Pressemelding

I dag blir dei første skattemeldingane sende ut – 70 prosent ligg an til å få att pengar

  • Publisert:

Frå og med i dag byrjar Skatteetaten å sende ut skattemeldingane til om lag 5,1 millionar lønnstakarar, pensjonistar og enkeltpersonføretak. Dei førebelse tala viser at 2,7 millionar ligg an til å få skatt til gode.

– Skattemeldinga blir send ut puljevis mellom 7. mars og 22. mars. Alle får ikkje skattemeldinga samtidig. Du får beskjed frå oss når skattemeldinga di er klar, og du treng ikkje å logge deg inn på skatteetaten.no før du får beskjed, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.  

Sjølv om Skatteetaten har henta inn og fylt ut mange opplysningar på førehand, er det framleis ditt ansvar å gjere skattemeldinga heilt ferdig. 

- Skatteetaten har mykje informasjon, men vi veit ikkje alt. Det kan vere feil eller manglande opplysningar i skattemeldinga som du sjølv må føre inn. Derfor må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga er rette og eventuelt gjere endringar før du leverer, seier Schanke Funnemark.  

7 av 10 ligg an til å få att pengar på skatten  

Dei førebelse tala viser at 2,7 millionar personar ligg an til å få skatt til gode. I gjennomsnitt blir dette 17 200 kroner per person, og til saman er det 46,1 milliardar kroner.  

1,2 millionar personar ligg an til å få restskatt på til saman 40,4 milliardar kroner. I gjennomsnitt blir dette 34 500 kroner per person. 

I fjor viste dei same tala at 2,9 millionar personar i snitt fekk att 15 400 kroner, og at 900 000 personar i snitt fekk 29 900 kroner i restskatt. 

Kan vere lønnsamt å sjekke 

Tala frå skattemeldinga og skatteoppgjeret i fjor viser at mange har noko å tene på å sjekke skattemeldinga. Då skattemeldinga vart send ut i mars 2023, var det 2,9 millionar personar som låg an til å få skatt til gode. Etter at skattemeldingane var behandla og alle skatteoppgjera var sende ut, hadde talet auka til 3,2 millionar. 

Likeins fekk færre restskatt då skatteoppgjeret var klart. Då skattemeldinga vart send ut, låg 900 000 personar an til å få restskatt. Etter at folk hadde sjekka og levert skattemeldingane sine, var talet på dei som fekk restskatt redusert til 740 000.  

Tala viser at folk gjorde endringar i skattemeldinga som førte til at dei skulle betale mindre skatt. Det kan til dømes vere at dei fylte inn opplysningar som ikkje var utfylte på førehand, eller at dei gjorde andre endringar i skattemeldinga.  

Dette bør du sjekke: 

  • Opplysningar om inntekt, formue, bustad og lån er førehandsutfylte i skattemeldinga di. Sjekk at tala stemmer. 
  • Er du usikker på om du har rett til eit frådrag? Bruk skatteetaten.no/fradragsveileder. 
  • Har du selt eller leigd ut bustad? Det kan vere skattepliktig, og du kan ha krav på frådrag. Sjekk skatteetaten.no/bolig. 
  • Er det noko som manglar? Du må sjølv leggje til mellom anna kryptovaluta, lån i utlandet og private lån. 

Nytt i år 

I år blir lån og renter på lån fordelte likt i skattemeldinga mellom dei som har lån saman med andre. Det vil seie at dersom du og ektefellen din eller sambuaren din begge er ansvarlege for bustadlånet, vil lånet vere fordelt med 50 prosent kvar i skattemeldingane dykkar. Er de tre som har lån saman, får kvar av dykk 33,3 prosent, og så frametter. Det same gjeld for rentene. De kan sjølve endre fordelinga dersom ho er feil. 
 
Alle som har lån saman med andre bør sjekke at fordelinga i skattemeldinga er rett. Dersom de skal ha ei anna fordeling, kan de endre sjølve i skattemeldinga. Alle som er ansvarlege for lånet må endre prosentdelen i skattemeldinga si, slik at det til saman blir 100 prosent. 
 
Nokre har fått hjelp av foreldre for å komme inn på bustadmarknaden. Når foreldre står som medlåntakarar, vil dei få lånet i skattemeldinga si. Dersom dei ikkje skal ha lånet i skattemeldinga si, kan dei endre andelen sin til 0 prosent. Då må barnet auke andelen sin til 100 prosent, slik at summen av andelane blir 100 prosent. 
 
Du finn meir informasjon om fordeling av lån og renter på våre nettsider

Når kjem skattepengane?  

Dei fleste får skatteoppgjeret før juli, medan andre må vente til hausten. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart.  

Dersom du ikkje leverer skattemeldinga innan fristen, eller du har restskatt, får du skatteoppgjeret ditt tidlegast i juni. Ektefellar får skatteoppgjeret samtidig, så dersom ektefellen din ikkje leverer, eller får restskatt, må du også vente til tidlegast juni.  

Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, verken på telefon eller i andre kanalar. Du får beskjed på e-post eller sms når skatteoppgjeret ditt er klart. 

– Det kan vere fleire grunnar til at nokon får skatteoppgjeret seinare enn andre. Vi kan ikkje seie noko om kvifor akkurat du ikkje har fått ditt, men det kan vere alt frå at du har ei komplisert skattemelding til at du er tatt ut til ein tilfeldig kontroll, seier Nina Schanke Funnemark.  

Får du restskatt, treng du ikkje betale før etter sommaren. Du får ein faktura i god tid før betalingsfristen.  

Les meir om skatteoppgjeret

Praktisk informasjon om skattemeldinga 

Skattemeldinga blir send ut på ulike dagar mellom 7. og 22. mars. Vi sender deg ein e-post eller sms når du kan sjekke di. Skattemeldinga på papir blir også send ut mellom 7. og 22. mars.  

Sjølv om du får skattemeldinga på papir, kan du velje å logge deg inn på skatteetaten.no for å sjå og levere skattemeldinga di.  

Har du spørsmål om skattemeldinga, kan du kontakte oss via skatteetaten.no/kontakt. Du finn også oppdatert informasjon og rettleiing på skatteetaten.no. 

Fristen for å levere er som før: 30. april for lønnstakarar og pensjonistar og 31. mai for næringsdrivande. 

 Viktig milepåle for næringslivet 

I år skal også alle norske selskap, kring 400 000 totalt, levere ny skattemelding. Den nye skattemeldinga for næringslivet har vorte lansert stegvis dei siste fire åra. Selskapa skal fylle ut og sende inn skattemeldinga/selskapsmeldinga og næringsspesifikasjonen gjennom eit rekneskapssystem eller årsoppgjersprogram. 

Dersom du har eit enkeltpersonføretak, kan du i dei aller fleste tilfella framleis levere skattemeldinga utan å ha eit rekneskapssystem eller årsoppgjersprogram. Alle næringsdrivande med enkeltpersonføretak får skattemeldinga si i løpet av mars. 

Med den nye skattemeldinga forsvinn omlag 60 skjema med til saman 6 500 felt for godt. No er det ikkje lenger mogleg å bruke dei gamle skjemaa i Altinn. 
 

Vedlegg