Pressemelding

Unngå feil i skattemeldinga, kontroller årsoppgåvene no

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Ta deg tid no til å kontrollere at opplysningane i oppgåvene stemmer. Då slepp du å rette feil når skattemeldinga kjem i april.

I desse dagar skal du ha fått tilsendt ei samanstilling av inntekter og skattetrekk frå arbeidsgivarar og andre som betalte deg lønn eller pensjon i fjor. Du skal i tillegg ha fått årsoppgåver frå til dømes bank, forsikringsselskap og barnehage. Opplysningane i årsoppgåva skal vere dei same som er rapporterte til Skatteetaten.

- Det er viktig at du allereie no kontrollerer at opplysningane i årsoppgåvene stemmer. Grunnen til det er at opplysningar frå årsoppgåvene blir fylte ut på førehand i skattemeldinga. Feil i årsoppgåvene fører òg til feil i skattemeldinga, seier pressesjef i Skatteetaten Merete Bergeland Jebsen.

Årsoppgåvene kan du få tilsendt per brev, e-post, i nettbanken eller i ein digital postkasse. Du kan òg i somme tilfelle få melding om at du må logge deg inn på nettsida til avsendaren for å lese årsoppgåva der.

Kontroller kva arbeidsgivar har rapportert

Arbeidsgivaren din skal no ha rapportert opplysningar om inntektene, frådraga og trekka dine i 2017, til Skatteetaten. Kva som er rapportert inn på deg kan du sjølv kontrollere i innsynstenesta Mine inntekter og arbeidsforhold. Du skal òg ha teke imot ei samanstilling frå arbeidsgivaren din. Det kan hende du må logge deg inn og hente samanstillinga sjølv, på same måte som du hentar lønnsslippen din.

Meld frå om du oppdagar feil

Opplysningar frå årsoppgåver er fylte ut på førehand i skattemeldinga di og blir nytta som grunnlag for å berekne skatt.

- Dersom du oppdagar feil bør du raskt melde frå til dei som har sendt deg årsoppgåver og be dei rette opp og sende korrigerte opplysningar til Skatteetaten, seier Jebsen. Endringar kjem med på skattemeldinga dersom Skatteetaten får dei tilsendt innan 1. mars. 

Døme på aktuelle årsoppgåver

  • Samanstilling av inntekter og forskotstrekk frå arbeidsgivar
  • Årsoppgåve frå burettslag/bustadaksjeselskap/bustadsameige
  • Pensjonsoppgåve frå trygdeutbetalarar
  • Årsoppgåve frå bankar
  • Årsoppgåve frå forvaltningsselskapet med oversikt over behaldning og realisasjon av verdipapir
  • Årsoppgåve frå forsikringsselskap
  • Årsoppgåve frå barnehage eller skulefritidsordning
  • Årsoppgåve over gåver du har gitt til frivillige organisasjonar eller til forsking/yrkesopplæring

Les meir  her.

Bli elektronisk brukar

Dei aller fleste lønnstakarar og pensjonistar, og alle næringsdrivande, får tilsendt skattemeldinga elektronisk. Det er mange fordelar ved å vere elektronisk brukar. Vi varslar deg til dømes på e-post eller sms når du får informasjon frå oss.

Dersom du ikkje er elektronisk brukar, kan du lese meir om fordelane ved å vere det her: skatteetaten.no/ebruker.

Fristen for å registrere deg som elektronisk brukar før skattemeldinga for inntektsåret 2017 blir laga, er 1. mars. Skattemeldinga er tilgjengeleg på skatteetaten.no frå 4. april.