Pressemelding

Søk om lønnsstøtte for januar og februar frå 18. mars

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Frå 18. mars kan arbeidsgivarar søkje om lønnsstøtte for januar og februar 2022. Søknadsportalen opna 10. februar for søknader for desember 2021. No opnar vi i tillegg for søknader om lønnsstøtte for januar og februar tidlegare enn planlagt.

– Det vil vere ein fordel for arbeidsgivarar å sende søknader inn så raskt som mogleg. Jo fortare vi får søknader, jo raskare kan vi saksbehandle og utbetale, seier seksjonssjef Gunn Åse Albinson i Skatteetaten.

lonnsstotte.no finn arbeidsgivarar informasjon om ordninga og vilkår for å motta lønnsstøtte.

Fakta om lønnsstøtteordninga:

  • Lønnsstøtteordninga gjeld skattepliktige føretak som har fall i omsetning grunna smitteverntiltak, og ordninga skal bidra til at tilsette ikkje permitterte. Dersom bedrifta har iverksett permitteringar av tilsette, heilt eller delvis, frå og med 1. desember, fell bedrifta ut av ordninga.

  • Unntaket er dersom bedrifta har tatt tilbake alle permitterte tilsette seinast 23. desember 2021. Då kan bedrifta søkje. Det vert ikkje gitt støtte for den tida dei tilsette var permitterte utover lønnspliktperioden.

  • Bedrifta må ha eit omsetningsfall på minimum 20 prosent i støttemånadene desember 2021, januar 2022 og februar 2022, samanlikna med tilsvarande månad to år tidlegare, eller samanlikna med gjennomsnittleg månadleg omsetning for oktober og november 2021. Bedrifta vel sjølv kva for referanseperiode som skal brukast for å berekne omsetningsfallet.

  • Bedrifter kan få inntil 40.000 kroner per månad i støtte per tilsett og inntil 15.000 kroner per månad per lærling.

  • Skatteetaten har både maskinelle og manuelle kontrollar før utbetaling. I tillegg til eige kontrollarbeid, har også Skatteetaten eit nært samarbeid med Økokrim, politidistrikta og andre offentlege etatar som NAV, Tolletaten, Arbeidstilsynet og dei sju A-krimsentera.