Viktig informasjon

Denne siden er ikke tilgjengelig på bokmål.

Pressemelding

Lønnsamt å sjekka skattemeldinga – fleire fekk pengar igjen

  • Publisert:

Skatteoppgjeret for inntektsåret 2023 er no sendt ut til personar og bedrifter, og tala viser at fleire fekk pengar til gode og færre fekk restskatt etter å ha sjekka skattemeldinga. Til saman vart det betalt over 1 297 milliardar kroner i skatt i 2023.

Skattedirektør Nina Schanke Funnemark
Skattedirektør Nina Schanke Funnemark

Då skattemeldingane vart sende ut i vår til 5,1 millionar lønnstakarar, pensjonistar og enkeltpersonføretak, låg 2,7 millionar av dei an til å få pengar til gode. I slutten av november vart det siste skatteoppgjeret klart, og tala viser då at 3 millionar fekk pengar til gode.

Samstundes viser tala at 1,2 millionar låg an til å få restskatt etter at skattemeldinga vart send ut i mars. Dette talet vart redusert til 840 000 då alle skatteoppgjera var klare.

– Tala viser at det er viktig å gå gjennom skattemeldinga. Me har over tid sett at fleire sjekkar skattemeldinga si og gjer nødvendige endringar. Det kan til dømes vera at dei har fylt inn opplysningar som ikkje var utfylte på førehand, eller at dei har gjort andre endringar i skattemeldinga, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Då skattemeldingane vart sende ut, låg nordmenn an til å få 46 milliardar kroner i skatt til gode. Dette auka til 49 milliardar etter at skatteoppgjera var klare. Den samla restskatten vart redusert frå 40 til 29 milliardar.

Sjå nøkkeltal for alle kommunar på skatteetaten.no/nokkeltall 

Flest fekk pengar igjen

Skatteoppgjeret viser at dei kring 3 millionane av lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande som fekk skatt til gode, i gjennomsnitt fekk 16 400 kroner tilbake.

Dei som hadde restskatt måtte til saman betala 28,8 milliardar, noko som i gjennomsnitt vert 34 184 kroner.

Tala viser også at lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande til saman har betalt 685 milliardar kroner i skatt og avgift på inntekt og formue. Selskapa har til saman betalt 147 milliardar i skatt. I tillegg til dette kjem petroleumsskatt på i overkant av 465 milliardar kroner.

Totalt vart det dermed betalt inn 1 297 milliardar i skatt for inntektsåret 2023. Til samanlikning var beløpet over 1 700 milliardar kroner i skatt for inntektsåret 2022.

– Totalsummen er lågare enn i 2022, noko som kjem av at petroleumsskatten var lågare. Trass i nedgangen frå 2022, er petroleumsskatten for 2023 den nest høgaste nokon gong. Årsaka til den høge petroleumsskatten for 2023 var dei høge olje- og gassprisane og den svake norske kronekursen. Men prisane var lågare enn i rekordåret 2022, seier Schanke Funnemark.

No kan du søkja i skattelistene

Skattelistene på skatteetaten.no for inntektsåret 2023 vart opna for søk frå klokka 05:00 onsdag 4. desember.

For å søkja i skattelistene må du logga deg inn på nettsida til Skatteetaten.

Søkja er ikkje anonyme, og det vert loggført kven du har søkt på i skattelistene. Det vil seia at dei du søkjer på kan sjå at du har søkt på dei, og du kan også sjå kven som har søkt på deg.

Skattedirektøren seier at interessa framleis er stor for skattelistene. 

– Tala våre viser at det framleis er godt over éin million som loggar seg inn på skatteetaten.no for å sjekka skattelistene. Og interessa er særleg stor for å sjekka kven som har søkt på sine eigne skatteopplysningar. Det var det over 400 000 som gjorde i fjor, noko som er ein kraftig auke frå året før, fortel skattedirektøren.

Den norske praksisen med offentlege lister over den skattbare inntekta og formuen til enkeltpersonar, og kva dei betaler i skatt, går langt tilbake. Skattelistene har eksistert sidan 1600-talet, og heilt sidan kring 1660 er det dokumentert at det vart slått opp oversikter på offentlege stader i byane over kva styresmaktene meinte at kvar enkelt skattytar skulle betala i skatt.

— Det er eit politisk val at skattelistene er opne. I Noreg har me generelt høg tillit til styresmaktene og skattesystemet. Openheit er ein av grunnsteinane i det norske samfunnet, og skattelistene har historisk sett vore ein del av dette, fortel skattedirektør Nina Schanke Funnemark. 

Du kan framleis endra skattemeldinga

Skulle du oppdaga feil i skatteoppgjeret eller i skattelistene, kan du framleis i dei fleste tilfella endra det sjølv slik at Skatteetaten kan retta opp opplysningane, rekna ut skatten på nytt og senda deg eit nytt skatteoppgjer.

Sjå rettleiaren som hjelper deg å endra skatteopplysningar sjølv: skatteetaten.no/klage

Skatteetaten kan òg gjera endringar i inntil fem år etter fristen for å levera skattemeldinga. Denne fristen er ti år dersom feila er så grove at den skattepliktige til dømes får skjerpa tilleggsskatt.

Hovudtal frå skatteoppgjera 2020-2023

  2023 2022 2021 2020
Betalt skatt        
Personar 685 mrd. 655 mrd. 637 mrd. 563 mrd.
Selskaper (unntatt oljeskatt) 147 mrd. 164 mrd. 121 mrd. 58 mrd.
Oljeskatt 465 mrd. 882,7 mrd. 299,2 mrd. -21,4 mrd.
         
Skatt til gode        
Personar 3 000 000 3 200 000 3 000 000 2 900 000
Totalt beløp 49 mrd. 42 mrd. 34 mrd. 37 mrd.
Gjennomsnitt 16 300 kr 12 900 kr 11 300 kr 12 500 kr
         
Restskatt        
Personar 840 000 740 000 920 000 1 000 000
Totalt beløp 28,8 mrd. 28 mrd. 42,9 mrd. 34 mrd.
Gjennomsnitt 34 200 kr 37 900 kr 46 600 kr 34 300 kr