Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Pressemelding

Svindlarane prøver seg igjen: — Vi sender ikkje lenker

  • Publisert:

No er svindlarane igjen i gang med å prøve å lure nordmenn ved å utgi seg for å vere Skatteetaten. Kvart år når det nærmar seg tid for skattemeldinga, byrjar merkelege e-postar å florere. Med falske løfter om pengar til gode og med logo og avsendar som gjer det lett å tru at Skatteetaten er avsendar.

Men Skatteetaten åtvarar:

— Vi sender ikkje lenker på e-post eller sms, og vi spør ikkje etter bank- eller kredittkortopplysningar via desse kanalane. Du mottek ein e-post frå Skatteetaten når skattemeldinga er klar, og blir bede om å sjølv oppsøkje våre nettsider og logge inn der.

— Vi opplever årleg at skattytarar blir utsette for mange store phishingbølgjer på viktige skattedatoar, oftast gjennom e-postar med føremål å lure mottakarane til å klikke på lenker og gi frå seg sensitiv informasjon som seinare kan brukast til svindel eller ID-tjuveri, seier direktør for tryggleiksstaben i Skatteetaten, Ragna Fossen.

– Pishingforsøk aukar i omfang i Noreg og globalt, men heldigvis har befolkninga generelt sett blitt meir bevisste og skeptiske, og dei har fått meir kompetanse på området. Likevel endrar òg svindlarane taktikk, og mange blir framleis lurte til å klikke på lenker, seier tryggleiksdirektøren.

Skatteetaten melder som regel phishing- og svindelforsøk der Skatteetaten blir brukt som avsendar, til politiet, men først og fremst er det mottakarane som må vere observante, slik at dei ikkje blir lurte.

Sikkerhetssjefen - phishing - pressemelding.jpg

— Vi opplever årleg at skattytarar blir utsette for mange store phishingbølgjer på viktige skattedatoar, oftast gjennom e-postar med føremål å lure mottakarane til å klikke på lenker og gi frå seg sensitiv informasjon som seinare kan brukast til svindel eller ID-tjuveri, seier direktør for tryggleiksstaben i Skatteetaten, Ragna Fossen. (Foto: Andreas Vatnøy, Skatteetaten)

Tips frå Skatteetaten til kva du kan gjere for å hindre at du blir lurt:

  1. Sjå nøye på e-postar og sms'ar du får. Ver kritisk når du vurderer e-posten eller sms'en. Sjekk avsendaren og tenk over om dette kan vere rett. Sunn skepsis er aldri feil.
  2. Samanlikn e-postadressa med tidlegare ekte e-postar/sms'ar. Sjå særleg etter falsk avsendaradresse, dårleg språk og stavefeil. Dei kriminelle blir stadig flinkare til å herme.
  3. Ver særleg merksam dersom du i ein e-post/sms blir bedt om å oppgi sensitive opplysningar som kontonummer eller tryggleikskodar.
  4. Ikkje opne vedlegg frå ukjende personar, klikk ikkje på lenkjer ukritisk og skriv sjølv inn internettadresser i nettlesaren.
  5. Særleg på mobilen kan det vere freistande å klikke på ei lenkje i farten, ikkje gjer det.
  6. Dersom du er i tvil, må du dobbeltsjekke med den rette avsendaren på til dømes Skatteetaten.no eller ringje oss på 800 80 000.

Dersom du vil ha eksempel på phishing, kan du sjå her.