Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

3. Skjema for utrekning av personinntekt (RF-1224)

  • Publisert:

Sumpost 1.3 er teken bort, då han var overflødig.

Under post 3.1, driftsmiddel som kan avskrivast, er det ein ny post "Driftsmiddel som blir avskrive lineært".

Postane 3.1 - 3.6 Verdsetjingsmetodane Eignelutar som frå inntektsåret 2000 kjem til på samlesaldo (verdsatt etter rekneskapsmessig verdi), skal verdsetjast til skattemessig verdi, jf endring av skattelova § 12-13 andre ledd bokstav d nr 2. Av "Rettleiing til utfylling av skjema for utrekning av personinntekt" (RF-1225) går det fram at verdsetjing på samlesaldo vil bli nærare regulert ved endring av forskrift. Finansdepartementet har no endra forskrift av 19. november 1999 § 12-13-10. Er det på saldo som i inntektsåret 1999 var verdsatt til rekneskapsmessig verdi, ført eignelutar som er erverva 1. januar 2000 eller seinare, skal dei nye eignelutane skilljast ut og verdsetjast som om dei hadde inngått i eigen saldo, jf. § 12-13-10 (2). Dei nye eignelutane skal dermed verdsetjast på grunnlag av kostprisen, og det skal gjerast avskrivningar, nedskrivning ved sal og andre korrigeringar som har samanheng med dei nye eignelutane etter dei allmenne reglane for saldoavskrivningar. Samstundes endra Finansdepartementet forskrift av 19. november 1999 nr 1158 § 12-13-6 andre ledd fyrste punktum. Idet sistnemnde vedtak visar til § 12-13-10 (2), innførte ein eit unntak frå regelen om at eignelutar ført på samlesaldo skal verdsetjast etter same verdsetjingsmetode.

Etter endringa i § 12-13-10 (3) kan varer verdsetjast til rekneskapsmessig verdi, dersom skattytar kan dokumentere at rekneskapsmessig verdi er lagt til grunn som utgåande verdi for varene i inntektsåret 1999. Etter endringa i § 12-13-10 (4) kan kundekrav verdsetjast til rekneskapsmessig verdi med verknad for inngåande verdi for inntektsåret 2000, dersom slik verdsetjing er valgt for inntektsåret 1999. For inntektsåret 2000 må utgåande verdi for alle kundekrav verdsetjast til skattemessig verdi.

Postane 5.10 - 5.12 er nye og gjeld fordeling mellom ektefellar når dei driv felles bedrift, begge er aktive i føretaket, og dei krev positiv utrekna personinntekt fordelt mellom seg. Er det ikkje lønnsfrådrag i føretaket, kan det gjennomførast ei felles utrekning for ektefellane der beløpet i post 7.12 blir fordelt. Er det lønnsfrådrag i føretaket, må det gjennomførast ei separat utrekning for kvar av ektefellane. Eige namn og fødselsnummer skal opplysast i post 5.11. Eigen prosentvis del i felles bedrift med ektefelle, skal ein oppgi i post 5.12 og overføre til post 7.3, jf også post 7.10. For meir informasjon viser ein til "Rettleiing til utfylling av skjema for utrekning av personinntekt" RF-1225, postane 4 og 5.10 - 5.12.