i forbindelse med udnyttelsen af en investeringsforening. En for snæver fortolkning af begrebet forvaltning ville endvidere føre til, at uddelegeringen af delydelser ikke er attraktiv, og ville følgelig vanskeliggøre en økonomisk fornuftig arbejdsdeling.

  1. Afgørende for en anvendelse af fritagelsen i henhold til nr. 6 er følgelig, om de

pågældende ydelser udgir serskilte enheder og er specifikke og væsentlige for

forvaltningen af en investeringsforening. [ ... ]

Vi understreker også at regulering av privatrettsleg erstatningsansvar etter avtala med B for resultatet av handlar mv. ikkje er avgjerande for vurderinga av innhaldet i tenesta, som her er avgjerande. I GfBk-saka kom domstolen til at rådgivnings- og informasjonstenester var å rekne som finansielle tenester, og viser i avsnitt 27, med vidare tilvising til Abbey National, til at unntaket også omfattar andre te nester som:

«administrative og regnskabsmæssige tjenesteydelser, såsom beregning af overskud og prisen forandele eller aktier, vurderinger af aktiver, regnskab, udarbejdelse af deklarationer med henblik på udlodning af overskud, levering af oplysninger og dokumentation til brug for de periodiske regnskaber og selvangivelser, statistiske indberetninger og angivelser af moms samt forberedelse af overskudsprognoser»

Det er åpenbart at leverandørar av finansielle tenester som dei nemnte normalt ikkje vil ha eit privatrettsleg erstatningsansvar for sluttresultatet av handlar, betalingar mv. Vi understreker igjen at forvaltingsselskapet vil vere ansvarleg overfor sine kundar, og ikkje kan avtale seg bort frå det rettslege og økonomiske ansvaret i høve desse, basert på internkontrollinstituttet, føresetnader i konsesjonsvilkr mv.

Skatteetaten viser til EU-domstolens uttaling i C-350/10 Nordea/SWIFT frå 2011, der det er uttala at overdraging av eigedomsretten til summane eller dei finansielle instrumenta blei gjort av finansinstitusjonane etter avtale med kunden, og underleverandøren av SWIFT-systemet derfor ikkje framstod som ei finansiell teneste.

Vi viser igjen til at Nordea/SWIFT-saka ikkje gjaldt fondsforvaltingsunntaket, men unntaket i Mvadirektivet art 13 B (d) (3) og (5), jf. tilsvarande unntak i mval. § 3-6 for omsetning av gyldige betalingsmiddel og omsetning av finansielle instrument og liknande. Saka har slik ikkje overføringsverdi til unntaket for fondsforvalting og unntaket for forvalting av investeringsselskap, jf. også merknadane frå Generaladvokaten i Abbey National-saka over.

Vi understreker at GfBk-saken frå 2013 direkte gjeld fondsforvaltings-unntaket, og er av nyare dato enn Nordea/SWIFT-saka. Det er derfor forståinga i GfBk-saken som er særleg relevant i den foreliggande saken, ved sida av Abbey National-saken, ikkje Nordea/SWIFT.

Tenesta er ei integrert forvaltingsteneste med indre samanheng

Samtidig var i Abbey National og GfBk, heile eller den hovudsaklege delen av særskilte forvaltingsfunksjonar sett ut til ein underleverandør. Ved eit porteføljeforvaltingssystem som her, er det i staden ein del av mange funksjonar som blir sett ut til ein underleverandør. Det er ikkje B som skal utføre alle delane av dei ulike funksjonane, og A vil framleis ha ei viktig rolle og ta endelege avgjerder med rettslege og økonomiske konsekvensar.

Dette er likevel ikkje avgjerande for om det er tale om ei særskilt eining av tenester. Her må ein, som generaladvokaten i Abbey National-saka (avsnitt 64-67) understreker, vurdere den særskilte eininga ikkje berre ut frå omfang, men også ut frå samanhengen mellom tenestene i underleveransen. Til dømes er verdsetting eit viktig element for fleire funksjonar. Kravet til særskilt samanheng avgrenser mot samla leveransar av fleire urelaterte og ulike tenester, ikkje mot tenester som har ei indre samanheng og er del av mange funksjonar.

Her har tenestene frå B både ein indre relasjon og samanheng. [...] bidreg med avansert analysetenester, overvåkingstenester mv., som er integrerte og dekker forvaltinga av heile investeringsverksemda. Det breie spekteret av tenester dekker kravet til eit visst omfang av ulike funksjonar, som m.a. er framheva av Generaladvokatens innstilling i Abbey National-saka.

Det er ikkje noko særleg krav til autonomi for underleverandøren

Generaladvokaten i GfBk-saka la til grunna at kravet til ei «særskilt» eining av tenester, innebar eit visst krav til autonomi når det gjaldt innhaldet i tenesta frå underleverandøren, jf. avsnitt 27. Dette synspunktet bygde på at ein ville unngå ei samanblanding av tenester frå underleverandøren og fondsforvaltingsselskapet sin mulige eigenproduksjon av same tenester. Vi vil her understreke at EU-domstolen ikkje bygde vidare på denne argumentasjonen frå Generaladvokaten, i motsetning til kravet til «tæt sammenhæng»/ «väsentligt samband». Vidare understreker domstolen i Abbey National (avsnitt 66) og GfBk (avsnitt 20) prinsippet om at ein skal sjå på sjølve tenesta, og ikkje mottakaren av tenesta. Dette tilseier at det ikkje er grunnlag å oppstille eit særleg krav om autonomi hos underleverandøren.

Eit krav til autonomi og klare grensesnitt vil i alle tilfelle vere oppfylt

Etter vårt syn vil sjølv eit vilkår om autonomi for B, basert på risikoen for samanblanding med A's eigenproduserte tenester, vere oppfylt. Den elektroniske leveringa av overvåkingstenester, risikostyring, rapporteringar mv. har eit klart grensesnitt mot A og er særskilt frå aktiviteten som A sjølv skal utføre. Det er ei klar avgrensing mellom kva B utfører og kva forvaltarane til A må avgjere og ta stilling til. At funksjonane er interaktive og bygger på inndata frå A utelukkar ikkje at leveransen frå B er ei særskilt finansiell teneste, som Skatteetaten ser ut å legge vekt på i den påklagde BFUen 4. desember 2019, s. 19 første avsnitt. Det avgjerande ved eit krav til autonomi er at det ikkje skal vere risiko for samanblanding med A's eigenproduserte tenester.

Dersom ein ser på [...] som eit avansert verktøy for dei tilsette hos A, er det heller ikkje avgjerande for om leveransen fell under unntaket. Nokre funksjonar er automatiske og nokre krever inndata frå personell, som i andre samanhengar kunne ha vore utforma som eit oppdrag/mandat for utføring av ein person, jf. omtalen i pkt 2.2.. Det avgjerande er uansett vurderinga av innhaldet i tenesta frå B og om krava til spesifikke, vesentlege og særskilte tenester er oppfylte, jf. SDC-saka avsnitt 37 om at gjennomføring elektronisk, automatisk eller manuell gjennomføring av tenesta er utan betydning.

