Pressemelding

Stor auke i planlagde bryllaup

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Ferske tal frå Skatteetaten viser at talet på utferda prøvingsattestar har auka med nesten 30 prosent hittil i år, samanlikna med før pandemien. Etaten har gode råd om kva de bør hugse på når de skal gifte dykk.

Når de skal gifte dykk, treng de ein prøvingsattest. Prøvingsattesten viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, til dømes at ingen av dykk er gift frå før. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader, og det er Skatteetaten som utferdar han.

Viss de skal gifte dykk i sommar, byrjar det å haste med å sende inn søknad om prøvingsattest.
28 prosent auke frå 2019

To år med koronautsette bryllaup viser seg no i tala. Samanliknar vi talet på prøvingsattestar som vart utferda i 2019 med i år, er auken tydeleg: I perioden januar til mai 2022 har det blitt utferda 28 prosent fleire prøvingsattestar samanlikna med same periode i 2019.

– Vi har sett ein jamn auke dei siste månadene, men det er klart at sommaren er høgsesong for bryllaup og det kjem ekstra mange søknader no. Vi ventar at søknadstala på prøvingsattestar vil auke endå meir, seier Elin Imsland, direktør i Folkeregisteret.

Hugs å søkje om prøvingsattest i passe god tid
Det store talet på søknader om prøvingsattestar gjer at behandlingstida kan bli noko lengre enn vanleg.
– Mange av søknadene om prøvingsattest blir behandla digitalt, og då får de ein klar prøvingsattest med ein gong. Men i nokre tilfelle treng vi meir dokumentasjon, og då vil det ta lengre tid, seier Imsland.
Det kan vere i tilfelle der ein eller begge har vore gift tidlegare, eller viss ikkje begge er norske statsborgarar.

– På grunn av ekstra stor pågang no, kan det ta mellom fem og seks veker frå de sender søknaden om prøvingsattest til han er klar viss søknaden skal behandlast manuelt, seier Imsland.

Sidan attesten er gyldig i fire månader frå han blir utferda, er det viktig å ikkje søkje for tidleg heller.
Den ferdige prøvingsattesten blir send til innboksen i Altinn, og de må sende han vidare til vigslar før bryllaupet. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader.

Søk om prøvingsattest her.

Ha med legitimasjon på bryllaupsdagen
På sjølve bryllaupsdagen må de ha med legitimasjon for at vigslar skal kunne sjekke at informasjonen i vigselmeldinga stemmer.
Etter bryllaupet sender vigslar ei stadfesting på vigselen til Skatteetaten, og de får ei stadfesting på registrert vigsel i innboksen i Altinn.

Rettleiing på skatteetaten.no
Hugs at giftarmål også kan påverke skatten dykkar. I praksis inneber dette at ektefellar blir skattlagde saman for samla formue. Inntekta blir de skattlagd for kvar for dykk.

Les meir om det på skatteetaten.no. Der finn de også kontaktinformasjon, og de kan stille spørsmål mellom anna på chat.
Her finn de vår steg-for-steg-guide om vegen til ekteskapet: skatteetaten.no/gift.