Trekk i lønn, pensjon eller ytingar

Betaler du ikkje det du skuldar innan betalingsfristen, har Skatteetaten plikt til å forsøkje å få dekt kravet. Eit av verkemidla kan vere utleggstrekk, som betyr trekk i lønn, pensjon eller godtgjersle.

Trekk i lønn eller liknande

Utleggstrekk betyr at delar av lønna di, inntekter frå sjølvstendig næringsverksemd, ytingar frå NAV eller andre inntekter ikkje blir utbetalt til deg, men blir overført til Skatteetaten for å betale ned det du skuldar. Trekket er til vanleg ein bestemt prosent av lønna di, men det kan også vere eit fast beløp i månaden.

Arbeidsgivar har plikt til å trekkje deg, og kan gjerast ansvarleg ved manglande gjennomføring. Pengane blir trekt utan samtykket ditt.

Varsel om utleggstrekk

Før trekket startar får du i dei fleste tilfelle «Varsel om tvangsinnfordring og utleggstrekk» i posten. Betaler du ikkje det du skuldar innan 14 dagar, blir du trekt i neste utbetaling. I varselbrevet står det kor stort trekket er og kven som skal gjennomføre det.

Slik reknar vi ut utleggstrekket

Inntekter
– forskotstrekk
– utgifter til livsopphald
– buutgifter/bustadlån
– andre utgifter vi må ta omsyn til, for eksempel nødvendige medisinar
– trekk med betre prioritet
= rom for utleggstrekk til Skatteetaten

Vi trekkjer ikkje i barnetrygd, men ho blir rekna som inntekt når vi reknar kor stort trekket skal vere. Husstanden skal ha nok igjen til nødvendig livsopphald. Satsane til livsopphald er rekna ut for å dekkje utgifter til mat, drikke, klede, sko, straum, fyring, helse, hygiene, telefon, reiser og forsikring.

Utgifter til forbrukslån og studielån blir ikkje sett på som utgifter til nødvendig livsopphald, og vi tar i utgangspunktet ikkje omsyn til desse i vurderinga.

Prioritering av ulike trekk

Det er ei lovbestemt rekkjefølgje på kva krav som skal prioriterast ved utleggstrekk. Det er berre bidragskrav på lovbestemt forsørgjarplikt og erstatningskrav oppstått ved straffbar handling som har prioritet før skattekrav. Har du trekk med dårlegare prioritet, må dette stoppast til vi har gjennomført utleggstrekket vårt.

Dersom du meiner trekket er for høgt

Dersom du meiner at trekket er for høgt, kan du sende oss ein søknad om å endre eller stanse trekk i lønn eller pensjon.

Når vi mottar utfylt skjema, vurderer vi størrelsen på trekket på nytt. Ser vi at trekket er for høyt, sender vi arbeidsgiveren din et nytt og lavere trekk. Arbeidsgiveren din kan ikke trekke deg mindre før vi har gitt beskjed om dette.

Når trekket startar, blir det registrert i Lausøyreregisteret og du får ein betalingsmerknad. Dersom du betaler med ein gong du får varselet, slepp du betalingsmerknad.

Betalingsmerknaden er registrert så lenge utleggstrekket varer. Når utleggstrekket blir avslutta, får Lausøyreregisteret beskjed om dette. Betalingsmerknaden skal då slettast i registeret. Dette skjer normalt i løpet av 1 veke.

Dersom utleggstrekket er avslutta, men du framleis er registrert med betalingsmerknad, må du kontakte Lausøyreregisteret. Dersom Lausøyreregisteret ikkje har fått melding om at utleggstrekket er avslutta, og betalingsmerknaden skuldast utleggstrekket som Skatteetaten har lagt ned, må du kontakte oss.