Avgiftsunntak for [...] er i samsvar med formålet

I vurderinga av særskilt eining, vil vidare understreke at unntak for porteføljeforvaltingstenester som her vil understøtte det uttrykte formålet til unntaket om fiskal nøytralitet, slik at selskap som har slike tenester internt, som gjerne er storre aktorar, er likestilt med mindre eller mellomstore aktørar som kjøper slike tenester inn frå tredjepartar. Ei likestilling vil her opne for utsetting av særskilte IT-tenester og ei økonomisk fornuftig arbeidsdeling, som framheva av Generaladvokaten i Abbey National (avsnitt 66) og i GfBk avsnitt 31.

Tidlegare praksis knytt til liknande tenester understøttar avgiftsunntak

Tidlegare praksis frå Skatteetaten understøtter at porteføljeforvaltingstenestene frå [...] vil vere unntatt avgift. Vi viser her til BFU frå Skattedirektoratet av 31. januar 2007, der pakken av tenester har fleire likheitstrekk med leveransen frå B. Vi viser vidare til tidlegare vurdering frå Skatteetaten av systemet frå E i brev av 13. januar 2014 frå skattekontoret til A. Vi viser også til praksis om avgiftsunntak for porteføljeforvaltingssystem som referert til i klagenemndas vedtak NS 55/2019.

Vi viser også særleg til den nemnte BlackRock-saka, som illustrerer vurderinga av avgiftsunntaket opp mot porteføljeforvaltingstenester i andre EØS-land, i lys av nyare praksis frå EU-domstolen. Funksjonane til BlackRock-systemet er nærare forklart i avsnitt 15-27 I avgjerda, og A vil i denne samanheng peike på at systemet har fleire fellestrekk med tenestene frå [...], som framgår allereie av oppsummeringa over, og vurderingane i saka har etter vårt syn derfor relevans også her.

Klagenemndas vedtak NS 55/2019 er utan betydning i denne saka

Skatteklagenemnda konkluderer i tidlegare nemnte vedtak NS 55/2019 med at eit porteføljeforvaltingssystem fell utanfor avgiftsunntaket.

I den grad vurderingane i vedtaket kan leggast til grunn som prinsipielle, sluttar A seg her til mindretalet sine vurderingar. Vi vil særleg knytte merknader til manglande drøfting av EU-domstolens praksis i klagenemndsvedtaket.

A vil her først vise til at reine tekniske eller elektroniske støttetenester til personar som utfører dei vesentlege og spesifikke funksjonane ved ei finansiell teneste er omtala i SDC-saka. Det blei der som nemnt lagt til grunn at slike tenester i seg sjølv ikkje vil falle under unntaket for finansielle tenester.

Det inneber likevel ikkje at tekniske, rekneskapsmessige mv. tenester generelt er utelukka frå unntaket, jf. Abbey National 0g GfBk-sakene, som nemnt. Det er også understreka i SDC-saka at vurderinga av finansunntaket er nøytralt når det gjeld bruk av teknologi og automatisering eller manuell behandling. Dette er ikkje vurdert i tilstrekkeleg grad av Skatteklagenemnda i vedtaket.

Vi viser her også til det svenske Skatteverkets rettleiing om forståing av unntaket for finansielle tenester for 2019, der det er uttala at leveranse av IT-system som er brukt i forvaltinga i seg sjølv ikkje inneber forvalting av investeringsfond, men kan gjere det dersom leverandøren:

«av IT-systemet daremot har ett helhetsansvar som också omfattar driften av systemet och registreringsåtgärderna i systemet kan tillhandah&llandet omfattas av undantaget.»

Her er det tale om løpande drift av [...], der B har eit heilheitsansvar for å korrigere feilbehandling av berekningar, instruksar mv., jf. over i pkt. 2.2.

Uttalinga frå fleirtalet i nemnda om at ein legg vekt på leverandøren i ikkje har «ansvar som endrer rettslige og økonomiske posisjoner som skattepliktige har i tilknytning til tjenesteleveranser til sine fondskunder» stemmer ikkje med EU-domstolens vurdering i Abbey National-saka og GfBk-saka (avsnitt 26). Det blei i GfBK-saka nettopp presisert at underleveransen av tenester i saka ikkje forte endring av fondets juridiske og finansielle posisjon, utan at dette var til hinder for at det var tale om «forvaltning». Vi viser også til tidlegare sitat frå Generaladvokatens framlegg til avgjerd i Abbey National, der det blir framheva at vilkåret nemnda oppstiller om endring av rettslege og økonomiske posisjonar ikkje gjeld fondsforvalting.

Vi understreker vidare at Skattekontoret sjølv i saken presiserer at «en konkret vurdering i en enkeltstående sak ikke endrer forvaltningspraksis» og at «konkrete vurderinger kan gi ulike konklusjoner basert på de faktiske forhold i den enkelte sak». Særleg då vurderingane frå fleirtalet i vedtaket framstår som lite prinsipielle og knytt til den konkrete leveransen, kan dei etter vårt syn ikkje tilleggast avgjerande vekt for porteføljeforvaltingstenester i andre saker.

Oppsummering

A held fast på si vurdering av at det ikkje skal bereknast meirverdiavgift etter reglane om snudd avrekning i mval. 3-30 ved gjennomføring av avtale om levering av porteføljeforvaltingstenestene i [...], då den løpande tenesteleveransen vil vere å rekne som ei unntatt finansiell teneste etter mval. § 3-6 bokstav.

Tenesta frå B, [...], er omfatta av avgiftsunntaket, då denne har ein spesifikk og vesentleg funksjon for forvalting av fond og investeringsselskap. Også tilleggsfunksjonar/modular ved systemet er spesifikke og vesentlege for forvaltinga.

Systemet utgjer ei særskilt integrert finansiell teneste, med klar avgrensing mot A sine eigne tenesteleveranser. Det er vidare i samsvar med formålet med unntaket og tidlegare praksis at porteføljeforvaltingstenester som det føreliggande er unntatt avgift etter mval. § 3-6.

Uttalinga frå Skatteetaten av 4. desember 2019, som no påklagast, bygger på eldre saker og rettspraksis som ikkje er relevant for den føreliggande tenesta frå B. Det er vidare lagt vekt på erstatningsvilkår, og ikkje på sjølve innhaldet i den aktuelle tenesta. Praksis som er framheva av A er ikkje vurdert i det heile teke. Under eitt meiner A det er grunn til å konkludere annleis i saka, og påklagar derfor BFUen.

Klage på bindande førehandsuttale av 4. desember 2019

På bakgrunn av ovannemnte vil A AS klage på skattekontorets bindande førehandsuttale av 4. desember 2019, og oppmodar om at Skatteklagenemnda gir ny bindande førehandsuttale med følgande:

Stadfesting:

Innsendar ber om stadfesting frå avgiftsstyresmakta på at det ikkje skal bereknast meirverdiavgift ved snudd avrekning ved innkjøp av porteføljeforvaltingstenesta [...] frå B (utland). "

Innsendar har i brev av 17. april 2020 gitt merknader til sekretariatets utkast til innstilling.

