Pressemelding

Høgare rente kan gje lågare skatt - sjekk skattekortet for 2023 no

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Skjer det store endringar i livet ditt? Då bør du endre skattekortet ditt for å unngå å betale for mykje skatt. I 2023 kan dette bli ekstra viktig. 

Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten

Torsdag 15. desember får du tilgang til skattekortet ditt på Min side på skatteetaten.no. Der kan du sjå kva Skatteetaten har rekna ut at du skal betale i skatt i 2023.  

  Vi lagar eit estimat på kva den enkelte kjem til å tene i løpet av 2023, korleis dei viktigaste frådraga dine endrar seg og reknar ut skatten basert på denne informasjonen. Men det er viktig å vite at vi baserer oss på tal frå 2021  og at skattekortet du får no ikkje nødvendigvis er ein fasit. For mange kan privatøkonomien ha endra seg det siste året, og difor er det ekstra viktig å sjekke at opplysingane er korrekte og korrigere eventuelle feil, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.  

Sjølv om Skatteetaten veit mykje om den økonomiske situasjonen din, veit vi ikkje alt, og du er sjølv ansvarleg for at det som står i skattekortet er riktig.  

Livshendingar kan påverke skatten 

Dei siste åra har det vore store endringar i økonomien på grunn av pandemi, krig og rentehevingar.  

– Mykje er usikkert før 2023, ikkje minst gjeld det privatøkonomien din. Ein viktig hugseregel er at alt som påverkar privatøkonomien din vil kunne påverke skattetrekket. Det er betre å sjå over tala i skattekortet ein gang for mykje og gjere eventuelle endringar slik at opplysingane er riktige, forklarar Gjengedal. 

Men det er ikkje berre inntekta di som har noko å seie for kor mykje du skal betale i skatt. Endring i familiesituasjon, flytting, ny jobb, at du har blitt arbeidslaus eller at du tek utdanning kan også påverke skatten. 

– Vi ser ofte at større livsendringar gjer at det er behov for å justere opplysningane i skattekortet. Det å gå frå å vere student til å arbeide eller det å bli pensjonist har stor innverknad på både privatøkonomi og skatt, seier Gjengedal. 

Når livet endrar seg, vil ofte også skatten endrast – Skatteetaten 

Dersom opplysingane i skattekortet ditt er feil, kan konsekvensane vere at du betalar for mykje skatt eller at du må betale restskatt.  

Slik justerer du  

Inne på Min side på skatteetaten.no kan du sjå og endre skattekortet ditt. Då ser du straks korleis skattetrekket ditt blir påverka når du endrar opplysingar. Du kan justere skattetrekket gjennom heile året.  

Bestille, sjå eller endre skattekortet – Skatteetaten 

På bakgrunn av endringane lagar vi eit nytt skattekort til deg.  

Du treng ikkje gjere noko etter at du har sendt inn endringane. Vi ordnar eit nytt skattekort til deg, og arbeidsgjevar, Nav og andre hentar dette direkte frå Skatteetaten, fortel Gjengedal.  

Frikort 

Dersom inntekta di ikkje overstig 70 000 kroner i 2023, skal det ikkje trekkast skatt og du kan bestille frikort. Hadde du frikort i fjor, treng du ikkje bestille nytt no.

For å unngå restskatt tilrår vi at du bestiller skattekort dersom du trur at du kjem til å tene meir enn 70 000 kroner i 2023.  

Har du spørsmål finn du informasjon på skatteetaten.no/skattekort 

Du kan ta kontakt med Skatteetaten på chat, telefon eller på Facebook.