Pressemelding

Høgare rente kan gje lågare skatt – du bør sjekke skattekortet ditt

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Den kraftige renteauken kan gjere at mange betalar for mykje skatt i år. – Alle som er påverka av renteauken, bør sjekke skattekortet sitt nøye, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.

Når banken set opp renta på bustadlånet ditt, vil du få høgare frådrag i skatteoppgjeret ditt. Det betyr at fleire kan ligge an til å få pengar til gode på skatten neste år. Justerer du skattekortet ditt i haust, vil du allereie i år kunne få litt meir å rutte med.

– Skattekortet du fekk i desember i fjor seier kva du skal betale i skatt, og er basert på eit estimat over inntekta di og frådraga dine det komande året. Difor bør du alltid sjekke at opplysingane i skattekortet er riktige, oppfordrar Marta Johanne Gjengedal.

– I tillegg kan privatøkonomien endre seg i løpet av året. Til dømes no, når renta endrar seg mykje, er det ekstra viktig å sjå om du treng å endre skattekortet, seier Gjengedal.

Slik justerer du

Når du får rentebrev frå banken, er det difor lurt å sjå over skattekortet og vurdere om du skal justere skattetrekket. Det gjer du på Mi side på skatteetaten.no. Der ser du straks korleis skattetrekket ditt blir påverka når du endrar opplysingar.

Bestille, sjå eller endre skattekortet - Skatteetaten

På bakgrunn av endringane dine lagar vi eit nytt skattekort til deg.

– Du treng ikkje gjere noko etter at du har sendt inn endringane. Vi ordnar eit nytt skattekort til deg, og arbeidsgjevar, NAV og andre hentar dette direkte frå Skatteetaten, seier Gjengedal.

Endring i livssituasjon kan påverke skatten

Andre vanlige endringar som fører til at du kanskje må betale meir eller mindre i skatt, er endra familiesituasjon, flytting, ny jobb, at du har blitt arbeidslaus eller at du tek utdanning. Dei siste åra har det også vore store endringar i økonomien på grunn av pandemi og krig. Dette kan ha konsekvensar for privatøkonomien din.

Når livet endrar seg, vil ofte også skatten endrast - Skatteetaten

Dersom opplysingane i skattekortet ditt er feil, kan konsekvensane vere at du betalar for mykje skatt, eller at du må betale restskatt.

Les pressemeldingen på bokmål