Innsendar meiner sekretariatet sine tolkingar og vurderingar i saka er mangelfulle. I brevet anfører innsendar at det ikkje er eit krav at tenesta som B leverer på sjølvstendig grunnlag må vere å betrakte som ei finansiell teneste. Innsendar anfører at administrative tenester kan vere omfatta av unntaka i meirverdiavgiftslova § 3-6 bokstav f og g, og viser til verdipapirfondlova § 1-2 (1) pkt. 3 der verdipapirfondsforvalting er definert som "kollektiv porteføljeforvaltning, administrasjon og markedsføring herunder salg, av verdipapirfond", og til lov om forvaltning av alternative investeringsfond § 1-2 bokstav c) som definerer forvalting som "porteføljeforvaltning og risikostyring" av slike fond.

Med utgangspunkt i definisjonane i lova legg innsendar til grunn at porteføljeforvalting omfattar operasjonalisering av formål og avgrensingar av investeringsmandat, etablering av avkastningsforventingar, allokering av kapital, planlegging, gjennomføring og analyse av investeringar - dvs. konstruksjon av porteføljen. Innsendar viser til at kvar portefølje har nærare avkasnings- og risikomålsettingar. Screening og utval av aktuelle verdipapir er ein del av denne konstruksjonen.

Innsendar viser til at når porteføljen er etablert, fortsetter arbeidet med å analysere utviklinga til investeringane, bytte ut investeringar som ikkje bidreg som venta, auke eller redusere eksponeringa i enkeltinvesteringar avhengig av kursutvikling, evaluere riskoparameter for enkeltinvesteringar og utrekningar av porteføljens totale avkastings- og risikoeigenskapar.

Vidare viser innsendar til at konstruksjon og overvåking av porteføljer består av fleire element. Tenesta frå B gir forvalter beslutningsgrunnlag, derunder data og analyser, for kva for posisjonar som skal behaldast, og kan eller bør skiftast ut. Systemet gir også grunnlag for å avgjere kva eigenskapar eventuelle nye investeringar i porteføljen skal ha. Det er til sist A som avgjer kva investeringar som blir realiserte, men avgjerda er tungt basert på analyser, samanstilling av data og simuleringar utførte av [...]-tenesta.

Når det gjeld risikostyring, trekkje innsendar fram at dette er ein vesentleg del av fondsforvaltingstenesta. Fondets porteføljer skal konstruerast slik at dei til eikvar tid er innanfor definerte risikoparameter i lys av mandatet, derunder ulike typar eksponeringar. Parametrane brukast for å styre den totale risikoen i porteføljen, og å sikre at samanhengen mellom avkastning og risiko er i samsvar med vedtekter og lov. […] -tenesta samanstiller og rekner ut risikoparameter for enkeltpapir og total portefølje og identifiserer kva for enkeltpapir som bidrar positivt eller negativt til risiko i porteføljen. Dette er eit vesentleg grunnlag for avgjerder om kva for posisjonar som må endrast for at porteføljen skal møte risikomålsettingane.

I følgje innsendar er [...] er ei kraftig og avansert porteføljeteneste som er basert på utvikling og spesialtilpassingar gjort for innsendar. Tenesta frå B bidrar med avgjerdsgrunnlag for heile porteføljeforvaltingsprosessen og bidrar med analyser og kritisk avgjerdsgrunnlag for forvaltarens daglege vurderingar både av avkastning og risiko.

Innsendar viser til at administrasjon av verdipapirfond også er forstått som fondsforvalting, jf. verdipapirfondlova § 1-2. Ei rekke av tenestene som inngår i slik administrasjon og som inngår i [...], ved sida av porteføljeforvalting og risikostyring. Nokre av tenestene krev noko manuell tilrettelegging frå A, nokre er heilautomatiske og bygde i samarbeid mellom A og B, og nokre er delvis automatiserte, men krev oppfølging og kontroll frå A. Det er likevel tenestetypen, og ikkje graden av automatisering som etter rettspraksis er avgjerande.

Vidare viser innsendar til at utviklinga av fondsforvaltingsregelverket med nye krav til forvaltar og utviklinga av teknologien dei siste 20 åra har vore enorm, og i følgje innsendar gjer dette at merknadane i forarbeida frå år 2000 og Finansdepartementets uttale av 15. juni 2001, må lesast med varsemd. Dette er etter innsendars syn også avgjerande for forståinga av unntaket i meirverdiavgiftslova § 3-6 bokstav f og g, saman med nyare rettspraksis frå EU-domstolen.

Innsendar meiner sekretariatet viser ei grunnleggande misforståing av forvaltingsomgrepet, ved å bruke departementets uttale frå 15. juni 2001 om avtalar om forvalting av investeringsselskap til å tolke omgrepet «forvalting av verdipapirfond». Det er etter innsendars vurdering ikkje riktig å avgrense forvaltningsomgrepet til ei vurdering om kva som utgjer «essensen» og kjennteikn ved forvaltingsverksemd, ved å berre sjå på den aktive identifiseringa av investeringsobjekt og oppfølginga av porteføljen. Innsendar understreker at forvalting av verdipapirfond er ein meir omfattande teneste enn aktiv forvalting, som er emnet i departementets uttaling pkt. 5.2.

Etter innsendars syn vil forståinga av «forvaltning av verdipapirfond» som sekretariatet legg til grunn, utelukke ein omfattande del av den finansielle tenesta innsendar er forplikta etter lova til å levere. Slik innsendar ser det, tar sekretariatets definisjon kun høgde for delar av den finansielle tenesta ved forvalting av verdipapirfond og porteføljeforvalting. Sekretariatet legg etter innsendars syn ingen vekt på store delar av forvaltingstenesta som omfattar risikostyring, administrasjon mv. som faktisk inngår i definisjonen av fondsforvalting etter verdipapirfondlova § 1-2, og som forøvrig var emnet for Abbey National-saka, og seinare prinsipputtalingar frå Skattedirektoratet.

I lys av ei moderne forståing av omgrepet forvalting, meiner innsendar at sekretariatets forståing framstår som knapp. Innsendar anfører at tenestene frå B vil nettopp utgjere ein sentral funksjon ved det aktive oppfølgingsarbeidet. Innsendar visar til at dette vil gjelde m.a. overvåking og oppfølging av porteføljen frå forvaltars side, utarbeiding av viktige analyser, avgjerdsgrunnlag og utrekningar for effektiv porteføljestyring og overvåking når det gjeld porteføljekonstruksjon og risikostyring, som er heilt sentralt i moderne porteføljeforvating.

Innsendar understreker vidare at forvaltinga er innebygd i [...]-tenesta frå B, der store delar porteføljekonstruksjonen skjer, basert på forvaltingsmodellar, risikoparameter og avkastningsanalyser som gir tilrådingar om kjøp/sal basert på utrekningar, analyser og modellar i tenesteleveransen frå B. [...] Platform er ikkje ein type eldre datasystem, der ein person matar inn opplysingar om eit verdipapir og får verdiberekningar tilbake.

