Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.
2. Næringsoppgåve 1 (RF-1175) og næringsoppgåve 2 (RF-1167) med tilknytte skjema
Også for inntektsåret 2000 vil føretak som ikkje har full rekneskapsplikt etter rekneskapslova kunne velje å nytta næringsoppgåve 2 i staden for næringsoppgåve 1. Sjå nærare om føresetnader på side 1 i rettleiinga til næringsoppgåve 1 og 2.
For dei tilfella ektefellar skal dele overskot i einmannsføretak, jfr skattelova § 2-11 tredje ledd, er det laga eigne innfyllingsfelt for deling av postar mellom ektefellar nedst på side 2 i næringsoppgåve 1.
For dei føretak som går over frå full til avgrensa rekneskapsplikt (frå næringsoppgåve 2 til næringsoppgåve 1), er det på siste sida i rettleiinga til næringsoppgåve 1 forklart nærare om framgangsmåten.
I næringsoppgåve 1 post 2051, 2052 og 2053 er det satt inn plussforteikn i innfyllingsfelta. Det riktige er minusforteikn. Feilen gjeld berre bokmålsutgåva.
I næringsoppgåve 1 side 1, er det for postane 0110- 0150 satt inn feil dato over innfyllingsfelta. I staden for 31.12.1999 skal det stå 31.12.2000 og i staden for 1.1.1999 skal det stå 31.12.1999. Feilen gjeld berre nynorskutgåva.
I næringsoppgåve 1 på side 2 er det nedst på sida laga eigne kolonner for deling av inntekt mellom ektefellar. I felta til høgre for dei to innfyllingsfelta som skal nyttast til ektefellane sitt fødselsnummer, skulle det ha vore skravering. Desse feila gjeld både nynorsk- og bokmålsutgåva.
I næringsoppgåve 1 side 4, er det for postane 0400-0404 teken inn innfyllingsfelt for inntektsåra 1999 og 1998. Det skal berre vere innfyllingsfelt for inntektsåret 2000 (som kjem i staden for 1999). Feilen gjeld berre nynorskutgåva.
I rettleiinga til næringsoppgåve 1 på side 1 er det under "Spesifikasjon av varelager" siste avsnitt vist til at sum post 0150 skal førast over til post 1400. Riktig post skal være 1495. Feilen gjeld begge rettleiingane.
I første linje under "Post 4005 Varekostnad" viser ein til post 0240 side 1. Rett post skal vere 0250 side 1. Feilen gjeld begge rettleiingane.
Post 7350 "Representasjonskostnader (med frådragsrett)" er i rettleiinga til næringsoppgåve 1 (begge målføre) feilaktig kalla post 7397 Sals- og representasjonskostnader (med frådragsrett). Salskostnader skal ein føra i post 7330.
I nynorsk rettleiing er "Post 7535 Forsikringspremie" feil posttilvising. Rett post er 7500. Det same gjeld "Post 7795 Andre kostnader med frådragsrett". Rett post er 7700.
I post 1595 / 2275, langsiktige krav/lån i utanlandsk valuta, er det i rettleiinga til næringsoppgåve 1 vist til § 50 fjerde ledd i gamal skattelov. Riktig heimel er ny skattelov § 14-5 (5) a 1-3 og 14-5 (5) b. Feilen gjeld begge målføre.
Bruk av forteikn i næringsoppgåve 2 er forklart på side 2 i rettleiinga under avsnittet "Generelt om resultatrekneskap og balanse".
Avstemming av eigenkapital mm (RF-1052) Skjemaet har endra namn og heitte tidlegare "Omarbeiding av eigenkapital". Skjema er vesentleg endra og utvida. Postar på side 1 skal berre fyllast ut av aksjeselskap (as og asa), bankar, og finansieringsføretak m.m. Side 2 skal berre nyttast av einmannsføretak og deltakarlikna selskap.
Skjemaet skal også nyttast av rederiføretak som nyttar RF-1190 (aksjeselskap) eller som nyttar RF-1184 (deltakarlikna føretak).
Rettleiing til skjema "Avstemming av eigenkapitalen mm", RF-1052 er teken inn sist i rettleiinga til næringsoppgåve 2. RF-1052 skal leverast som vedlegg til næringsoppgåve 2.
Spesifikasjon av skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar (RF-1217) I skjemaet er det teke inn to nye postar. Det er post 165 "Andre skilnader" der ein skal føra opp skilnader som ikkje kan førast opp andre stader i skjema og post 182 som heiter "Grunnlag for utrekning av utsett skatt/utsett skattefordel". Det er også teke inn negativt forteikn i innfyllingsfelta i postane 53, 54, 70, 74, 130, 140, 145, 155, 160 i RF-1217.
På side 1 og 2 i rettleiinga til RF-1217 er feil i tala i døme 2 retta opp.
Avskrivingsskjema (RF- 1084) "Organisasjonsnummer" under "Rekneskapsførar" skal oppfattast som "Nummer i rekneskapsførarregisteret"
Post 120 har no fått tre linjer for saldo for "Forretningsbygg",som er nummererte frå 120 til 122, og ein ekstra rubrikk "Saldo nr."
I Rettleiinga: Under avsnittet "Gruppe b" er det en feil i skjemaet, da vi har gløymd å retta satsen i siste setningen til 20%.
Årsoppgåve for arbeidsgivaravgift - Følgjeskriv til lønns- og trekkoppgåver (RF 1025) Blanketten er frå og med inntektsåret 2000 delt. Den tidlegare baksida, "Kontrolloppstilling over bokførte og innberetta beløp", er skilt ut som eigen blankett, RF 1022. (sjå nedanfor).
På blanketten er det teke inn eit nytt felt for avkrossing av korleis arbeidsgiveravgifta er utrekna med omsyn til høg avgiftssats for visse næringar. (Stortingsvedtak 26. november 1999). Rettleiingstekst, fotnotar og merknadsfeltet er flytta til baksida.
Kontrolloppstilling over registrerte og melde beløp (RF-1022). Skjemaet skal fyllast ut av alle som pliktar å føre rekneskap etter lov eller etter føresegn gjeve i medhald av lov. Skattepliktige verksemder skal levere skjemaet som vedlegg til næringsoppgåva. Ikkje skattepliktige verksemnder, herunder offentlege etatar og institu-sjonar, skal levere skjemaet før utgangen av februar.
Skjemaet er i hovudsak ei vidareføring av baksida på RF-1025 (Årsoppgåve for arbeidsgivaravgift - Følgje-skriv til løns- og trekkoppgåver) for 1999. Formålet med skjemaet er å få greie på om det er samsvar mellom dei melde og dei registrerte lønnsutbetalingane. Skjemaet er betre tilpassa elektronisk avlevering. Sum kolonne 7 skal stemme med sum lønnsoppgåvepliktige ytingar under pkt 1. i RF-1025. Kolonne 8 er ny. Summen i denne kolonna skal stemme med arbeidsgivaravgiftspliktige ytingar under pkt 1 i RF-1025 (Sum avgiftssone 1-5).