Vidare meiner innsendar at rettspraksis vist til i utkast til innstilling ikkje er direkte relevant for denne saka. Når det gjeld Skattekontorets tilvising til Nordea/SWIFT-saken, viser innsendar til at denne ikkje gjaldt unntaket for fondsforvalting mv., og slik ikkje har overføringsverdi til den foreliggande saka.

Innsendar meiner også at klagenemndssak SKNS1-2018-43 ikkje omhandlar same problemstilling er tilfellet for innsendar.

Tilsvarande ser ikkje innsendar at sekretariatets tilvising til UTV-2014-1551 (CSC) og ATP-saken har direkte relevans for den foreliggande saken. Innsendar understreker derimot at både Abbey National-saka frå 2006 og GfBk-saken frå 2013 direkte gjaldt unntaket i meirverdiavgiftslova § 3-6 bokstav f og g, men at desse sakene i liten grad er kommenterte av skattekontoret og sekretariatet.

I følgje innsendar kan administrative tenester falle under unntaket. Innsendar viser til Skattekontorets merknad om at unntaket for finansielle tenester «må avgrensast mot tenester av administrativ, økonomisk og juridisk art», og at omsetning av slike tenester «vil vere avgiftspliktig», med tilvising til forarbeida frå år 2000. Ein tilsvarande generell merknad til meirverdiavgiftslova § 3-6, utan spesiell kobling til unntaket for fondsforvalting mv.. Innsendar presiserer at merknader har stått uendra i Mva-handboka til Skattedirektoratet sidan 2002.

I følgje innsendar gir ikkje merknaden uttrykk for gjeldande rett for unntaket for forvalting av verdipapirfond og investeringsselskap i meirverdiavgiftslova § 3-6 bokstav f og g. Her peiker innsendar på at skattekontoret sjølv viser til EU-domstolens avgjerd i Abbey National frå 2006 om at «administrative tenesteytingar» ifm. forvalting av verdipapirfond nettopp «kan omfattast av unntaket også når tenestene utførast av ein underleverandør til eit forvaltingsselskap».

Tilsvarande uttrykker Skattedirektoratet i prinsipputtaling av 16. mai 2013 pkt. 4 at «administrative oppgaver knyttet til investeringsselskapet kan falle inn under unntaket», derunder «juridisk bistand og regnskapsytelser ... kontroll med overholdelse av lovgivning» mv. frå underleverandører.

Vidare anfører innsendar at det ikkje eit vilkår at tenesta «i seg sjølv framstår som ei finansiell teneste». Også her peiker innsendar på at sekretariatet viser til forarbeida frå år 2000 om at det er eit krav at «tenesta som leverast i seg sjølv framstår som ei finansiell teneste». Innsendar kan ikkje sjå at det grunnlag for eit slikt tilleggsvilkår, og tilvisinga til forarbeida er ikkje nærare presisert. Dersom tenesta er spesifikk og vesentleg for fondsforvalting mv. og utgjer ei særskilt eining, er etter gjeldande rett konsekvensen av dette at tenesta «i seg selv er å anse som en finansiell tjeneste» etter meirverdiavgiftslova § 3-6, jf. t.d. Mva-handboka 2019 s. 254 og meirverdiavgiftslova § 3-6.

Innsendar visar til at Mva-handboka 2019 rett nok formulerer ein annan stad at «det avgjørende er om de tjenestene som leveres i seg selv framstår som en unntatt finansiell tjeneste», jf. Mva-handboka 2019 s. 277. I følgje innsendar kan dette likevel ikkje bli forstått på anna måte enn sitatet frå s. 254 i handboka. Ein anser tenesta som finansiell dersom ho er spesifikk, vesentleg osv. for fondsforvalting mv. For innsendar er det vidare uklart kva som eventuelt skulle ligge i eit slikt tilleggsvilkår om at tenesta «framstår» som ei unntatt finansiell teneste.

Innsendar viser til at nyare rettspraksis frå EU-domstolen, gjeld nettopp tenester som ikkje isolert sett er vurdert som forvalting av verdipapirfond/investeringsselskap, men som utgjer ein av ev. fleire vesentlege og spesifikke funksjonar for slik forvalting. B kan slik etter rettspraksis levere unntatte administrative funksjonar mv. til A, utan at dette må utgjere «essensen» ved forvaltinga.

Innsendar viser til at Skattedirektoratet sjølv har lagt til grunn at ei rad med administrative tenester for forvalting er rekna som spesifikke og vesentlege, utan å vurdere om tenestene utgjer «essensen» i fondsforvalting, jf. prinsipputtaling av 14. november 2017.

Innsendar understreker elles at fleire av tenestene i pakken som nemnt har direkte parallellar til administrasjonstenestene i BFU 31. januar 2007, jf. Mva-handboka 2019 s. 273, som Skattedirektoratet kom til var unntatt etter meirverdiavgiftslova § 3-6. Tenestene der omfatta: «en pakke bestående av tjenester med oppgjør av verdipapirtransaksjoner, avstemming av kasse og depot, daglig registrering av markedsverdi og kasse samt analyse av indeks, håndtering av porteføljer med registrering av stamdata og corporate actions samt daglig prissetting og systemforvaltning i form av vedlikehold av referansedata og annen systemforvaltning med feilhåndtering og oppgradering av system.»

Det er ikkje klart av omtalen av BFUen kva for tenester som i den konkrete saken var automatiserte/elektroniske og kva som blei utført «for hand». Om tenestene for øvrig er automatiserte er uansett utan betydning, det avgjerande er arten av tenesta, jf. SDC-saka avsnitt 37.

Innsendar hevdar samtidig til at det er ytterlegare parallellar til nemnte BFU ved at denne omfatta løpande «systemforvaltning med feilhåndtering og oppgradering av system» og noko som også gjeld avtalen med B («support and maintenance» i Schedule 2 jf. også «Service Level agreement» i Schedule 2»). Dette utelukka i følge BFUen ikkje at det var tale om ei samla avgiftsunntatt teneste.

Skattedirektoratet trekk også i fram i prinsipputtaling 16. mai 2013 at m.a. tenester som kan falle under unntaket inkluderer «regnskapsytelser», «kontroll med overholdelse av lovgivning», «utarbeidelse av rapporter» mv., og understreka at opplistinga ikkje er uttømmande. Dette er tenester som nettopp er levert av B.

Direktoratet forutsetter for øvrig i uttalinga av 16. mai 2013 at ytingane må ha eit løpande og heilheitleg preg, og at forbigåande enkeltoppdrag ikkje er omfatta. A meiner det er klart at tenestene frå B har eit slik løpande og heiltheitleg preg og omfattar heile investeringssyklusen. Vi viser igjen til at det er tale om ei løpande levering over internett av «Software as a Service», og at det ikkje er tale om ein enkeltleveranse av eit program for installasjon t.d.

Oppsummert er det innsendar si vurdering at tenesta frå B er spesifikk og vesentleg for fondsforvalting og forvalting av investeringsselskap, og utgjer ein sentral funksjon ved forvaltingsverksemda til A. Tenesta frå B er samtidig ei særskilt integrert eining som er omsett samla og ikkje let seg separere. Tenesta må reknast som ei finansiell teneste omfatta av unntaket i meirverdiavgiftslova § 3-6 bokstav f og g om forvalting av fond og investeringsselskap.

Skattekontoret si vurdering

Skattekontoret har vurdert klaga slik:

"Skattekontoret er enig med klager i at det er innholdet i tjenesten fra B som er avgjørende. Når det gjelder klagers referanser knyttet til enkeltsaker i EU-domstolen og norsk retts- og forvaltningspraksis, vil skattekontoret bemerke at det i vurderingen av avgiftsbehandlingen må gjøres en konkret vurdering i det enkelte tilfelle basert på opplysninger om faktum og tilgjengelig dokumentasjon. I praksis er det lagt til grunn at en underleverandør også må levere en finansiell tjeneste for å være omfattet av unntaket for finansielle tjenester. For å omfattes av unntaket i merverdiavgiftsloven § 3-6 bokstav f og g, må tjenestene sett under ett være vesentlige og spesifikke for den avgiftsunntatte forvaltningen. Skattekontorets tolking av relevante rettskilder er at det ikke er tilstrekkelig å levere tjenester til et finansforetak som er nødvendige for driften i forvaltningsselskapet, eller at tjenesten i et senere omsetningsledd utgjør en nødvendig del av en avgiftsunntatt tjeneste. Det avgjørende er om tjenesten er av en slik karakter at den omfattes av unntaket.

Klager anfører at det er i samsvar med formålet med unntaket og tidligere praksis at porteføljeforvaltningstjenester som [...] er unntatt etter mval. § 3-6. Skattekontoret vil imidlertid peke på at merverdiavgiftsloven i størst mulig grad skal virke konkurransenøytral. Aktører i samme marked bør derfor ha samme vilkår. Det skal være likhet mellom norske og utenlandske tjenesteytere, i den forstand at avgiftsreglene ikke skal påvirke valget av om en tjeneste kjøpes fra en norsk eller utenlandsk tjenesteyter.

Faktum/saksforholdet

Det er ikke kommet fram nytt faktum i klagen, men enkelte presiseringer som ikke endrer skattekontorets syn på saken.

I klagen er det innledningsvis opplyst om at partene har inngått en avtale 8. november 2019, etter at anmodningen om BFU ble sendt. Avtalen er ikke igangsatt, en mulig igangsetting er skissert i juni 2020. Skattekontoret har ikke mottatt avtalen. I klagens pkt. 2.2 vises det til at en nærmere forklaring av systemet/tjenestene følger av vedlagt spesifikasjon. Skattekontoret legger til grunn at det her vises til de tre vedleggene til anmodningen av 4. november 2019, se dokumentliste.

I den påklagede BFUen har skattekontoret vist til vedlegget Schedule 1, General terms and conditions, og trukket fram enkelte punkter som etter vår vurdering sier noe om tjenestenes tekniske karakter. Vedlegget Schedule 2, Prices, forstår vi som en oversikt over hvilke funksjoner og moduler som inngår i den avtalte prisen for leveransen. Vedlegget sier noe om hvilke muligheter systemet og de ulike modulene gir kjøper/bruker, dvs. A. Vi anser imidlertid ikke vedlegget som dokumentasjon på at leverandøren yter finansielle tjenester til A. Slik vi forstår vedlegget Schedule 3, Service level agreement, støtter innholdet i dette vårt syn om at det leveres en tjeneste av teknisk art.

Klager understreker i klagen pkt. 2.2 at det er tale om en automatisert tjeneste, Software as a service, levert løpende over nettet fra B. Det er ikke tale om kjøp av et ordinært dataprogram over nettet for installasjon lokalt hos A. Det er tale om en rekke tjenester som er en nødvendig del av fondsforvaltningen og som tilfører særlig verdi for alle deler av denne. Det er ikke en ordinær teknisk tjeneste som et vanlig kontorstøttesystem eller lignende.

I klagen er det opplyst at A ved bruk av tjenesten har ansvaret for at transaksjonene som blir lagt inn, er korrekte, at transaksjonene blir gjort på riktig grunnlag og blir korrekt registrert i [...]. A kan ikke avtale seg bort fra dette. Det er i samsvar med internkontrollinstituttet at en ikke kan utkontrahere dette ansvaret. Tjenesteleverandøren B vil ha ansvaret for at [...] korrekt beregner, analyserer, sammenstiller, avstemmer, kontrollerer og instruerer transaksjonene som blir lagt inn, og skal korrigere feil, mens A har et ansvar for å avdekke feil. I praksis vil A registrere sine transaksjoner i [...]. På grunnlag av dette leverer [...] en rekke automatiserte tjenester for fondsforvaltning, bl.a. beregning av andelsverdier, risikoberegninger mv. Det vesentlige av funksjonene vil være programmerte og tidfestet i [...], dvs. helt eller delvis automatiserte. A's oppgave er å følge opp ev. avvik og feilrapporter som [...] leverer. Tjenestene er videre knyttet opp mot ulike andre system som leverer data til [...], som sammenstiller disse for analyse og beregningsformål.

I klagen er det videre opplyst at tjenestene levert av B via [...] utgjør det største arbeidsomfanget av forvaltningstjenestene A leverer, for eksempel compliancekontroll pre- og post-trade. [...] regner på daglig basis gjennom alle registrerte transaksjoner og beholdninger og kontrollerer mot complianceregler lagt inn i [...]. Tjenesten fra B lager så en compliancerapport som blir lagt til complianceansvarlig, som går gjennom rapporten og avgjør håndteringen av ev. avvik. A understreker at en alternativt kunne ha gitt complianceregler (et mandat) til en ekstern leverandør/person for kontroll og leveranse av en avviksrapport, med samme ansvarsdeling. A ville i begge tilfeller ha ansvar for mandatet/compliance og rapportering av avvik til Finanstilsynet.

Relevante kilder

Innsenders framstilling av faktum og jus er gjengitt i sin helhet i skattekontorets bindende forhåndsuttalelse 4. desember 2019. I anmodningen om bindende forhåndsuttalelse av 4. november 2019 viste innsender til en rekke relevante saker om unntaket for finansielle tjenester. Skattekontoret har ikke kommentert alle disse i den bindende forhåndsuttalelsen, men redegjorde generelt for unntaket i merverdiavgiftsloven § 3-6 før vi så la avgjørende vekt på vår vurdering av tjenestenes karakter på grunnlag av vedleggene til anmodningen. Slik skattekontoret ser det, vil de skriftlige avtalene være utgangspunktet for en konkret vurdering av tjenesteleverandørens tjenester, jf. Høyesteretts uttalelse om avtalers betydning i Rt-2009-1632 (Carnegie/ABG Sundal Collier). Se også Skattedirektoratets prinsipputtalelse 16.5.2013 pkt. 8 om dokumentasjonskrav.

I tillegg til de rettskilder som er nevnt i den bindende forhåndsuttalelsen, av innsender og/eller skattekontoret, vil skattekontoret vise til Skatteklagenemndas avgjørelse i sak SKNS1-2018-43, som også er nevnt i Merverdiavgiftshåndboken 2019 side 276. Saken gjelder levering og drift av spesialtilpasset programvare fra et utenlandsk selskap til bruk ved salg og administrasjon av pensjonsspareprodukter ved investeringsvalg."

Sekretariatet si vurdering

Innleiing

Skatteklagenemnda er rett klageinstans etter skatteforvaltningsloven § 6-2 første ledd, jf. § 13-3 andre ledd. Når klaga blir tatt under behandling, kan Skatteklagenemnda prøve alle sider av saka, jf. skatteforvaltningslova § 13-7 andre ledd.

Sekretariatet, som førebur saker for Skatteklagenemnda, innstiller på at innsendar si klage ikkje blir tatt til følgje. Sekretariatet sluttar seg i det vesentlege til skattekontoret si grunngjeving i BFU gitt 4. desember 2019, og vil berre kommentere enkelte vurderingsmoment.

Sekretariatet vil i det følgjande først vurdere om det er adgang for Skatteklagenemnda å gi bindande førehandsuttale i saka. Vi vil deretter ta stilling til det materielle spørsmålet i saka, - om kjøp av porteføljesystemet [...] vil innebere ei plikt for innsendar til å berekne meirverdiavgift ved snudd avrekning, jf. meirverdiavgiftslova § 11-3, jf. § 3-30.

Formelle forhold – framtidig disposisjon?

Ordninga med bindande førehandsuttaler gjeld i følgje skatteforvaltningslova § 6-1 første ledd:

"(...) de skattemessige virkningene av en konkret planlagt disposisjon før den igangsettes".

Dette inneber blant anna at BFU som er knytt til ei disposisjon som allereie er gjennomført ikkje kan bli gitt. BFUen må vere gitt før disposisjonen er satt i gang. Ei disposisjon blir i denne samanheng rekna for å vere satt i gang dersom den aktuelle prosessen ikkje lenger kan bli reversert med skattemessig verknad, jf. Skatteforvaltningshåndboken 2. utgåve 2019 s. 177.

I denne saka har innsendar allereie signert avtale med utanlandsk seljar om kjøp av porteføljesystemet [...]. I følgje innsendar er avtale likevel ikkje sett i gang og det står att vesentleg arbeid med avgrensing og implementering. Vidare er mogleg igangsetting skissert først til ca 8. juni 2020, med fakturering av leveransen tidlegast andre kvartal 2020.

Partane si avtaleinngåing utløyser ikkje nokon skattemessige verknader i form av berekning av meirverdiavgift ved snudd avrekning, som er tema for BFUen. Dei skattemessige verknadene som i denne saka ynskjast avklart gjennom BFU, vil først gjere seg gjeldande når tenestene er levert. Vidare eventuell snudd avrekning bereknast i den meirverdiavgiftstermin som faktura frå seljar er utferda.

Fram til levering skjer vil partane framleis kunne reversere disposisjonen med skattemessig verknad, og sekretariatet meiner på denne bakgrunn at saka må vere rekna for å gjelde ein framtidig disposisjon. Det er dermed ikkje grunnlag for å avvise klaga på dette grunnlag.

Sekretariatet vil for ordens skuld merke at denne saka skil seg frå Skatteklagenemnda sitt vedtak NS 118/2019, der oppmodinga om BFU blei avvist som følgje av at disposisjonen allereie var gjennomført og satt i gang. NS 118/2019 gjaldt spørsmål om avgiftsplikt for tenesteleveransar til utanlandske næringsdrivande, der det på tidspunktet for Skatteklagenemnda sitt vedtak allereie var levert tenester mot vederlag. Dei skattemessige verknadene i form av plikt til å berekne utgåande avgift var i denne saka difor ikkje reversible.

Må A AS berekne meirverdiavgift ved snudd avrekning ved kjøp av porteføljeforvaltingssystemet [...] frå B?

Utgangspunktet og hovudregelen er at det skal bereknast meirverdiavgift ved all omsetjing av varer og tenester, jf. meirverdiavgiftslova § 3-1. Ved kjøp av fjernleverbare tenester som er omfatta av meirverdiavgiftslova § 3-30, skal mottakaren av tenestene berekne og betale meirverdiavgifta, jf. meirverdiavgiftslova § 11-3 første ledd.

Meirverdiavgiftslova § 3-30 første og andre ledd lyder som følgjer:

"(1) Det skal beregnes merverdiavgift av fjernleverbare tjenester​ som er kjøpt utenfor merverdiavgiftsområdet.​ Dette gjelder likevel ikke dersom tjenesten inngår i beregningsgrunnlaget etter § 4-11 første ledd.

(2) Merverdiavgiftsplikten etter første ledd oppstår dersom mottakeren er næringsdrivende​ eller offentlig virksomhet​ hjemmehørende i merverdiavgiftsområdet og tjenesten er merverdiavgiftspliktig ved omsetning i merverdiavgiftsområdet"

Sekretariatet forstår at det er uomtvista at porteføljeforvaltingssystemet er ei fjernleverbar teneste, og at A er næringsdrivande som høyrer heime i meirverdiavgiftsområdet. Det avgjerande for avgiftsplikta er i dette tilfellet om tenesta er meirverdiavgiftspliktig ved omsetjing i meirverdiavgiftsområdet, jf. meirverdiavgiftlova § 3-30 andre ledd.

Det sentrale spørsmålet er såleis om tenestene frå B vil vere avgiftspliktig ved innanlands omsetjing etter hovudregelen i meirverdiavgiftslova § 3-1, eller om dei vil falle inn under unntaket for finansielle tenester i meirverdiavgiftslova § 3-6, som lyder slik:

"Omsetning og formidling av finansielle tjenester er unntatt fra loven​, herunder

  1. omsetning av forsikringstjenester
  2. omsetning av finansieringstjenester, likevel ikke finansiell leasing
  3. utføring av betalingsoppdrag
  4. omsetning av gyldige betalingsmidler​
  5. omsetning av finansielle instrumenter og lignende
  6. forvaltning av verdipapirfond​
  7. forvaltning av investeringsselskap"

Innsendar anførar at tenestene, porteføljeforvaltingssystemet [...], er omfatta av meirverdiavgiftslova § 3-6 bokstav f og g.

Sekretariatet er i det vesentlege einig med skattekontoret si framstilling av dei rettslege vurderingstema som gjer seg gjeldande når ein skal avgjere om porteføljeforvaltingssystemet er omfatta av unntaket for finansiell tenester.

Det går fram av lovas forarbeider, Ot.prp. nr 2 (2000-2001), at unntaket er knytt opp mot arten av tenesta som blir ytt, og ikkje kven som yter ho. Dette inneber at også tenester som er satt ut til underleverandørar kan vere omfatta av unntaket, såframt tenesta som leverast i seg sjølv framstår som ei finansiell teneste.

Det er også lagt til grunn i både norsk praksis og praksis frå EU-domstolen at for å omfattast av unntaket må tenestene frå underleverandøren sett under eitt vere vesentleg og spesifikk for den avgiftsunntatte aktiviteten. Vi viser her til Borgarting lagmannsrett i UTV-2014-155 (CSC) og ATP-saka.

Av Ot.prp.nr 2 (2000-2001) er det uttalt at unntaket for finansielle tenester må avgrensast mot tenester av administrativ, økonomisk og juridisk art, då slike tenester vil vere avgiftspliktig.

Som det går fram av den påklaga BFUen av 4. desember 2019, er spørsmålet såleis

  • om porteføljeforvaltingssystemet er vesentleg og spesifikt for A si aktivitet med forvalting av verdipapirfond og investeringsselskap, og samtidig
  • om porteføljeforvaltingssystemet i seg sjølv framstår som ei finansiell teneste.

Innsendar hevdar at porteføljeforvaltingssystemet er vesentleg og spesifikt for A si verksemd som forvaltar av fond og investeringsselskap. Tenestane kan ikkje brukast til nokon del av A si verksemd som gjeld anna enn forvalting av fond, alternative investeringsfond eller investeringsporteføljer.

I følgje innsendar utgjer systemet ei særskilt integrert finansiell teneste, med klare grensesnitt til A sine eigne tenesteleveranser.

I klage av 14. januar 2020 anførar innsendar at porteføljeforvaltingstenesta er kritisk for drifta av forvaltingsselskapet og vil bli brukt i alle delar av forvaltingsverksemda. AIle tilsette vil vere daglege brukarar av tenesta. Dei fleste vil bruke tenesta heile arbeidsdagen. I følge innsendar vil det ikkje vere mogeleg å gjennomføre oppgåvene som forvaltar av verdipapirfond/investeringsselskap utan tenestene.

Innsendar understreker at det er tale om ei rekke tenester som er ein nødvendig del av fondsforvaltinga og som tilfører særleg verdi for alle delar av denne. I følgje innsendar er ikkje dette ei ordinær teknisk teneste som eit vanleg kontorstøttesystem eller liknande.

Det er vidare av sentral betyding for verksemda at alle tenestene er samla i same system. Det er vanskeleg å oppfylle dei omfattande og aukande lovkrava til forvaltingsverksemda utan eit heilheitleg og integrert porteføljeforvaltingstenester. Dette inkluderer m.a. risikostyring, compliance, kundekontrollar (eignaheit, MiFID 0g AML), ved sida av rapportering til styresmaktene.

Innsendar viser vidare til at A ved bruken av tenesta vil ha ansvaret for at transaksjonane som blir lagt inn er korrekte, at transaksjonane blir gjort på rett grunnlag og blir korrekt registrert i [...], og kan heller ikkje avtale seg bort frå dette. Dette er i samsvar med internkontrollinstituttet at ein ikkje kan utkontrahere dette ansvaret. Tenesteleverandøren B vil ha ansvaret for at [...] korrekt bereknar, analyserer, samanstiller, avstemmer, kontrollerer og instruerer transaksjonane som blir lagt inn, og skal korrigere feil, mens A har eit ansvar for å avdekke feil.

I klagen blir det vist til at i praksis vil A registrere sine transaksjonar i [...]. På grunnlag av dette meiner innsendar at [...] leverer ei rekke automatiserte tenester for fondsforvalting, derunder berekning av andelsverdiar, risikoberekningar mv., som nemnt i lista i punkt 3 over. Det vesentlege av funksjonane vil vere programmerte og tidfesta i [...], dvs. heilt eller delvis automatiserte. A si oppgåve vil vere å følgje opp eventuelle avvik og feilrapportar som [...] leverer. [...] tenestene er vidare knytt opp mot ulike andre system som leverer data til [...…], som samanstiller desse for analyse og berekningsformål.

Innsendar hevdar etter dette at tenestene levert av B via [...] vil utgjere det største arbeidsomfanget av forvaltingstenestene A leverer. Dette gjeld til dømes compliancekontroll pre- og post-trade. [...] reknar på dagleg basis gjennom alle transaksjonar og behaldningar registrerte der og kontrollerer mot compliancereglar lagt inn i [...]. Tenesta frå B lagar så ein compliancerapport som blir lagt til complianceansvarleg. Complianceansvarleg går gjennom rapporten og avgjer handteringa av eventuelle avvik. A understreker at ein alternativt kunne ha gitt compliancereglar (eit mandat) til ein ekstern leverandør/person for kontroll og leveranse av ein avviksrapport, med same ansvarsdeling. A vil i begge tilfelle ha ansvar i høve mandatet/compliance og rapportering av avvik til Finanstilsynet.

Basert på opplysingane frå innsendar, forstår sekretariatet at tenestene er både nødvendig og avgjørande for at A skal kunne drive si finansielle verksemd.

Sekretariatet merkar her at sjølv om ein tenestekomponent er nødvendig for å gjennomføre ei finansiell teneste, medfører ikkje dette nødvendigvis at komponenten i seg sjølv blir sett på som ei finansiell teneste, jf. blant anna SDC-saka. Vi viser her til Merverdiavgiftshåndboken 15. utgåve 2019 s 277 der Skattedirektoratet skriv følgjande:

"Vilkaret er at de tjenestene som utføres utgjør en særskilt enhet og at de er vesentlige og spesifikke for forvaltning av investeringsforeninger (verdipapirfond) og investeringsselskaper. Retten bygger her på de hovedprinsipper som er lagt til grunn i sak C-2/95 (SDC-saken) om at unntakene for finansielle tjenester er artsbestemt og at det avgjørende er om de tjenestene som leveres i seg selv fremstar som en unntatt finansiell tjeneste."

Spørsmålet er om tenesta med å levere porteføljeforvaltingssystemet […] vil utgjere ei særskilt eining, og om dette i seg sjølv framstår som ei finansiell teneste. Nærare bestemt er spørsmålet om porteføljeforvaltingssystem isolert sett er å betrakte som "forvaltning av verdipapirfond" eller "forvaltning av investeringsselskap", jf. meirverdiavgiftslova § 3-6 bokstav f) og bokstav g).

I Finansdepartementets tolkingsuttale av 15. juni 2001 blir ulike formar for organisering av investeringsselskap omtalt, herunder forvaltinga, jf. kap. 5.2.

Når eit investeringsselskap inngår ei forvaltingsavtale med eit forvaltingsselskap, vil ei slik avtale normalt innebere at forvaltingsselskapet, mot vederlag, overfor investeringsselskapet tar på seg å identifisere investeringsobjekt til investeringsselskapas portefølje og gi råd om investeringar og portefølje. I nokre tilfelle vil forvaltingsselskapet også kunne ha fullmakt til å ta avgjerder om investeringar.

Slik sekretariatet ser det, vil det vere den aktive identifiseringa av investeringsobjekt og oppfølginga av porteføljen, med ei laupande tilknyting til investeringsselskapet eller porteføljen, som utgjer sjølve essensen og som kjenneteiknar den unntatte forvaltingstenesta. Tilsvarande vil forvalting av verdipapir kjenneteiknast ved at forvaltaren overvaker selskapet sin verdipapirportefølje og aktivitetar som er knytt til kjøp og sal av verdipapir.

Slik sekretariatet forstår tenestene som skal blir levert av B, slik dei er omtalt av innsendar, vil ikkje B utføre dette aktive oppfølgingsarbeidet som er særskilt for forvaltingstenestene. Dette arbeidet er det A som utfører.

Sekretariatet er einig med skattekontoret si vurdering om det heller ikkje går fram av avtalane i saka at B på sjølvstendig grunnlag leverar noko finansiell teneste. Etter vår vurdering framstår derimot tenestene frå B å vere av støttande teknisk karakter. Vi viser her spesielt til korleis tenestene blir beskriven i avtalen SCHEDULE 1: [...] SOFTWARE SERVICE, GENERAL TERMS AND CONDITIONS (“TERMS”) som "[...] software services":

"[...]” means software as a service delivered via data networks enabling the Customer to use the designed end user functionalities of the System".

I likskap med skattekontoret, kan ikkje sekretariatet sjå at det går fram nokon stad i avtalane at B skal levere tenester som synast å ha karakter av å vere finansielle. Som skattekontoret, forstår også sekretariatet det slik at B ikkje utfører tenester som er knytt til forvalting av verdipapirfond eller investeringsselskap, men at det er A som gjer dette ved å leggje inn data/opplysningar og ved hjelp av automatiserte funksjonar i systemet. Ut frå avtalen synast ikkje tenestene frå B å ha karakter av å vere finansielle.

Sekretariatet si vurdering av avtalen er at B ikkje er underleverandør av finansielle tenester, men leverandør av ei teknisk løysing, og at desse tenestene er avgiftspliktige ved omsetning i meirverdiavgiftsområdet, jf. meirverdiavgiftslova § 3-1.

A vil såleis vere pliktig til å berekne meirverdiavgifts ved snudd avrekning ved kjøp av porteføljesystemet [...] frå B, jf. meirverdiavgiftslova § 11-3, jf. § 3-30.

Sekretariatets vurdering av innsendars merknader til innstilling

Innsendar har i brev av 17. april 2020 gitt merknader til sekretariatets utkast til innstilling. Sekretariatet kan ikkje sjå at innsendars merknader endrar sekretariatet si vurdering.

Sekretariatet er ikkje ueinig med innsendar at tenestane som B leverar framstår som nødvendige for innsendars forvaltingsverksemd.

Sekretariatet er likevel av den oppfatning at det er et krav om at tenester som ytes frå underleverandør isolert sett må ha karakter av å vere ei finansiell teneste (og samtidig utgjere eit særskilt, spesifikt og vesentleg element av den unntatte finansielle tenesta).

Sekretariatet viser her til lovens forarbeider, Ot.prp. nr. 2 (2000-2001) der det blir presisert at:

"Unntaket for de finansielle tjenestene vil måtte avgrenses mot tjenester som kan sies å være rene tjenester av administrativ, økonomisk og juridisk art "

Sekretariatet er av den oppfatning at førearbeida framleis er av stor rettskjeldemessig verdi, og at ein ut frå dette ikkje kan sjå på tenester som unntatt etter meirverdiavgiftslova § 3-6 i den grad dei kun er av støttande og teknisk karakter.

Sekretariatet merkar at det går fram av premiss 70 og 71 i Abbey National-saka, som innsendar visar til, at retten har bygd si avgjerd på dei prinsipp som er lagt til grunn i SDC-saka. Det blir av retten vist direkte til premiss 66 i SDC-saka.

I SDC saka premiss 66 fråmgår følgjande:

"En betingelse for, at de ydelser, en datacentral leverer, kan betegnes som fritagne transaktioner som omhandlet i artikel 13, punkt B, litra d), nr. 3 og 5, er, at ydelserne, set under ét, udgoer en saerskilt helhed, der opfylder de specifikke og vaesentlige funktioner for en ydelse som beskrevet ovennaevnte numre. For saa vidt angaar »en transaktion vedroerende overfoersler« skal de leverede ydelser saaledes medfoere, at der overfoeres beloeb, og at der indtraeder retlige og oekonomiske aendringer. Der maa sondres mellem den fritagne tjenesteydelse i direktivets forstand og den blotte levering af en faktisk eller teknisk tjenesteydelse, som f.eks. at et databehandlingssystem stilles til pengeinstituttets raadighed. I denne forbindelse maa den nationale ret navnlig undersoege omfanget af datacentralens ansvar over for pengeinstitutterne, herunder spoergsmaalet om, hvorvidt dette ansvar kun omfatter tekniske aspekter, eller om det ogsaa omfatter transaktionernes specifikke og vaesentlige elementer " [sekretariatet si utheving]

Slik sekretariatet les dommen, vil det vere avgjerande om den innkjøpte tenesta i seg sjølv utgjer ei finansiell teneste.

I merknadsbrevet av 17. april 2020 held innsendar fram at tenesta frå B gir forvalter beslutningsgrunnlag, derunder data og analyser, for kva for posisjonar som skal behaldast, og kan eller bør skiftast ut. Systemet gir også grunnlag for å avgjere kva eigenskapar eventuelle nye investeringar i porteføljen skal ha. Det er likevel til sist A som forvaltar som avgjer kva investeringar som blir realiserte, men avgjerda er tungt basert på analyser, samanstilling av data og simuleringar utførte av [...]-tenesta.

Vidare beskriv innsendar [...] som ei kraftig og avansert porteføljeteneste som er basert på utvikling og spesialtilpassingar gjort for innsendar. Tenesta frå B bidrar med avgjerdsgrunnlag for heile porteføljeforvaltingsprosessen og bidrar med analyser og kritisk avgjerdsgrunnlag for forvaltarens daglege vurderingar både av avkastning og risiko.

Slik sekretariatet forstår tenestene, vil dei aktuelle leveransane vere nødvendige for innsendar for å utføre sitt forvaltingsarbeid. Sekretariatet forstår at tenestane frå B er avanserte og spesialtilpassa innsendars forvaltingsverksemd. Likevel ber tenestene preg av å kun vere av støttande teknisk karakter. Etter sekretariatets vurdering er tenestene frå B difor ikkje av ein slik karakter at dei i seg sjølv framstår som ei unntatt finansiell teneste.

Sekretariatet held med dette fast på at tenestene etter ei konkret vurdering og sett under eitt ikkje kan bli sett på som ei unntatt finansiell teneste etter meirverdiavgiftslova § 3-6 bokstav f eller bokstav g. Vi viser elles til drøfting ovenfor, samt til Skattekontorets bindande førehanduttalle av 4. desember 2019 og utgreiing til sekretariatet.

Sekretariatet sitt forslag til uttale

Klage blir ikkje tatt til følgje.

Saksprotokoll i Skatteklagenemnda Stor avdeling 01 – 27.05.2020


Til stades:

                        Skatteklagenemnda

                        Gudrun Bugge Andvord, leiar

                        Benn Folkvord, nestleiar

                        Elin Backer-Grøndahl, medlem

                        Olav A. Nyhus, medlem

                        Bjørn Slåtta, medlem                 

Skatteklagenemndas handsaming av saka:

Nemndas medlemer slutta seg til sekretariatet si innstilling.

K o n k l u s j o n:

Klagen blir ikkje tatt til følgje.